68°23′33″N 14°33′09″E / 68.39250°N 14.55250°E / 68.39250; 14.55250 Grunnførfjorden er ein fjord på nordsida av Austvågøy langs grensa mellom Vågan og Hadsel kommune i Nordland.
Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørover til Hopen, ei lita vik i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Basaneset i nord og Delpneset i sør. Ved innløpet i nord ligg òg grenda Grunnfør, som fjorden er kalla opp etter, medan grenda Delp ligg på sørsida. Inst i fjorden på austsida ligg grenda Grunnførfjord. Midt i fjorden ligg Storholmen og her kryssar Fv888 fjorden via to vegfyllingar. Berre ein liten opning på vestsida av holmen gjev innløp vidare innover i fjorden.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Grunnførfjorden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.