Georg Andersen

Georg Arnfinn Andersen (fødd 7.

januar">7. januar 1963) er ein norsk politimann og tidlegare kulestøytar og diskoskastar frå Arendal. Han vann bronsemedaljen i kulestøyt under EM i friidrett 1990. Mellom 1987 og 1995 vart han fire gongar noregsmeister i kulestøyt, både i 1988 og 1990 fekk han kongepokalen for beste prestasjon under meisterskapen. I sine år som friidrettsutøvar representerte han både Idrettsklubben Grane, Idrettsklubben Tjalve og Urædd. Han er far til friidrettsutøvaren Stian Andersen.

Georg Andersen

Georg Andersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1963 (61 år)
Arendal
Idrett friidrett, kulestøyt
Tok del i

Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Kongepokal, Kongepokal

Aktiv

Andersen deltok i fleire internasjonale meisterskap frå 1986 av. Etter gode plasseringar i innandørsmeisterskap, tok han bronsemedaljen under EM i friidrett i Split på seinsommaren 1990. Med eit kast på 20,71 m var han nær sitt toppnivå og kunne lite gjere med austtyskarane Ulf Timmermann og Oliver-Sven Buder.

Under VM i friidrett 1991 i Tokyo vart Andersen tildelt sølvmedaljen i kulestøyt, men mista medaljen då han testa positivt for doping. Den positive testen på anabole steriodar kom etter ei prøve han gav over ein måned før VM-tevlingane i Tokyo.

Han gjorde comeback etter at utestenginga var over og kvalifiserte seg til VM i Göteborg i 1995, men makta ikkje kvalfisere seg til finalen. Etter 1996-sesongen la han opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

  • EM 1986: Nr 10 i kulestøyt
  • OL 1988: Nr 10 i kulestøyt
  • EM 1990: Bronsemedalje i kulestøyt
  • VM 1991: Diskvalifisert frå sølvplass i kulestøyr
  • EM 1995: Utslått i kvalifiseringa

Medaljar norske meisterskap

  • 1983: Bronse i diskos
  • 1984: Bronse både i kule og i diskos
  • 1985: Sølv i diskos
  • 1986: Sølv i diskos og bronse i kule
  • 1987: Gull i kule og bronse i diskos
  • 1988: Gull i kule; kongepokal for vinnarstøytet på 20,63 m
  • 1989: Sølv i kule
  • 1990: Gull i kule; kongepokal for vinnarstøytet på 20,80 m
  • 1995: Gull i kule

Sin personlege rekord i kulestøyt på 20,86 meter sette Andersen i Malmö i 1990, men innandørs har han støytt 20,98 m. Hans pers i diskoskast er på 62,10 meter og frå 1986.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • «Georg Andersen» (på engelsk). olympedia.org. Henta 23. februar 2023. 
  • (en) Georg Andersen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Tags:

Georg Andersen AktivGeorg Andersen KjelderGeorg Andersen BakgrunnsstoffGeorg Andersen19637. januarArendalEM i friidrett 1990Idrettsklubben TjalveKulestøytar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SveitsEgyptJoni Mitchell1921Asbjørnsen og MoeGiordano BrunoDon DixonGeotermisk gradientMonsterProsit12Gerda GreppDag-Eilev FagermoMobilapplikasjonElton John26SunnhordlandsdialektInflasjonApostrofArabiskKroatiaAngolaNilenTorremolinos1959AbyssinarHotel California98Pierre i Sør-DakotaBørud-gjengenDen franske revolusjonenKokepunktBjarte TjøstheimBrå stratosfærisk oppvarmingEikefjordGrunnstoffliste etter namnAndre verdskrigenMellomalderenKlassekampenIALA maritime bøyesystemLUnixFrankrikeMidthavsrygg8SvastikaPresident i FinlandOsloPeruRussland77StarePolarlysHuntsville i AlabamaMexicoNorrøntTsjetsjeniaVPilfinkJordaOrrfuglKilowattSexyAfghanistanAngkor VatArne Henning ÅrskaugStavanger kommune27-årsklubbenStankelbeinJonsokNazismeAn-MagrittLibanon🡆 More