Idrettsklubben Tjalve er eit friidrettslag i Oslo.
Laget vart skipa i 1890, og er det eldste friidrettslaget i Noreg.
I hovudsak er Idrettsklubben Tjalve eit lag for elite- og seniorutøvarar, og samarbeider difor med Idrettslaget Koll på Nordberg i Oslo om friidrettstilbodet til born og ungdom.
Frå 1923 har Tjalve arrangert den årlege Holmenkollstafetten. Saman med dei to idrettslaga Sportsklubben Vidar i Oslo og Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo (eit særlag under Bondeungdomslaget i Oslo) er Tjalve med i Bislett Alliansen, eit samarbeidsorgan som står for det årlege friidrettsstemnet Bislett Games på Bislett stadion i Oslo.
Namnet Tjalve er henta frå Gylfaginning i Snorre Sturlasons Edda. Snorre fortel her om korleis dei to bondeborna Tjalve og Roska vart den norrøne guden Tors tenarar, og at Tjalve deretter måtte løpe om kapp med jotunen Utgards-Lokes eigen tanke, personifisert som ein liten fyr med namnet Huge. Men Tjalve tapte sjølvsagt for han, for tanken flyg kjappast av alt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article IK Tjalve, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.