Fôrsukkerbete, ofte berre kalla fôrbete eller bete, er ein plantekultivar frå beteslekta danna av kryssing mellom fôrbete og sukkerbete.
Det finst ei rekkje overgangsformar mellom varietetane i høve til storleik, farge, form, stoffinnhald og veksemåte. Fôrsukkerbetar blir typisk dyrka til fôr, til dømes til hest eller storfe.
Rotknollen til fôrsukkerbete er typisk halvlang med kvit kjøtfarge og gult eller raudleg skal. Tørrstoffprosenten til fôrsukkerbeten er lågare enn i sukkerbete, men høgare enn i vanleg fôrbete. Nokre stader, som i Damark, har dyrking av fôrsukkerbete meir eller mindre fortrengd dyrkinga av fôrbete.
Fôrbete er opphavsforma til sukkerbete, og dei to formene krysser seg lett til fôrsukkerbetetypar. Vitskaplege namn for fôrsukkerbeten er Beta vulgaris subsp. vulgaris (Altissima-gruppa, Semisaccharifera-undergruppar) eller Beta vulgaris var. altissima f. semisaccharifera
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fôrsukkerbete, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.