Furlong er ei eldre måleining for lengd, som vart brukt i engelsktalende land.
Ein furlong er lik ein åttandedels mile, eller 220 yards. Eininga er no stort sett gått ut av bruk, unntatt innan hesteløp, der han enno er i bruk i Storbritannia, Irland, Canada og USA.
Nytta av furlong går tilbake til 800-talet, og kanskje tidlegare. Ein furlong var opphavleg lengda av ei plogfure (gammalengelsk: furh) på ein åker. Flatemålet «acre» vart skildra som eit rektangel med lengd på 1 furlong og breidde på 1 chain (22 yards).
Sidan eininga ikkje er i bruk til presisjonsmåling har det ikkje vore behov for å definere han nærare. Fem furlong tilsvarar omtrent ein kilometer. Samanlikninga med andre måleininga:
1 furlong = 10 chain = 220 yard = 660 fot = 7 920 tomme = 201,168 meter.
1 engelsk mil = 8 furlong = 80 chain = 320 rod = 8 000 link.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Furlong, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.