Mile

Mile er ei måleining for lengd som blir brukt i nokre engelsktalande land.

    Denne artikkelen handlar om måleininga. For for den eldre nemninga for kjernefysisk reaktor, sjå kjernereaktor.

Ho svarar til rundt 1.609 meter på land og 1.852 meter til sjøs og i lufta.

Mile
Amerikansk milestein.

Eininga har opphav i Romarriket. Der målte ein lengd i dobbelsteg, det vil seia to steg tekne av ein gjennomsnittleg romersk soldat. Tusen slike steg, mille passus, utgjorde om lag 1.479 meter. Langs vegnettverket dei laga, sette romarane opp milesteinar for kvart tusande steg for å visa avstanden til Roma. Desse steinane blei kalla milliarium.

Då Romarriket fall, stod steinane igjen. Dei blei etter kvart tekne i bruk av nye herskarar, saman med ei eller anna form av eininga. Det norske ordet mil kjem òg opphavleg frå romarane sine tusen skritt.

Tags:

EngelskLengdMeter

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TutankhamonDeAnna PriceMount EverestOlivettiNazismeStand by MePave Johannes Paul IRingdrottenHumleRoger KjendalenKopparWorld of Music, Arts and DanceMusikkgruppa GåteSikhismenDen sørlege vasslangenQueenMaud av NoregNikita KhrusjtsjovOverarmsbeinDu FuMP3Vegard UlvangArne Kjell LarsenEyvind JohnsonLonely and BlueTeenage Mutant Ninja TurtlesSamisk historieStorbritanniaSymbolHumphrey BogartColombiaDen romerske republikkenImperialismePakistanNynorskSusanne SundførIsbreWikimediaPeter ŠťastnýWikiFilmserien Harry PotterKarl XII av SverigeNautisk milWayback MachineDei fem K-ane i sikhismenInternettTørkeFylkesveg 751Elvis PresleyAlmFlåklypa Grand PrixValutaHjortAndHotel CaliforniaListe over primtalHovudsideNoregMarie CurieSilvestre y La NaranjaLuftfartøyVåren av Aasmund Olavsson VinjeAlaskaOlivia RodrigoKaptein Sabeltann21. januarDet tredje riketBodø kommuneErnst Josephson20. aprilBizkaiaStrategispelHaikuTidvatnNordsamiskStril🡆 More