Frederiksborghest

Frederiksborghest eller frederiksborgar er ein dansk hesterase.

Frederiksborghest
Dansk frederiksborghest
Foto: Pia Gaarslev

Raseskildring

Frederiksborghesten er ein allsidig køyre- og ridehest. Alle fargar og avteikn er tillatne, og mankehøgda ligg som regel mellom 160 og 169 cm.

Historie

Etter at den danske kongen Fredrik II skaffa seg Hillerødholm (seinare Frederiksborg) vart det sett i gang stutteridrift på staden. Sonen Christian IV var særs interessert i hesteavl og han kjøpte mellom anna inn spanske hingstar. Det var Christian IV som sette i gang stutteriadministrasjonen på Frederiksborg. Frederiksborghesten er den eldste av nasjonalhesterasane til Danmark, og ein av verdas eldste stambokførte husdyrrasar. I lang tid var frederiksborgarhesten mykje etterspurt i Europa, og mange hestar vart seld utanlands. Frederiksborg-stutteriet var i drift fram til 1876. Stutteriet vart til slutt nedlagt ettersom rasen fekk problem med sjukdom grunna få individ og innavl.

Etterkommarar av hestane frå Frederiksborg levde vidare på landsbygda, særleg på [Bornholm]. Andre rasar, mellom anna jysk hest, oldenburgar, engelsk fullblodshest og tysk trakhenar vart kryssa inn. Etterkommarane til desse hestane er frederiksborgaren slik vi kjenner han i dag, ein litt større og tyngre hest enn den gamle typen.

Førekomst

I dag er det registrert omkring 2000 frederiksborghestar. Om lag 200 hopper og 40 hingstar vert nytta i avl, og der fødast litt under 100 føl i året. Sjølv om den opphavlege frederiksborghesten er sjeldan i dag, lever blodslinjene vidare i danske varmblodsridehestar og andre hestetypar der frederiksborgarhest har blitt kryssa inn.

Bruk

Frederiksborghesten vart opphavleg avla fram til både ride- og køyrehest.

Kjelder

Tags:

Frederiksborghest RaseskildringFrederiksborghest HistorieFrederiksborghest FørekomstFrederiksborghest BrukFrederiksborghest KjelderFrederiksborghestDanmarkHest

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Puffa risFredrik IX av DanmarkGoogle ChromeAn-MagrittKommunevåpen i NoregLove Me av Buddy HollyEtikkKristopher SchauKelly ClarksonWayback MachineJonas Gahr StøreHandball-VM 2015 for mennBlyantkvessarØresundbruaFamily GuyLavSkjæltorsdagChampions LeagueSionistDorsetMolde kommuneFlåklypa Grand PrixMatÅrhusMikhail GorbatsjovMark KnopflerSvartedauenVest-TysklandSalhusRobbie WilliamsLipsíOpplettGolden HeartJesusCanterbury sceneNormandieVerdshandelsorganisasjonenTønsberg kommuneSin-ørkenenAnarkokapitalismeSvalbardtraktatenPortalDaddelKari SvendsenDoggerbankNordahl Grieg videregående skoleLitauenYNasjonalrettVulvaLangfredagsfjæreCristiano RonaldoHjortetakksaltSandsøya i SandeHundre års ensomhetPåskeeggHerpes simplexvirusBodø kommuneDraco MalfangDet osmanske riketNato-alfabetetCataloniaJesu sju ord på krossenNovo Selo i regionen SøraustMeisefamilienJannitsáSteven WeinbergBolsjevikLemmingBrown Eyed Handsome ManJørn Lier HorstNibiruFreddie Mercury🡆 More