Fred Astaire, fødd Frederick Austerlitz (10.
mai">10. mai 1899–22. juni 1987) var ein nordamerikansk filmskodespelar, scenedansar og songar.
Fred Astaire | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. mai 1899 Omaha |
Død | 22. juni 1987 (88 år) |
Yrke | filmskodespelar, koreograf, songar, dansar, filmprodusent, musikar, manusforfattar, teaterskodespelar, stemmeskodespelar, programleiar, fjernsynsskodespelar, plateartist, skodespelar |
Språk | engelsk |
Høgd | 177 centimeter |
Politisk parti | Det republikanske partiet i USA |
Medlem av | American Theatre Hall of Fame |
Far | Fritz Austerlitz |
Mor | Ann Astaire |
Ektefelle | Phyllis Livingston Potter, Robyn Smith |
Fred Astaire på Commons |
I 1917 dansa han på Broadway i New York med søster si Adele som partnar. Dei to braut gjennom i 1918 og vart svært populære i både London og New York kor dei var med i musikalar som Lady Be Good (1924) og The Band Wagon (1931). Då søster Adele Astaire trekte seg tilbake frå dansen for å gifta seg i 1932, reiste Fred til Hollywood.
Fred Astaire debuterte som filmskodespelar i Dancing Lady (1933); her hadde han ei lita rolle som seg sjølv. I filmen Flying Down to Rio (1933) starta det svært så suksessfulle samarbeidet Astaire hadde med Ginger Rogers.
Dette var starten på eit mangeårig samarbeid; dei to spelte saman i mellom andre filmane Top Hat (1935), Swing Time (1936) og Shall We Dance (1937).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fred Astaire, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.