Framkammer (latin atrium) er ein struktur i hjartet.
Det er eit kammer med tynne veggar som tek imot blod som kjem til hjartet. Blodet går frå framkammeret til hjartekammeret som pumpar det ut i kroppen. Alle dyr med eit lukka kretsløpssystem har minst eitt framkammer og eitt hjartekammer. Medan fisk har eit framkammer og eitt hjartekammer, har andre virveldyr to framkammer, og eitt eller to hjartekammer.
Menneskehjartet har fire kammer. Høgre framkammer tek imot blod med lågt oksygeninnhald frå øvre og nedre holvene og koronarsinus. Stundom kjem det også vener frå levra rett inn i høgre framkammer. Frå dette framkammeret går blodet gjennom trikuspidalklaffen til høgre hjartekammer, som pumpar blod til lungene. Venstre framkammer tek imot blod med høgt oksygeninnhald frå lungevenene. Frå dette framkammeret går blodet gjennom mitralklaffen til venstre hjartekammer som pumpar blod ut i kroppen (unnateke lungene).
Hos fosteret er det ei direkte forbinding mellom framkammera, gjennom klaffen foramen ovale.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Framkammer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.