Foster (av norrønt fóstr) er avkom som ikkje er fødd eller klekt ennå, og som ligg verna i morslivet eller i eit egg.
Innan embryologi reknar ein embryoet som foster i det siste utviklingsstadiet. Hjå menneske vil dette seia frå tredje månad i svangerskapet til fødselen, eller frå veke 9 etter befruktinga.
Placentale pattedyr har ei morkake til kvart foster som utveksler næring og avfallsstoff med mora. Hjå pungdyr, som ikkje har ei slik morkake, blir avkommet fødd etter eit svært kort svangerskap og fortset utviklinga som ein fosterliknande joey i pungen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Foster, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.