Forrest Gump er tittelen på ein roman frå 1985, skriven av Winstoon Groom, og ein film med same namn frå 1994.
Forteljinga handlar om Forrest Gump som trass i avgrensa intelligens oppnår å verte toppidrettsmann, krigshelt og framgangsrik forretningsmann, sjølv om det han eigentleg vil er at den store kjærleiken hans, Jenny, skal ha det bra.
Filmen om Forrest Gump skil seg frå boka i stor grad. Han skildrar livet til ein enkel mann i møte med viktige historiske hendingar og personar. Filmen blei regissert av Robert Zemeckis med Tom Hanks i hovudrolla. Han vann til saman 6 Oscar-statuettar, mellom andre for beste film, beste mannlege skodespelar og beste regissør, men også for beste filmmusikk. Filmmusikken vart komponert av Alan Silvestri. I Noreg fekk filmen Amandaprisen for beste utanlandske film. Den norske omsetjinga av boka, gjort av Torstein Bugge Høverstad, kom ut på norsk på Hjemmets bokforlag same året som filmen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Forrest Gump, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.