Florian Siegl (fødd i 1977) er ein tysk språkforskar som har spesialisert seg på samojediske og samiske språk.
Florian Siegl | |||
Yrke | forfattar, vitskapsperson |
---|
Siegl gjekk på gymnas i Traunstein i den tyske delstaten Bayern og bestod Examen artium i 1996. Frå 1997 til 2004 studerte han nordiske og finsk-ugriske språk ved Ludwig-Maximilians-universitetet i München, Åbo universitet, Åbo Akademi og Universitetet i Tartu. Han har mastergrad i finsk-ugrisk frå Universitetet i Tartu med eit verk om historisk morfologi i permisk (2004) og doktorgrad i same fag og ved same universitet med ein grammatikk om enetsisk (2011). I 2013 publiserte han ein moderne og omfattande grammatikk over enetsisk som byggjar på denne avhandlinga.
Siegl arbeider med deskriptiv lingvistikk, lingvistisk antropologi og språktypologi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Florian Siegl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.