Fever Av Little Willie John

«Letter From My Darling»

Fever
Singel av Little Willie John
B-side

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1956
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:40
Selskap King 4935
Komponist Otis Blackwell, Eddie Cooley
Tekstforfattar Otis Blackwell, Eddie Cooley
Låtskrivar(ar)
  • Eddie Cooley
  • John Davenport
Produsent Henry Glover
Little Willie John-kronologi 
«Need Your Love So Bad»
(1955)
Fever «Do Something for Me»
(1956)


«Fever» er ein song skriven av Eddie Cooley og Otis Blackwell, under pseudonymet John Davenport. Han vart først spelt inn av den amerikanske R&B-songaren Little Willie John i 1956 og gjeve ut på singel i april det året. Songen nådde toppen av Billboard R&B Best Sellers-lista i USA og 24. plassen på Billboard Hot 100. Han fekk positiv omtale av musikkpressa og finst på fleire lister over dei beste songane som kom ut på den tida.

Songen er blitt spelt av mange andre artistar innan mange forskjellige sjangrar, mellom anna av Peggy Lee som har den mest kjende versjonen av «Fever» og som har blitt signaturlåten hennar. Lee-versjonen har ein noko omskriven tekst og eit litt annleis musikalsk arrangement. Han nådde topp 5 i Storbritannia og Australia i tillegg til topp 10 i USA og Nederland. «Fever» vart nominert i tre kategoriar under den første Grammyprisutdelinga i 1959, mellom anna for årets singel og årets song.

Andre kjende versjonar av «Fever» er gjort av Elvis Presley, The McCoys, La Lupe, Beyoncé og Madonna. Madonna gav ut songen på singel frå det femte albumet sitt, Erotica (1992) i mars 1993 gjennom Warner Bros. Singelen toppa listene i Finland og Hot Dance Club Songs i USA i tillegg til topp 50 i mange andre land.

Bakgrunn og mottaking

Ideen til «Fever» vart presentert for Otis Blackwell av ein gammal ven, Eddie Cooley, som i 1956 hadde ein hit med songen «Priscilla». Blackwell sa: «Eddie Cooley var ein ven av meg frå New York og han ringde meg og sa 'Eg har ein ide til ein song kalla 'Fever', men eg klarar ikkje å skriven han ferdig'. Eg måtte skrive songen under eit anna namn, fordi eg på den tida framleis hadde kontrakt med Joe Davis.» Little Willie John mislikte visstnok songen, men vart overtalt til å spele han inn, den 1. mars 1956, hos King Records-eigaren Syd Nathan og arrangert og produsert av Henry Glover. «Fever» er ein soul- og rhythm and blues-song i moll med eit arrangement som består av ein låg saksofon spelt av Ray Felder og Rufus «Nose» Gore og ein jazzgitar av Bill Jennings. Vokalstilen til Willie John liknar på stønning og vert akkompagnert av knipsing. Bill Dahl frå nettsida AllMusic skreiv om ein kontrast mellom det «skumle» arrangementet i songen og vokalen og knipsinga som «letta stemninga noko».

«Fever» vart gjeven ut på singel i april 1956 som ei dobbel A-side med R&B-songen «Letter from My Darling». «Fever» nådde førsteplassen på Billboard R&B Best Sellers-lista i USA og låg der i tre veker frå 21. juli 1956. Han gjekk òg inn på poplista og nådde 24. plassen på Billboard Hot 100. Songen har seld ein million eksemplar i USA. I ei melding skreiv Robert Christgau at Willie John sin «Fever» var ein særs «heftig» song. Magasinet NME kåra «Fever» til den 96. beste songen frå 1950-åra. På lista si The 1001 Greatest Singles Ever Made i 1989, rangerte kritikaren Dave Marsh «Fever» på 109. plassen. Songen kom ut på samlealbuma Fever: The Best of Little Willie John (1993) og The Very Best of Little Willie John (2001).

Peggy Lee-versjonen

Fever
Singel av Peggy Lee
frå albumet Things Are Swingin'
B-side

«You Don't Know»

Språk engelsk
Utgjeve Juni 1958
Sjanger Jazz
Lengd 3:21
Selskap Capitol 3998
Komponist Otis Blackwell, Eddie Cooley
Tekstforfattar Otis Blackwell, Eddie Cooley
Låtskrivar(ar)
  • Peggy Lee (tekst)
  • Eddie Cooley (tekst)
  • John Davenport (tekst)
  • Cooley (musikk)
  • John Davenport (musikk)
Peggy Lee-kronologi 
«Joey, Joey, Joey»
(1956)
Fever «Light of Love»
(1958)


Bakgrunn og komposisjon

I mai 1958 spelte Peggy Lee inn sin versjon av songen i Hollywood, med ein omskriven tekst av Lee sjølv. «Fever» kom ikkje med på Lee-albumet Things Are Swingin' då dette kom ut i 1959, men kom ut som eit bonusspor på ei nyutgjeving i 2004. Den omskrivne teksten til Lee inneheld historiske hendingar (der versa byrjar med «Romeo loved Juliet,» og «Captain Smith and Pocahontas») som i dag vert rekna som ein standarddel av songen, og som er blitt nytta i dei fleste innspelingane av «Fever».

Lee-versjonen, som truleg vart arrangert av ho sjølv (trass i at arrangøren offisielt var dirigenten Jack Marshall) var ein meir langsam versjon enn originalen,, og er blitt skildra å ha ei «sentimental bar»-stemning, berre akkompagnert av bass (spelt av Joe Mondragon) og minimalt med trommer (hovudsakleg spelt med fingrane av Shelly Manne), medan knipsinga vart gjort av anten songaren sjølv, Howard Roberts, som var gitaristen hennar, eller produsenten Dave Cavanaugh. Lee-utgåva vart vidare skildra som «glatt, uanstendig». Han vart skriven i a-moll med eit mellomraskt swingtempo på 135 slag i minuttet. Vokalen til Lee strekkjer seg frå G3 til H4.

Mottaking

Ein skribent på nettsida NPR kalla «Fever» «den mest minneverdige melodien» til Lee og meinte han var «smygande og uetterlikneleg». Han skreiv òg at songen synte eigenskapar som òg skildra songaren – «den leikne leveringa, karismaen og seksualiteten».

Lee-versjonen nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 i USA og låg i alt 12 veker inne på lista. Han nådde femteplassen på UK Singles Chart der han først gjekk inn 15. august 1958. Ei nyutgjeving av singelen gjekk inn på den britiske lista igjen i 1992, då ei veke på 75. plassen. Andre stader i Euroap nådde Lee sin «Fever» åttandeplassen på den nederlandske singellista. Songen nådde òg andreplassen på den australske singellista og vart den 20. bestseljande singelen i landet i 1958.

Han vart nominert i kategoriane årets singel, årets song og årets beste kvinnelege song under den først Grammyprisutdelinga i 1959. Lee sin versjon av «Fever» vart signaturlåten og den mest kjende songen hennar. Han vart rangert på 100. plassen i boka 1001 Songs You Must Hear Before You Die av Robert Dimery. Joey Cohn rangerte songen som den tiande beste jazz-vokalsongen på ei liste over 50 songar på NPR.

Lister

Originalversjonen
Lister (1958) Plassering
Australia (Kent Music Report) 2
Nederland (Mega Single Top 100) 8
UK Singles (Official Charts Company) 5
US Billboard Hot 100 8
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard) 5
Nyutgjeving
Lister (1992) Plassering
UK Singles (Official Charts Company) 75
Årslister
Lister (1958) Plassering
Australia (Kent Music Report) 20
US Billboard Hot 100 76

Madonna-versjonen

Fever
Singel av Madonna
frå albumet Erotica
Språk engelsk
Utgjeve 6. mars 1993
Innspelt
  • 15. august 1992;
  • Sound Works Studio
  • (Astoria, New York)
Sjanger
Lengd 5:00
Selskap
Komponist Otis Blackwell, Eddie Cooley
Tekstforfattar Otis Blackwell, Eddie Cooley
Låtskrivar(ar)
  • Eddie Cooley
  • John Davenport
  • Peggy Lee (ikkje oppført)
Produsent
Madonna-kronologi 
«Bad Girl»
(1993)
Fever «Rain»
(1993)


I 1992 spelte den amerikanske songaren og låtskrivaren Madonna inn ein versjon av «Fever» for det femte studioalbumet sitt, Erotica. Ho var produsent på songen i lag med Shep Pettibone. Madonna var i studio og hadde nettopp spelt inn ein song kalla «Goodbye to Innocence». Ho var i ferd med å gjere songen ferdig då ho brått byrja å syngje teksten til «Fever» over «Goodbye to Innocence». Madonna likte måten det høyrdest ut og spelte dette inn. «Goodbye to Innocence» vrt aldri gjeve ut på eit Madonna-album, men kom ut på Just Say Roe, eit veldedig album, og ein dub-miks av denne kalla «Up Down Suite» var eit bonusspor på singelen «Rain». I september 2008 vart Madonna-versjonen av «Fever» nytta i marknadsføringa av femte sesongen av Desperate Housewives.

Sjølv om «Fever» aldri vart gjeven ut på singel i USA, vart han ein dance-hit, og vart den 15. songen til Madonna som nådde toppen av Billboard Hot Dance Club Play. Dette skjedde veka 15. mai 1993. I Storbritannia debterte songen på sjetteplassen på UK Singles Chart i veka 3. april 1993. Han nådde toppen av den finske singellista 15. april 1993. I Irland nådde songen sjetteplassen, og han nådde listene fleire stader i Europa.

Musikkvideoen til «Fever» vart regissert av Stéphane Sednaoui, og vart filma 10. og 11. april 1993 i Greenwich Studios i Miami, og vart send på MTV første gongen 11. mai det året. Han har sidan kome ut på DVD-samlinga The Video Collection 93:99.

Madonna framførte «Fever» og «Bad Girl» på Saturday Night Live i januar 1993. Madonna framførte òg «Fever» på turneen hennar i 1993, Girlie Show World Tour.

Lister

Vekeslister
Liste (1993) Plassering
Australia (ARIA) 51
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 22
Finland (Suomen virallinen lista) 1
Frankrike (SNEP) 31
Irland (IRMA) 6
Italia (FIMI) 12
New Zealand (RIANZ) 17
UK Singles (Official Charts Company) 6
US Hot Dance Club Songs (Billboard) 1
Årslister
Liste (1993) Plassering
Italia (FIMI) 67
US Hot Dance Club Songs (Billboard) 44

Beyoncé-versjonen

Fever
Song av Beyoncé
frå albumet Heat
Utgjeve 8. februar 2010
Sjanger
Lengd 3:32
Selskap Columbia
Komponist Otis Blackwell, Eddie Cooley
Tekstforfattar Otis Blackwell, Eddie Cooley
Låtskrivar(ar)
  • John Davenport
  • Eddie Cooley
  • Peggy Lee (ikkje oppført)
Produsent
  • Chink Santana
  • Beyoncé Knowles

Den amerikanske songaren Beyoncé spelte inn ein versjon av «Fever». Originalinnspelinga hennar av songen vart nytta i filmen The Fighting Temptations i 2003, der ho òg spelte hovudrolla. Beyoncé-versjonen vart produsert av Damon Elliott og spelt inn medan ho arbeidde med innspelinga av filmen Austin Powers in Goldmember i 2002. Elliott føreslo at ho kunne spele inn «Fever» sidan det var ein av favorittsongane hans.

Beyoncé framførte «Fever» på The Tonight Show with Jay Leno den 17. september 2003 for å marknadsføre The Fighting Temptations. Ho spelte òg songen på den første soloturneen hennar, Dangerously in Love Tour, og songen kom i 2004 ut på konsertalbumet Live at Wembley, som vart filma under ein konsert i London. Beyoncé-versjonen kom ut på Speak My Mind i 2005.

Etter ho sleppte den første parfymen sin på marknaden, Heat, spelte Beyoncé inn ein ny versjon av «Fever» for å marknadsføre parfymen. Den nyinnspelte versjonen frå 2010 vart produsert av Chink Santana og Beyoncé sjølv. Han vart tilgjengeleg for digital nedlasting på iTunes Store i USA den 8. februar 2010. Dagen etter kom songen ut i Storbritannia.

Andre versjonar

Elvis Presley gav ut ein versjon som var nesten identisk Lee-versjonen to år seinare, i 1960 på albumet Elvis is Back. Den britiske songaren Helen Shapiro spelte inn ein powerhouse-versjon av «Fever» i 1964. Versjonen hennar nådde 38. plassen på UK Singles Chart i januar det året. The Kingsmen gav ut ein versjon på debutalbumet deira The Kingsmen In Person i 1964. Paul Revere & the Raiders spelte inn songen for albumet Here They Come! i 1965. Seint i 1965 gav The McCoys ut ein versjon av songen «Fever», som hadde ein liknande rytme som den tidlegare hitten deira, «Hang On Sloopy». The McCoys-versjonen av «Fever» nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100 og 34. plassen på Den tyske singellista. I 1967 gav James Brown ut ein versjon av songen for albumet Cold Sweat. Musikkritikaren Robert Christgau meinte at å ta med «Fever» på dette albumet «lukta litt rart». La Lupe spelte inn songen på albumet Queen of Latin Soul i 1968. Versjonen hennar vart kjend verda over og Elizabeth Bougerol skreiv for NBCNewYork.com at dette var ein av «dei beste versjonane nokon gong» av «Fever» og at det var ein sjølvskriven song på mange boogaloo-festar. I 1972 spelte Rita Coolidge inn «Fever» for albumet The Lady's Not for Sale og vart ein liten hit for ho. Versjonen hennar nådde 76. plassen på Billboard Hot 100. Suzi Quatro spelte sin versjon av «Fever» på Your Mamma Won't Like Me i 1975. Dave Thompson frå AllMusic kalla versjonen hennar «lunken». Boney M.-albumet Take the Heat Off Me frå 1976 inneheld ein versjon av songen. Madleen Kane gav ut ein versjon i 1978 som nådde 19. plassen på Canadian Dance Chart.

Den indiske songaren Usha Uthup gav ut songen på albumet Usha In Nairobi i 1978. På debutalbumet Songs the Lord Taught Us i 1980, spelte The Cramps inn «Fever». Denne versjonen vart brukt i 2009 i komedien The Hangover. Under turneen deira i 1982 spelte den britiske gruppa The Jam songen i ein medley med sin eigen «Pity Poor Alfie» og Ray Charles sin «Hit the Road Jack». Ein studioversjon av dei to første i medleyen vart seinare gjeven ut i september 1982 som B-sida til singelen «The Bitterest Pill (I Ever Had to Swallow)». Amanda Lear sin versjon av «Fever» kom ut på singel i 1982. Ho song songen på fleire fjernsynsshow, som det tyske Ein Kessel Buntes og det italienske Premiatissima. Singelen selde derimot dårleg og gjekk ikkje inn på salslistene.

«Fever» er òg blitt spelt av Grateful Dead-gitarist Bob Weir. To av konsertalbuma til Wir, begge spelte inn seint i 1980-åra, inkluderte songen - Live (gjeve ut i 1998) og Fall 1989: The Long Island Sound (gjeve ut i 2013). Weir framfførte berre songen ein gong med Grateful Dead, den 13. september 1987 i Capital Centre i Landover i Maryland.

Ein versjon av songen med same musikk, men anna tekst, kalla «Pennant Fever», vart spelt inn av sju av spelarane på Chicago Cubs i 1969.

I 1993 spelte Tom Verlaine inn ein versjon av «Fever» for eit hyllestalbum for Otis Blackwell, Brace Yourself: A Tribute To Otis Blackwell. I 1995 gav den argentiske musikaren Charly García ut albumet Estaba en llamas Cuando me Acosté med ein versjon av «Fever». I 2003 gav Michael Bublé ut ein versjon av songen på debutalbumet sitt. Aaron Latham frå AllMusic rekna versjonen som eit høgdepunkt. I 2004 gav han ut eit konsertopptak av songen på Come Fly with Me. I 2004 spelte Kate Ceberano inn songen for albumet hennar 19 Days in New York.

I 2005 spelte Bette Midler inn ein Peggy Lee-versjonen for albumet hennar Bette Midler Sings the Peggy Lee Songbook. Han vart gjeven ut på singel 21. mars 2006. Midler framførte songen på Late Show with David Letterman. Gruppa Fishtank Ensemble spelte songen for albumet Woman In Sin i mai 2010. I 2012 spelte Barry Gibb «Fever» på ein konsert på Hard Rock Cafe i Miami i lag med sin eigen «Stayin' Alive» i eit tempo som følgde Lee-versjonen. Lulu Roman spelte ein versjon i 2013 for albumet At Last.

Versjonar av songen

  • 1956 - Little Willie John
  • 1956 - Sandra Meade
  • 1957 - Earl Grant
  • 1957 - Ray Peterson
  • 1958 - Peggy Lee
  • 1958 - Maureen Evans
  • 1958 - Kay Martin and Her Bodyguards
  • 1959 - Sam Butera and The Witnesses
  • 1959 - Frankie Avalon
  • 1959 - Frances Faye
  • 1959 - Norma Bengell
  • 1960 - Elvis Presley
  • 1961 - Pete Bennett & The Embers
  • 1961 - The Knockouts
  • 1961 - Frances Faye
  • 1961 - Emile Ford and The Checkmates
  • 1961 - Eddie Cooley
  • 1961 - Buddy Greco
  • 1961 - King Curtis (instrumental)
  • 1962 - Barbara English & The Fashions
  • 1962 - George Chakiris
  • 1962 - Ben E. King
  • 1962 - Henry Wright e il suo complesso
  • 1962 - Dee Clark
  • 1962 - Ann-Margret
  • 1963 - Dion
  • 1963 - Timi Yuro
  • 1963 - Terry Dene
  • 1963 - Dave and The Saints
  • 1963 - Conway Twitty
  • 1963 - Chubby Checker med Sy Oliver and His Orchestra
  • 1963 - Kenny Burrell, Jimmy Smith (instrumental)
  • 1963 - Coley Arnaz (instrumental)
  • 1964 - Herbie Mann (instrumental)
  • 1964 - Helen Shapiro
  • 1964 - Alvin Robinson
  • 1964 - Bobby Freeman
  • 1964 - Sarah Vaughan
  • 1964 - Betty Everett & Jerry Butler
  • 1964 - The Kingsmen
  • 1964 - Hildegard Knef
  • 1964 - Anki Lindqvist
  • 1965 - Les Croque-Notes
  • 1965 - The McCoys
  • 1965 - Quincy Jones and His Orchestra
  • 1965 - Dean Carter
  • 1965 - The Boogie Kings
  • 1965 - Paul Revere and The Raiders med Mark Lindsay
  • 1966 - Little Milton
  • 1966 - Tony Barber
  • 1966 - Bobby Bland
  • 1966 - The Ventures (instrumental)
  • 1966 - The T-Bones (instrumental)
  • 1966 - The 3 Sounds (instrumental)
  • 1966 - Sonny Stitt (instrumental)
  • 1967 - Johnny Watson (instrumental)
  • 1967 - Trini Lopez (instrumental)
  • 1967 - O.C. Smith
  • 1967 - James Brown & The Famous Flames
  • 1967 - The Hassles
  • 1967 - Nancy Sit
  • 1967 - La Lupe
  • 1968 - Buddy Guy
  • 1968 - Wanda Jackson
  • 1968 - Fever Tree
  • 1968 - Junior Wells
  • 1968 - Gene Rockwell
  • 1969 - The Nocturnes
  • 1969 - Patti Drew
  • 1970 - Certain Lion's & Tigers
  • 1970 - The Falcons
  • 1970 - Mongo Santamaría
  • 1970 - Carlo
  • 1970 - Ronnie Dyson
  • 1972 - The Manhattans
  • 1972 - Jim Bailey
  • 1972 - Junior Byles
  • 1972 - Rita Coolidge
  • 1973 - T-Bone Walker
  • 1973 - Frankie & Johnny
  • 1974 - James Cotton
  • 1975 - Diana Trask
  • 1975 - Suzi Quatro
  • 1975 - Takeshi Inomata
  • 1976 - Kevin Coyne
  • 1976 - Boney M.
  • 1976 - Peter Hollestelle
  • 1976 - Esther Phillips med Beck
  • 1977 - Per «Elvis» Granberg
  • 1977 - Rohdes Rockers
  • 1977 - Otis Blackwell
  • 1978 - Grace Kennedy
  • 1978 - Little Nell
  • 1978 - Chris Connor
  • 1978 - Madleen Kane
  • 1979 - Malcolm Galaxy
  • 1979 - Roy Ayers
  • 1979 - Isaac Hayes
  • 1979 - Link Wray
  • 1980 - The Cramps
  • 1980 - Sylvester
  • 1981 - Wojciech Gąssowski‎
  • 1982 - Amanda Lear
  • 1983 - Marine Girls
  • 1984 - The Neville Brothers
  • 1985 - Ginny Reilly
  • 1985 - The Delmonas
  • 1986 - Maree Montgomery
  • 1986 - Annabella
  • 1987 - Fuzzbox
  • 1988 - Powerhouse
  • 1988 - The Del Rubio Triplets
  • 1989 - Chaka Khan
  • 1989 - Joe Cocker
  • 1989 - Freddie Starr
  • 1989 - George Gakis
  • 1989 - Sumo
  • 1990 - Sonny Rodgers
  • 1990 - The Bobs
  • 1991 - Grace Knight
  • 1991 - H.U.G. The Blue Notes
  • 1992 - Cheryl Bentyne
  • 1992 - Madonna
  • 1992 - Chuck Brown og Eva Cassidy
  • 1992 - Ric Slagle
  • 1992 - Rosa Maria
  • 1993 - The God Machine
  • 1993 - Penny Ford
  • 1993 - Mark Harman
  • 1993 - Bon Jovi
  • 1993 - Anne Murray
  • 1994 - Tom Verlaine
  • 1994 - The Convertibles
  • 1995 - Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel
  • 1995 - Don Williams
  • 1995 - The Rationals
  • 1995 - Kate Dimbleby
  • 1996 - Shirley Horn
  • 1996 - Jeanie Bryson
  • 1996 - Guts!
  • 1996 - Reptile Palace Orchestra
  • 1996 - Sofia Laiti
  • 1996 - Michael Ball
  • 1996 - Tito Puente - India med Count Basie Orchestra
  • 1996 - The Paralyzers
  • 1996 - Kristin Korb med The Ray Brown Trio
  • 1996 - Dick Dale
  • 1997 - Cilla Black
  • 1997 - Hoel & Albrigtsen
  • 1997 - Kitty Margolis
  • 1997 - Sheila Landis & Rick Matle
  • 1997 - Carol Welsman
  • 1997 - Bob Weir, Rob Wasserman
  • 1997 - Duke Levine (instrumental)
  • 1997 - Boom Big Band dirigert av Robert Verelst (instrumental)
  • 1998 - Jumpin' Jimes
  • 1998 - Good Rockin' Tonight
  • 1998 - Lynda Jamison
  • 1998 - Tony Messina
  • 1999 - Little Mack Simmons
  • 1999 - Connie Evingson
  • 1999 - Carlos and The Bandidos
  • 1999 - Dawn Chubai
  • 1999 - Joe Sample med Lalah Hathaway
  • 1999 - Counterparts
  • 1999 - Steve Blackwood
  • 1999 - Zohra
  • 2000 - Bootleg Kings
  • 2000 - Ed Kuepper
  • 2000 - Kate Dimbleby & The Geoff Eales Trio
  • 2000 - Lisa Hindmarsh
  • 2000 - Arthur Lee Maye
  • 2000 - Nana Visitor
  • 2000 - Don Stiernberg (instrumental)
  • 2001 - Joe Augustine (instrumental)
  • 2001 - Joey Welz
  • 2001 - Denise King
  • 2001 - Pagans
  • 2001 - Bob Walsh
  • 2001 - Claudia Schmidt med The Jumpboys
  • 2002 - Aaron Sutcliffe
  • 2002 - Mountain
  • 2002 - Eva Cassidy
  • 2002 - High Five
  • 2002 - Natasha Miller
  • 2002 - Chantal Chamberland
  • 2002 - Achtung Spitfire Schnell Schnell
  • 2002 - Janet Seidel
  • 2002 - Julie Lendon Stone
  • 2002 - Dave's True Story
  • 2002 - Over the Rhine
  • 2003 - Michael Bublé
  • 2003 - Maria Muldaur
  • 2003 - Rigmor Gustafsson med Nils Landgren and The Fleshquartet
  • 2003 - Beyoncé
  • 2003 - Liane Carroll
  • 2003 - Nina Hagen & LeipzigBigBand
  • 2003 - Brenda Reed
  • 2003 - Laura Theodore
  • 2003 - Alan Merrill
  • 2003 - Crazy Crackers
  • 2003 - Molly Cheshire
  • 2003 - Jerry Grillo
  • 2004 - Heather Bishop
  • 2004 - Vanessa Vanhove
  • 2004 - Ray Charles med Natalie Cole
  • 2004 - Kate Ceberano
  • 2004 - Gwyneth Herbert
  • 2004 - Hubbas
  • 2004 - Gregor Hilden
  • 2004 - Anne Cochran
  • 2004 - Ciara Adams
  • 2004 - Celine Dion
  • 2004 - The Sessions Quartet (instrumental)
  • 2005 - Veronica Klaus
  • 2005 - Laura Welland
  • 2005 - Bette Midler
  • 2005 - G4
  • 2005 - Lucy Shropshire med The Brian Derek Trio
  • 2005 - Calabria Foti
  • 2005 - Lisa Boray
  • 2005 - Lezlie Anders og Buddy Greco med The UNLV Jazz Ensemble
  • 2005 - Lisa Addeo
  • 2005 - Danni Carlos
  • 2005 - Lindy Gravelle
  • 2006 - Pamela Luss
  • 2006 - The TCB Band & The Sweet Inspirations med Maarten Jansen
  • 2006 - Helene Lundstrom
  • 2006 - Brush Street med Julie Muladey
  • 2006 - Elisabeth Kontomanou
  • 2006 - Julian Yeo
  • 2007 - Sophie Milman
  • 2007 - Donny and Susan Trexler
  • 2007 - The Dynamics
  • 2007 - Project: Pimento
  • 2007 - The Lana Hawkins Jazz Quartet
  • 2007 - Denise Dale and the Hi Hat Club
  • 2007 - Thomas Snow (instrumental)
  • 2008 - Helmut Lotti
  • 2008 - Alana
  • 2008 - Halie Loren
  • 2008 - The Jive Aces
  • 2008 - Raymond Ellis
  • 2008 - Ricky Norton
  • 2008 - Gizzelle
  • 2008 - Beth McDonald
  • 2009 - The Tierney Sutton Band
  • 2009 - Éric Lapointe
  • 2009 - J.B.O.
  • 2009 - Joe Beck / Laura Theodore
  • 2009 - Blue Harlem
  • 2009 - The Raymen
  • 2009 - Jaimee Paul
  • 2009 - Caroline
  • 2009 - Blackburn
  • 2009 - The Acoustic Guitar Troubadours (instrumental)
  • 2009 - Doug Early (instrumental)
  • 2010 - Nicki Parrott
  • 2010 - Friðrik Ómar
  • 2010 - John Farnham
  • 2010 - Ingrid Kjosavik
  • 2010 - Ruby Wilson
  • 2010 - Alana Cahoon
  • 2010 - Larisa Dolina
  • 2011 - Laura Fygi
  • 2011 - Dick Annegarn
  • 2011 - Red Molly
  • 2011 - Bi-Cameral Mind
  • 2011 - Nick Baker
  • 2011 - Wade Tower
  • 2011 - Joanie Samra - Jesse Green
  • 2011 - Smoke Sellers
  • 2011 - Urban Method
  • 2011 - Herb Alpert & Lani Hall
  • 2011 - Beegie Adair (instrumental)
  • 2012 - Dana Land med Chris Amberger
  • 2012 - Pascale Picard Band
  • 2012 - Sue Moreno - Chris Casello
  • 2012 - Christine Hart
  • 2012 - Laura Osnes
  • 2013 - Lulu Roman
  • 2014 - Malia - Boris Blank
  • 2014 - Leon Russell
  • 2014 - Shirley Bassey
  • 2015 - Elvis Presley med The Royal Philharmonic Orchestra og Michael Bublé
  • 2016 - Liane Foly
  • 2016 - Petula Clark
  • Nancy Sit
  • Richard Marino and his Orchestra
  • Bernadette Peters
  • Paul Phillips and His Band
  • Doc Severinsen
  • Norma Benguell
  • Susan Cadogan
  • Brian Eno med the Winkies
  • Essence
  • Rob De Nijs
  • Los Shain's

Andre språk

Det finst to versjonar av songen på fransk. Den første, kalla «39 de fièvre» av Boris Vian. Denne er blitt framført av Gabriel Dalar i 1958, Caterina Valente og Jo Boyer et son orchestre i 1959 , Marie France i 1981, Betty & The Bops i 2002, Jenny Rock, Babette Bruneau og Georges Jouvin. Den andre franske versjonen heiter «Docteur», omsett og framført av Claude Nougaro i 1965. Denne versjonen er òg blitt framført av Térez Montcalm i 2015.

Det finst to tyske omsetjingar av songen, berre kalla «Fieber». Den første vart omsett av Peter Moesser og er blitt framført av Cindy Ellis i 1959 og Daliah Lavi i 1971. Den andre versjonen vart omsett av Fred Weyrich og framført av Joy Fleming i 1975.

Det finst tre nederlandske omsetjingar av songen, to av dei med tittelen «Liever». Den eine vart omsett av Hugo Matthysen og framført av Bart Peeters i 1989. Den andre vart omsett og framført av Amaryllis Temmerman i 2007. Den tredje versjonen heiter «Zever» og vart omsett av Robert Van 'T Groenewolt og Ive Gorris og framført av Schuppezot i 2007.

Bruno Lauzi skreiv og framført ein italiensk tekst til songen, kalla «Garibaldi» i 1965. Ein finsk versjon, kalla «Kuume» vart skriven og framført av Pave Maijanen i 1984. Ein svensk versjon kalla «Feber» vart skriven av Åke Gerhard og framført av Anne-Lie Rydé i 1994.

I andre media

Den 3. juni 1976 song Rita Moreno «Fever» i ein episode av The Muppet Show, med Animal på trommmer, der han spelar meir aggressivt enn naudsynt. Moreno tek til slutt to cymbalar og slår Animal i hovudet for å få han til å stoppe. Songen er blitt framført i mange andre filmar og TV-seriar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Fever Av Little Willie John Bakgrunn og mottakingFever Av Little Willie John Peggy Lee-versjonenFever Av Little Willie John Madonna-versjonenFever Av Little Willie John Beyoncé-versjonenFever Av Little Willie John Andre versjonarFever Av Little Willie John Versjonar av songenFever Av Little Willie John I andre mediaFever Av Little Willie John KjelderFever Av Little Willie John BakgrunnsstoffFever Av Little Willie John

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KrokketDen guddommelege komedieMånenInnsjøar i SverigeHovdyrPet SoundsEmmylou HarrisJerpeA Short HikeGraveugleWillie NelsonGeologiFin GnattDet Bergenske DampskibsselskabLimpopoFilmserien Harry PotterTime Out of MindBergen kommuneHarald EiaBrann StadionDraco MalfangKattLive at the BBC av Dire StraitsDen siste nattverdenPotenzaSamara oblastNibiruEurystomusStrynefjelletInstagramBritiske monarkarWarszawaRNovo Selo i regionen SøraustMeslingarFilmen Harry Potter og ildbegeretWe Will Rock YouHTMLPanterMaginotlinaWikimediaAn-MagrittThe Rolling StonesStrilAsker kommuneHal LindesAsbjørnsen og MoeMolde kommuneTriduumTidlegare kommunevåpen i NoregViktor OrbánStillebenNasjonaldagHotel Union ØyeOlympiske leikarAmazon.comLove Me av Buddy HollyMidtbanespelarBetongKnut den mektigeEtikkKjersti BergesenFilmjølkAlfons XIII av SpaniaAlbumet Hotel CaliforniaHeartbreak HotelSpesifikk gravitetAnne HoltEuropaVietnamIslamHelena Dam á NeystabøDet greske alfabetetIstriaKristopher SchauDoggerbank🡆 More