Cilla Black (fødd Priscilla Maria Veronica White, 27.
mai">27. mai 1943–2. august 2015) var ein britisk songar, skodespelar og medieperson. Etter The Beatles var ho ein av dei største artistane frå Liverpool, og den einaste kvinnelege artisten frå denne byen som slo gjennom. Ho fekk aldri noko gjennombrot i USA, men satsa på ein karriere i Storbritannia.
Cilla Black | |||
Cilla Black i Amsterdam i februar 1970. | |||
Fødd | 27. mai 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | i Liverpool | ||
Død | 2. august 2015 (72 år) | ||
Dødsstad | Marbella i Spania | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1963–2015 | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | EMI, Bell Records, Parlophone | ||
Verka som | songar, skodespelar, programleiar, musikar, songar-låtskrivar, game show-programleiar | ||
Gift med | Bobby Willis | ||
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen |
Som tenåring jobba ho i garderoben til den legendariske klubben The Cavern og fekk sjansen til å prøvesynga der. The Beatles-manageren Brian Epstein hjelpte henne i gang. Ho fekk det store gjennombrotet sitt med Burt Bacharach-låten «Anyone Who Had a Heart», som nådde førsteplassen på salslistene i Storbritannia. Oppfølgjaren «You're My World» gjekk òg til topps på listene. Blant Cilla Blacks største hittar sidan er «Alfie», «Don't Answer Me», «Love's Just a Broken Heart», «Surround Yourself with Sorrow», «Something Tells Me» og «I Couldn't Take My Eyes Off You». Paul McCartney og John Lennon gav henne nokon læt, og Paul McCartney skreiv ein låt til henne.
Frå slutten av 1960-talet var Black meir aktuell innan TV enn innan musikk. Ho presenterte underhaldningsprogrammet Cilla på BBC frå 1968 til 1976. Etter ei tid som komedieskodespelar på 1970-talet kom ho attende som programleiar på 1980-talet med underhaldningsshow som Blind Date (1985–2003) for London Weekend Television og Surprise Surprise (1984–2001) for ITV.
Litteratur
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Cilla Black, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.