Petra Gregorine Fernanda Holst Nissen (fødd 15.
august">15. august 1862 i Sannidal, død 3. april 1920 Barmen i Tyskland) var ei norsk kvinnesakskvinne, litteratur- og teaterkritikar og arbeidarpartipolitikar.
Fernanda Nissen | |
Portrett av Fernanda Nissen. Foto: Ludvig Forbech/Nasjonalbiblioteket | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. august 1862 Sannidal kommune, Kragerø kommune |
Død | |
Yrke | politikar, lærar, journalist, skribent, litteraturkritikar, redaktør |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Thomes Thomesen |
Ektefelle | Lars Holst, Oscar Nissen |
Fernanda Nissen på Commons |
Fernanda Nissen vaks opp i eit borgarleg miljø i Kragerø, men utvikla seg til sosialist i den politiske orienteringa si. Det politiske arbeidd starta i den borgarlege kvinnerørsla. Nissen arbeidde for Norsk Kvinnesaksforening og var med i diskusjonsforeninga Skuld. I 1889 var ho ein sentral person i Fyrstikkarbeidarstreiken i Kristiania og vart aktiv i Arbeidarpartiet.
I avisa Social-Demokraten blei ho aktiv i både litteratur- og teaterarbeidet. Nissen var fast litteratur- og teaterkritikar for avisa frå 1892 til 1918. I tillegg til å arbeida som journalist omsette ho føljetongar. Nissen blei etter kvart vald inn i skulestyret i Kristiania (1908) og bystyret i (1910). Ho var engasjert i politiske saker knytte til barneheimar, aldersheimar, fødselsheimar, betre kår for jordmødrer og menneskelege butilhøve også for arbeidarklassen. Nissen var også medlem av tilsynsutvalet for Kristiania Kretsfengsel.
Fernanda Nissen arbeidde hardt for opprettinga av husmorskular, og i 1916 blei Oslo kommunale Husmorskole oppretta på Grønland i Kristiania. I 1930 blei denne skulen flytta til Borggata 2b og lokala til den tidlegare Grønland gutte- og folkeskole. Skulen fekk seinare namnet Fernanda Nissen videregående skole.
Det andre store interesseområdet til Nissen var kulturpolitikk. Ho arbeidde for bygginga av Folketeatret, og var medlem av tilsynet for Deichmanske bibliotek frå 1914 til ho døydde.
I 1909 blei ho redaktør for det sosialdemokratiske tidsskriftet Kvinden. Nissen skreiv teateroversikter for kvinneblada Urd og Hjemmenes vel.
Nissen var gift to gonger, første gong med Venstremannen og redaktøren Lars Holst, som ho vart skild frå i 1895. Same året gifta ho seg med Oscar Nissen.
Ho var mor til forfattaren Helge Holst.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fernanda Nissen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.