Ein fakkel er ei eld- og lyskjelde laga av ein stav med brennbart materiale i eine enden.
Dette kan til dømes vera trefliser, tynne stikker eller bast, og materialet kan ofte vera innsett med til dømes bek, tjøre eller petroleum for å brenna betre. Faklar er blitt nytta til opplysing, opptog, rituale og som symbol frå gammal tid. I moderne tid er dei ikkje i dagleg bruk, men kan nyttast seremonielt, mellom anna i demonstrasjonar og til å tenna bål som den olympiske elden. Faklar kan også brukast til eldsluking og sjonglering.
Mange gudar i antikken blei viste med faklar i hendene. Dette gjaldt særleg gudar som var knytte til kjærleik og fruktbarheit.
I det gamle Hellas blei det halde fakkelløp, lampadedromia, der ein frakta eld frå eit altar til eit anna så raskt som mogleg, i nokre høve til hest.
Fakkelen er blitt nytta som teikn på opplysing og fridom, blant anna av Fridomsgudinna i New York.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fakkel, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.