Bakkesoleie

Bakkesoleie (Ranunculus acris), også kalla smørblom(e) og smørblomster, er ei svært vanleg plante i Noreg, og også vanleg elles i Europa.

Engsoleie
Engsoleie
Engsoleie
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Underfamilie: Ranunculoideae
Stamme: Ranunculeae
Slekt: Soleieslekta Ranunculus
Art: Engsoleie R. acris
Vitskapleg namn
Ranunculus acris

Han blir ofte kalla engsoleie (Ranunculus acris subsp. acris), men dette er systematisk sett ein underart. Her til lands veks ho i enger, kulturmark og frodig skogbotn, og finst til fjells opp i vierregionen. Planta er nasjonalblome på Færøyane, med namnet sólja.

Den noko hårete 2-7 cm høge planta har 1-2,5 cm breie gule blomstrar med fem overlappande kronblad med litt glans. Ho blomstrar frå mai til oktober. Fruktemnet på bakkesoleia er apokarp, dvs. at det er sett saman av mange delar med kvart sitt arr. Talet på pollenberarar er også stort og ulikt frå plante til plante. Blada på planta er tre- til femdelte med store flikar.

Giftig

Om ein tek ei frisk bakkesoleie, vert ranunculin frå snittet brote ned til protoanetonin. Dette kan gi hudirritasjonar, og planta bør derfor handsamast med varsemd. Utturking fører til at gifta går vekk, slika at engsoleie i høy er ufarleg. Dyr på beite skyr engsoleia, som derfor vert ståande att på beitemarkane.

Formeiring

Bakkesoleia vert pollinert av mange ulike insekt, som t.eks. fluger, biller, humler og bier, etter som ho ikkje har nokon spesielle tilpassingar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Tags:

Bakkesoleie GiftigBakkesoleie FormeiringBakkesoleie KjelderBakkesoleie BakgrunnsstoffBakkesoleieEuropaFærøyaneNoregVierregionen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JordaVerdshandelsorganisasjonenNintendo 3DSHøgaste fjell i Europa29. juniFukuokaTokyoWhat It Is av Mark KnopflerDavid KnopflerKnut Marius DjupvikIranYosef Wolde-Mariam1965Nord-MakedoniaUWarszawaSerra da EstrelaAre KalvøThank God It's ChristmasSionist1917NonMauritaniaIngusjetia1947HinduismenAlbumet Money for NothingVladimir VysotskijMaud av NoregThe Rolling StonesAlmopíaJulebukkWater of LoveTorinoJørn Lier HorstDélta i ThessaloníkiSauPåskeeggKyivDavid CameronMNato-alfabetetBlackbirdOslo kommuneErteblomefamilienMiddelhavetBokstaven betAsker kommuneLærdalstunnelenDen romerske republikkenBritiske monarkarTidslinje over norsk historieGreatest Hits 1982–1989Arne DokkenKommunevåpen i NoregStrålingsbalansen til jordaSmuglingSnønipaFilmjølkHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorTorpoCornelis VreeswijkKurveNasjonalrettScrabbleVettePanterAlfons XIII av SpaniaMogopStrynefjelletKonservatismeDan Børge AkerøDholTime Out of Mind🡆 More