Endless Wire Studioalbum av The Who | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. oktober 2006 | |
Innspelt | Desember 2004 til mai 2006 | |
Studio | Heimestudioet til Pete Townshend og Eel Pie Oceanic Studios | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 52:35 | |
Selskap | Polydor, Universal Republic | |
Produsent | Pete Townshend, med Bob Pridden og Billy Nicholls (berre vokalen til Roger Daltrey) | |
The Who-kronologi | ||
---|---|---|
Wire & Glass (2006) | Endless Wire | Live from Toronto (2006) |
Singlar frå Endless Wire | ||
|
Endless Wire er det ellevte albumet til det engelske rockebandet The Who, gjeve ut 30. oktober 2006. Det var det første studioalbumet deira på 24 år etter It's Hard i 1982. Albumet skulle opphavleg ut våren 2005 med arbeidstittelen WHO2. Endless Wire debuterte på sjuandeplass på Billboard lista i USA og niandeplassen i Storbritannia. Delar av albumet hadde vore spelt på turneen deira i 2006-2007. Dei fleste songane frå albumet vart nytta i rockemusikalen The Boy Who Heard Music som hadde premiere i juli 2007.
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 64/100 |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
About.com | |
AllMusic | |
The Guardian | |
Mojo | |
MSN Music (Consumer Guide) | C |
Pitchfork | 4.7/10 |
PopMatters | |
Rolling Stone | |
Spin | |
Uncut |
21. mars 2005 annonserte Pete Townshend at det nye albumet kom til å verte utsett. I 2006 drog The Who på turneen med ein del av songane frå det komande albumet. Townshend annonserte på heimesida si at delar av albumet, ein miniopera kalla The Glass Household danna kjernen i albumet og var basert på romanen hans The Boy Who Heard Music.
Ei kortare utgåve av operaen vart gjeven ut sommaren 2006. Dette var ein EP kalla Wire & Glass.
3. oktober 2006 vart songen «It's Not Enough» frå det komande albumet gjort tilgjengeleg på iTunes. Det same vart «Tea & Theatre». 14. oktober 2006 lanserte Polydor ei nettside for albumet. Her kunne ein høyre, men ikkje laste ned, delar av albumet.
Endless Wire gjekk inn på sjuandeplassen på Billboard 200 og selde 81 000 eksemplar den første veka.
Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Fragments» (Townshend, Lawrence Ball) | 3:58 |
2. | «A Man in a Purple Dress» | 4:14 |
3. | «Mike Post Theme» | 4:28 |
4. | «In the Ether» | 3:35 |
5. | «Black Widow's Eyes» | 3:07 |
6. | «Two Thousand Years» | 2:50 |
7. | «God Speaks of Marty Robbins» | 3:26 |
8. | «It's Not Enough» (Townshend, Rachel Fuller) | 4:02 |
9. | «You Stand by Me» | 1:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «Sound Round» | 1:21 |
11. | «Pick Up the Peace» | 1:28 |
12. | «Unholy Trinity» | 2:07 |
13. | «Trilby's Piano» | 2:04 |
14. | «Endless Wire» | 1:51 |
15. | «Fragments of Fragments» (Townshend, Ball) | 2:23 |
16. | «We Got a Hit» | 1:18 |
17. | «They Made My Dream Come True» | 1:13 |
18. | «Mirror Door» | 4:14 |
19. | «Tea & Theatre» | 3:24 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
20. | «We Got a Hit» (extended version) | 3:03 |
21. | «Endless Wire» (extended version) | 3:03 |
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
2006 | Billboard 200 | 7 |
2006 | UK Albums Chart | 9 |
«It's Not Enough» nådde 37. plassen på den amerikanske Billboard Mainstream Rock Tracks-lista, med B-sida «Black Widow's Eyes».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Endless Wire, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.