Endemi

Endemi er eit omgrep innan epidemiologi om sjukdom eller sjukdomsframkallande emne som finst fast i eit visst område eller ei folkegruppe.

Ein omtalar særleg infeksjonssjukdommar som endemiske, men omgrepet kan også brukast om sjukdommar som ikkje er smittsame. Der sjukdommar er endemiske opptrer dei heile tida eller med regelmessige mellomrom, og tala på tilfelle er nokså jamnt. Ordet er danna av gresk en, 'i', og demos 'folk'. Enzooti viser til det same høvet i dyrepopulasjonar. Om sjukdommen opptrer ein ny stad, eller sjukdomstilfella aukar i staden for å vera stabile, blir det kalla ein epidemi.

Endringar i miljøet, til dømes klimaendringar, og helsestell kan føra til at ein sjukdom blir eller sluttar å vera endemisk i eit område. Malaria er til dømes endemisk i fleire tropiske og subtropiske område. Under regntider kan malariamyggen spreia seg og smitten i nye område, slik at ein får epidemiar.

I Noreg er sjukdommar som brennkoppar og vasskoppar endemiske. Sjukdommar som koppar og polio er utrydda, og tidlegare vanlege sjukdommar som meslingar, raude hundar og kusma er i ferd med ikkje å vera endemiske lenger takka vere vaksinasjonsprogram.

Kjelder

    Fotnotar

Tags:

EpidemiInfeksjonssjukdomSjukdom

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Rolandskvadet67MyteNorske bilandLudvig Holberg35JesusØresundbruaTsjekkiaReinKirsti BergstøKjersti Wøien HålandSamisk kulturIsraelPåskeeggEØSBryllaupet mellom arvestorhertug Guillaume og grevinne Stéphanie de LannoyHanna BrummenæsAndre verdskrigenTheobald Wolfe ToneDet norske alfabetetSterke substantivInstallasjonskunstMDen store brennevinsdagenGrenlandVincent van GoghMarokko45GardasjøenHSogeJean-Pierre ThiolletPresidentFascismeRusslandRichard TandyDet kyrilliske alfabetetSedevacantismePannemerke i hinduismenRoald AmundsenCubakrisaPresident i Finland75LibanonBuddhistiske høgtiderLinn UllmannMarit BjørgenFøydalismeBergensbanenLangfredagsfjæreRubiks kubeJordanIslamVictoria av StorbritanniaTrude DrevlandBrusselJan ThomasVologda oblastResesjonParisNorskUrfolkJordaKatten med støvlaneSkjera bageraTrettiårskrigenNoregLArameiskUmberto NobileKrøllalfaGuvernørGuanoDunning-Kruger-effektenFjernsynTeokrati🡆 More