ENIAC var ein av verdas første programmerbare elektroniske datamaskinar.
Namnet stod for Electronic Numerical Integrator and Computer. Han vart utvikla for hæren i USA, og kom i drift i 1945, eit par år etter den britiske maskinen Colossus. Det opphavlege målet var å rekna ut ballistiske tabellar for skyting med artilleri, men den fyrste oppgåva var å finna kor mogleg det var å laga termonukleære våpen. Maskinen var i kontinuerleg drift fram til 1955.
ENIAC | |||
| |||
Type | datamaskin, one-of-a-kind computer, decimal computer | ||
---|---|---|---|
Designar | John Mauchly, J. Presper Eckert, Jeffrey Chuan Chu, Arthur Burks, Harry Huskey | ||
Etterfølgjar | UNIVAC I |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article ENIAC, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.