Det uralske fonetiske alfabetet eller det finskugriske fonetiske alfabetet er eit lydalfabet som gjer det mogleg å skrive språklydar på ein nøyaktig måte.
Alfabetet vart lagt fram av E. N. Setälä i 1901, og det har særleg vorte brukt for dei uralske språka, og til ein viss grad for tyrkiske språk. Grunnen til dette er at uralistane i byrjinga dominerte utforskinga av tyrkiske språk.
Det uralske fonetiske alfabetet er laga med ein annan filosofi enn t.d. IPA. Der IPA opererer med mange lydsymbol og få diakritiske teikn, har det uralske fonetiske alfabetet få lydsymbol men fleire diakritiske teikn.
Det uralske fonetiske alfabetet er alltid kursivert.
Det uralske fonetiske alfabetet inneheld følgjande latinske bokstavar:
I tillegg blir følgjande bokstavar frå andre alfabet også brukt:
Ustemde variantar av stemde lydar blir markert ved at bokstaven blir skrive som kapitél:
Etter etablert praksis blir konsonantar som er delvis stemd:
For å skilje mellom ustemt og halvstemt konosnant kan halvstemte konsonantar bli markert med prikko ver kapitelbokstaven: Ż
Ustemde lydar kan også merkast med strek under: a b. Det blir alltid gjort for bokstavane o ö ø ε a ä η .
Ein ustemd overgangslyd mellom to lydar som kan innehalde laryngal-lyd, blir merka med H. (Her har det også vorte brukt omsnudd c, dvs: ɔ.)
I tilleg blir følgjande kapitélbokstavar brukt:
ʔ-merk står for ustemt laryngalklusil, og ᴤ-merket står for stemt laryngalspirant.
Eit sentralt prinsipp for lydalfabetet er bruken av snudde bokstavar, dvs. bokstavar som er snudd opp-ned. Opp-ned-snudde vokalsymbol (ɒ ə ᴉ ɜ osb.) viser redusonerte vokalar. Det er også mogleg å vise reduserte vokalar med ein liten krok under vokalen ( ˛ ) (ą ę į osb.). Vokalsymbol som ikkje kan bli snudd opp-ned kan få ein slik krok, dette gjeld o u ü ᴐ ø æ. Vanlegare er å legge desse bokstavane på sida (ᴑ ᴝ ᴓ osb.)
Ein snudd y-bokstav (ɦ) blir brukt for stemt h.
Ein snudd m-bokstav kan bli brukt for å vise redusert sentral u (ɯ = u̮ )
Snudd c-bokstav (ᴐ) blir brukt for halvåpen o.
Snudd kapitel-C = ustemt, halvopen o.
Snudd r-bokstav (ɹ) blir brukt til stemt halvtremulant (snudd kapitel-R eller ᴚ = tilsvarande ustemt lyd).
Heva forminska bokstavar markerer schwa-vokaler, obergangsvokalar og overkorte lydar, som t.d. dei finske dialektformene kolome, mäjen.
Lite spørjeteikn utan punktum markerer markert (glottal) start eller stopp.
Senka forminska bokstav viser sekundær artikulasjon for føregåande lyd, t.d. ao = labialisert a , lu = runda l.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det uralske fonetiske alfabetet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.