Den olympiske eiden er eit sentralt olympisk symbol og eit fast rituale ved opningsseremonien ved alle olympiske leikar.
Ein utvald utøvar avlegg eiden på vegner av alle idrettsutøvarane, medan ein ein utvald dommar avlegg eiden på vegner av alle funksjonærar og dommarar. Det har vore praksis at ein utøvar og dommar frå arrangørlandet avlegg eiden.
Det olympiske idealet om god sportsånd står sentralt i den olympiske eiden.
Utøvareiden vert avlagd av ein utøvar frå arrangørlandet, mens han held i eit hjørne av det olympiske flagget. Eiden har ved dei siste leikane oftast vore avlagd på engelsk, men under sommar-OL 2004 i Aten vart han avlagd på gresk.
Dommereiden blir halden av ein dommar frå arrangørlandet, mens han held i eit hjørne av det olympiske flagget. Den første dommareiden vart avlagd under vinter-OL 1972 i Sapporo.
In the name of all the judges and officials, I promise that we shall officiate in these Olympic Games with complete impartiality, respecting and abiding by the rules which govern them in the true spirit of sportsmanship.
Ordlyden i den olympiske eiden blir vanlegvis tillagt David O'Connor, andre meiner han er skriven av Ethelbert Talbot. Norges Olympiske Museum skriv derimot på si nettside at Pierre de Coubertin både formulerte og innførte eiden i sommar-OL 1920 i Antverpen.
Den allsidige belgiske utøvaren, Victor Boin (1886-1974), med medaljar frå både 1908, og 1912 i vasspolo avla den første eiden.
Heidi Schüller, ein tysk friidrettsutøvar, var den første kvinna som avla utøvareiden. Det gjorde ho under opninga av sommar-OL 1972 i München. Sharon Weber vart den første kvinnelege dommaren til å avleggje eiden, under sommar-OL 1984 i Los Angeles.
Utøvareiden har endra ordlyd nokre gonger gjennom tidene. Den eiden Victor Boin las i 1920 var slik:
We swear. We will take part in the Olympic Games in a spirit of chivalry, for the honor of our country and for the glory of sport. |
Seinare vart ordet swear (sver) erstatta med ordet promise (lover) og country (land) med team (lag). Til eiden avlagd under sommar-OL 2000 vart det lagt til ein bolk om doping.
Lista er ei oversikt over utøvarar og dommarar som har avlagt den olympiske eiden.
Leikar | Utøvar | Dommar |
---|---|---|
Sommar-OL 1920 | Victor Boin | - |
Vinter-OL 1924 | Camille Mandrillon | - |
Sommar-OL 1924 | Georges André | - |
Vinter-OL 1928 | Hans Eidenbenz | - |
Sommar-OL 1928 | Harry Dénis | - |
Vinter-OL 1932 | Jack Shea | - |
Sommar-OL 1932 | George Calnan | - |
Vinter-OL 1936 | Wilhelm Bogner | - |
Sommar-OL 1936 | Rudolf Ismayr | - |
Vinter-OL 1948 | Bibi Torriani | - |
Sommar-OL 1948 | Donald Finlay | - |
Vinter-OL 1952 | Torbjørn Falkanger | - |
Sommar-OL 1952 | Heikki Savolainen | - |
Vinter-OL 1956 | Giuliana Chenal-Minuzzo | - |
Sommar-OL 1956 | John Landy Henri Saint Cyr | - |
Vinter-OL 1960 | Carol Heiss | - |
Sommar-OL 1960 | Adolfo Consolini | - |
Vinter-OL 1964 | Paul Aste | - |
Sommar-OL 1964 | Takashi Ono | - |
Vinter-OL 1968 | Léo Lacroix | - |
Sommar-OL 1968 | Pablo Garrido | - |
Vinter-OL 1972 | Keiichi Suzuki | Fumio Asaki |
Sommar-OL 1972 | Heidi Schüller | Heinz Pollay |
Vinter-OL 1976 | Werner Delle-Karth | Willy Köstinger |
Sommar-OL 1976 | Pierre St.-Jean | Maurice Fauget |
Vinter-OL 1980 | Eric Heiden | Terry McDermott |
Sommar-OL 1980 | Nikolai Andrianov | Alexander Medved |
Vinter-OL 1984 | Bojan Križaj | Dragan Perovic |
Sommar-OL 1984 | Edwin Moses | Sharon Weber |
Vinter-OL 1988 | Pierre Harvey | Suzanne Morrow-Francis |
Sommar-OL 1988 | Heo Jae | Lee Hak-Rae |
Vinter-OL 1992 | Surya Bonaly | Pierre Bornat |
Sommar-OL 1992 | Luis Doreste Blanco | Eugeni Asensio |
Vinter-OL 1994 | Vegard Ulvang | Kari Karing |
Sommar-OL 1996 | Teresa Edwards | Hobie Billingsly |
Vinter-OL 1998 | Kenji Ogiwara | Junko Hiramatsu |
Sommar-OL 2000 | Rechelle Hawkes | Peter Kerr |
Vinter-OL 2002 | Jimmy Shea | Allen Church |
Sommar-OL 2004 | Zoi Dimoskhaki | Lazaros Voreadis |
Vinter-OL 2006 | Giorgio Rocca | Fabio Bianchetti |
Sommar-OL 2008 | Zhang Yining | Huang Liping |
Vinter-OL 2010 | Hayley Wickenheiser | Michel Verrault |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den olympiske eiden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.