Defence Research and Development Organisation (DRDO) er ein indisk statsetat med ansvar for utvikling av militærteknologi for det indiske forsvaret.
Det er underlagd det indiske forsvarsdepartementet og har hovudkvarter i New Delhi. Etaten har 52 laboratorium og har ifølgje eigne tal 25 000 tilsette, av desse er 5 000 vitskapsfolk.
DRDO blei skipa i 1958 då ein slo saman fleire militære utviklingsdirektorat og organisasjonar. Etaten arbeider mellom anna med aeronautikk (luft- og romfart), elektronikk og data, militærkjøretøy, missil, våpen og marinesystem. Det første større prosjektet til etaten var utviklinga av eit luftvernmissil, Project Indigo, på 1960-talet. Prosjektet blei avvikla utan handfaste resultat, men blei avløyst av Project Devil og Project Valiant, som utvikla kortidstanse- og interkontinentale missil på 1970-talet. Det førte fram til Prithvi-missilet på 1980-talet, Agni-missilet på 1990-talet, Akash-missilet på 2000-talet og Nag-missilet på 2010-talet.
I 2010 gav forsvarsminister A.K. Antony ordre om å omstrukturera DRDO for å fremja indisk forsking på militærteknologi og gje effektiv tilgang til området for den private sektoren. Omstruktureringa gjekk ut på å nydanna ein militærteknologikommisjon leia av forsvarsmnisteren, men også å desentralisera etaten gjennom å skipa ulike senter leia av generaldirektørar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Defence Research and Development Organisation, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.