Rwanda

(norsk: Rwanda, rwandisk)

Repubulika y'u Rwanda
République Rwandaise
Republic of Rwanda

Det rwandiske flagget Det rwandiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Rwanda nziza»
Motto Fridom, samarbeid, framsteg
Geografisk plassering av Rwanda
Offisielle språk Kinyarwanda, fransk, engelsk
Hovudstad Kigali
Styresett
Republikk
Paul Kagame
Pierre Habumuremyi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
26 338 km² (146.)
5,3 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
11 901 484 (73.)
451,9 /km² (14.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Belgia
1. juli 1962
Nasjonaldag 1. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
20 320 mill. USD (139.)
2 000 USD (174.)
Valuta Rwandisk franc
Tidssone UTC +2
Telefonkode +250
Toppnivådomene .rw


Rwanda er ein republikk sentralt i Afrika. Landet er eit av dei minste på det afrikanske fastlandet, og grensar mot Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo), Uganda, Tanzania og Burundi. Rwanda har over tolv millionar innbyggjarar fordelt på 26 338 km², noko som gjer landet til eit av dei tettast folkesette i Afrika. Hovudstaden er Kigali, som ligg sentralt i landet. Rwanda ligg like sør for ekvator, og landskapet er prega av fjell i vest og savannar i aust, og over heile landet finst det mange innsjøar. Landet har eit tropisk klima, med to regntider og to tørketider kvart år.

Rwanda
Kart over Rwanda

Folkesetnaden er ung, og dei fleste av innbyggjarane i landet bur i landlege område. Innbyggjarane er i hovudsak samansett av dei tre etniske gruppene hutu, tutsi og twa. Den største religionen i landet er kristendom, og det meste utbreidde språket er njaruanda. Engelsk, fransk og swahili har òg offisiell status. Landet er ein republikk med presidenten som statsoverhovud. Den sitjande presidenten er Paul Kagame, som har sete i vervet sidan 2000. Rwanda er eitt av berre tre land i verda med kvinneleg fleirtal i parlamentet, saman med Bolivia og Cuba. Landet har sidan 2006 vore inndelt i fem provinsar.

Området blei folkesett av jegerar og samlarar i stein- og jernalderen, og seinare av bantufolk. Rwanda var opphavleg eit kongedøme, og var styrt av eit aristokrati av tutsiar. Landet blei kolonisert av Tyskland i 1884 som ein del av Tysk Austafrika saman med Tanzania og Burundi, og deretter av Belgia, som invaderte landet i 1916 under fyrste verdskrigen. Etter første verdskrigen blei området som dekker dagens Rwanda og nabolandet Burundi avstått som krigsutbytte til Belgia. Begge dei europeiske nasjonane støtta tutsiane, og i 1959 gjorde hutuane opprør, som enda med at mange tutsiar blei drepne. I 1962 blei det skipa ein sjølvstendig, hutu-dominert republikk. Aukande etniske konfliktar mellom hutuane og tutsiane førte fram til folkemordet i Rwanda i 1994, der eit anslått tal på 500 000–1 000 000 tutsiar og moderate hutuar blei drepne.

Økonomien i landet leid kraftig som følgje av folkemordet i 1994, men har sidan henta seg opp. President Kagame gjennomførte fleire tiltak for å modernisera økonomien i landet. Omtrent 90 % av innbyggjarane er sysselsette i landbruket, som for det meste er sjølvbergingsjordbruk. Dei viktigaste eksportvarene er kaffi og te. Landet har få naturressursar og lite utvikla industri. Fleire turistar har byrja å koma til Rwanda, særleg for å oppleva naturen i landet. Musikk og dans er sentralt i den rwandiske kulturen, med trommer som det viktigaste instrumentet. Tradisjonell kunst og kunsthandverk blir produsert over heile landet.

Geografi

Rwanda 
Samløpet mellom elvene Kagera og Ruvubu.
Foto: SteveRwanda aka Amakuru
Rwanda 
Ein innsjø og ein vulkan i Virungafjella vest i landa. Landskapet i Rwanda er prega av fjell og åsar, noko som har gjeve landet tilnamnet Pays des mille collines («Landet med tusen åsar») på fransk.
Foto: 2009CIAT/NeilPalmer

Med sine 26 338 km² er det fjerde minste landet på det afrikanske fastlandet etter Gambia, Eswatini og Djibouti. Rwanda er på storleik med nabolandet Burundi, eller med Haiti og Albania. Heile landet er høgland; det lågaste punktet er elva Ruzizi, 950 meter over havet. Rwanda ligg i det sentrale Aust-Afrika, og grenser mot Den demokratiske republikken Kongo i vest, Uganda i nord, Tanzania i aust og Burundi i sør. Landet ligg like sør for ekvator, og er ein innlandstat. Hovudstaden Kigali ligg omtrent midt i landet.

Grensa mellom nedbørsfelta til elvene Nilen og Kongo går gjennom Rwanda frå nord til sør. Rundt 80 % av landet er del av nedbørsfeltet til Nilen, medan resten (20 %) tilhøyrer nedbørsfeltet til Kongo. Dei fleste større elvene i landet ligg på austsida av vasskiljet mellom Kongo og Nilen. Unntaket er Ruzizi, som munnar ut i Tanganyikasjøen. Den lengste elva i landet er Nyabarongo, som byrjar i den nordvestlige delen av landet, renn nordover, austover og deretter søraustover før ho renn saman med Ruvubu og dannar Kagera, som vidare renn nordover langs grensa mot Tanzania. Nyabarongo–Kagera munnar omsider ut i Victoriasjøen og dannar Nilen. Kjelda i Nyungweskogen er blant stadane som kan reknast for å vera den fjernaste kjelda til Nilen.

Den største innsjøen er Kivusjøen som dekkjer botnen av den vestre delen av Riftdalen (Albertinerifta) langs grensa mot DR Kongo. Med ei maksimal djupne på 480 meter er han blant dei tjue djupaste innsjøane i verda. Andre store innsjøar er Burerasjøen, Ruhondosjøen, Muhazisjøen, Rwerusjøen og Ihemasjøen.

Sentrale og vestlege Rwanda er fjell- og åslendt. Difor blir landet nokre gonger gjeve den franske nemninga Pays des mille collines ('Landet med tusen åsar'). Dei høgaste toppane ligg i den vulkanske fjellkjeda Virunga i nordvest. Fjellkjeda strekkjer seg inn i nabolanda Kongo og Uganda, og består av åtte større vulkanar. Ein av desse er Karisimbi, det høgaste punktet i landet på 4507 meter over havet. Den vestlege delen av landet er ein del av ein økoregion som består av fjellskogen i Albertinerifta. Området ligg mellom 1 500 og 2 500 meter over havet. Sentrale delar av Rwanda er prega av bølgjande åsar og dalar, medan den austre delen av landet i hovudsak består av savannar, sletter og sumpar som strekkjer seg ned mot Kageradalen, 1 220 meter over havet.

Klima og miljø

Klimaet i Rwanda er tropisk regnklima med nedbør fordelt over størstedelen av året, men minst i tida mai-august. Regelmessig årleg tørketid gjev savanneklima i delar av landet, mest utprega i aust. I blant kan det kome lengre tørkeperiodar. Den geografiske fordelinga av nedbøren er prega av den kompliserte topografien og årsnedbør på 1000–1500 mm er vanleg. Temperaturen varierer særs lite frå månad til månad og middeltemperaturen er kring 20 °C i omkring 1500 meters høgd, og i fjella kan det kome både frost og snø. Særleg i den tørre årstida kan det vere store skilnad på dag- og nattetemperaturen. Rubona har ein årleg nedbørsnormal på 1179 mm.

Rwanda har mildare temperaturar enn det som er typisk for område nær ekvator, noko som kjem av høgda landet ligg på. Temperaturen i hovudstaden Kigali, som ligg i sentrum av landet, varierer mellom 12 og 27 °C på dagleg basis, med lite variasjon gjennom året. Fjellområda i vest og nord er stort sett kjøligare enn den lågareliggande delen av landet i aust. Det er to regntider i løpet av året. Den første varer frå februar til juni, og den andre frå september til desember. Desse er skilde av to tørketider. Den lengste varer frå juni til september, då det ofte ikkje kjem nedbør i det heile, og ei kortare tørketid frå desember til februar. Klimaet er fuktigare vest og nordvest i landet enn i aust og søraust.

Nokre av miljøproblema i Rwanda er avskoging med etterfylgjande jorderosjon, utarming av jorda og utbreidd tjuvjakt. Nesten all elektrisitet blir produsert av vasskraft.

Global oppvarming har forårsaka ei endring i mønsteret i regntida i Rwanda. Ifølgje ein rapport frå Strategic Foresight Group har klimaendringar redusert talet på regnvêrsdager i året, og har òg ført til hyppigare styrtregn. Begge endringane har ført til vanskar for bønder og redusert produktiviteten i landbruket. Ifølgje Strategic Foresight opplever Rwanda òg ei aukande oppvarming – gjennomsnittstemperaturen har auka på mellom 0,7 °C og 0,9 °C i løpet av dei siste femti åra, og det er estimert at dette vil auka til 2 °C innan 2050.

Flora og fauna

Rwanda 
Topi (Damaliscus lunatus jimela), ein underart av halvmåneantilope, i Akagera nasjonalpark.
Rwanda 
Volcanoes nasjonalpark er heim til ein estimert tredjedel av fjellgorillabestanden i verda. Fjellgorillaene i fjella i Rwanda er ein viktig attraksjon, som tiltrekkjer seg fleire tusen turistar årleg.
Foto: Sarel Kromer

I forhistorisk tid var ein tredel av dagens Rwanda dekt av fjellskog. Slik urvegetasjon er no stort sett avgrensa til dei tre nasjonalparkane i landet – Nyungweskogen, Volcanoes og Akagera – medan område med terrassedyrking stort sett dominerer resten av landet. I 2007 var rundt 2 407,5 km² av landet dekt av skog. Det var ein nedgang på 64 % frå 1960, då landet hadde 6 590 km² skog. Det største gjenverande skogområdet, Nyungweskogen, har 200 ulike treslag, i tillegg til eit mangfald av orkidéar og begoniaer. Vegetasjonen i Volcanoes er stort sett bambus og lyngheier, med små skogområde. Akagera har derimot eit savanne-økosystem der akasietre dominerer floraen. Det er fleire sjeldne eller truga plantearter i Akagera.

Det største mangfaldet av store pattedyr finst i dei tre nasjonalparkane. Nyungweskogen har tretten primatartar, inkludert sjimpansar og kolobusapar, medan Volcanoes huser anslagsvis ein tredel av fjellgorillabestanden i verda. I Akagera finst typiske savannedyr som sjiraff, elefant, leopard, neshorn, sebra og afrikabøffel. Løvebestanden i Rwanda døydde ut etter folkemordet i 1994, då nasjonalparkar blei gjort om til leire for fordrivne menneske, og dei gjenverande dyra blei forgifta og avliva av storfegjetarar. Rwanda fekk på nytt ein løvebestand i juni 2015 då Akagera nasjonalpark fekk sju løver frå to sørafrikanske parkar.

Det er kjend rundt 670 fugleartar i Rwanda, og fuglelivet varierer mellom dei austlege og vestlege delane av landet. Nyungweskogen i vest har 280 registrerte arter, der 26 er endemiske for Albertinerifta. Fugleartane edelfrankolin og regnbueturako er endemiske for området. I det austlege Rwanda finn ein savannefuglar som svarthovudgonolek, i tillegg til fuglar som hovudsakleg held til i sumpar og innsjøar, som storkar og traner.

Entomologiske undersøkingar i landet har avslørt eit rikt mangfald av knelarar, mellom dei ein nyoppdaga art.

Historie

Eldre historie

Rwanda 
Rekonstruksjon av eit kongepalass i Nyanza.
Foto: SteveRwanda aka Amakuru

Området som utgjer dagens Rwanda har vore grønt og fruktbart i mange tusen år, sjølv i løpet av den siste istida. Det er ikkje kjent når området først blei folkesett, men ein går ut frå at menneske flytta inn kort tid etter den siste istida, anten i neolittisk tid, for rundt ti tusen år sidan, eller i perioden som følgde, opp til rundt 3000 f.Kr. Ein rekner med at dei tidlegaste innbyggjarane i regionen var forfedrane til twa-folket, ei gruppe pygméfolk som framleis lever i Rwanda. Arkeologiske utgravingar utførte frå 1950-åra og seinare har funne bevis for sparsam busetjing av jegerar og samlarar i regionen i sein steinalder, følgd av ein større del busetjarar frå tidleg jernalder. Twa-folket blei seinare fordrivne av innvandrande bantufolk, fyrst hutuane på 1000-talet, som rydda jord for å driva jordbruk, og deretter tutsiane, som var eit kvegfolk, i løpet av 1400-talet.

Det første tutsikongedømmet skal ha blitt oppretta av kong Gihanga kring 1090, men det finst inkje bevis på at han faktisk eksisterte. Den tidlegaste forma for sosial organisering i området var klanar (ubwoko). Frå 1400-talet byrja klanane å samla seg til kongerike, og innan 1700 eksisterte rundt åtte kongerike i dagens Rwanda. Eit av desse var Kongeriket Rwanda, styrt av tutsi-klanen nyiginya, som blei stadig meir dominerande frå midten av 1700-talet. Riket nådde si største utstrekking på 1800-talet under kong Kigeli Rwabugiri, som erobra fleire mindre statar og utvida kongeriket mot vest og nord. Kongen innførte fleire administrative reformer som førte til at skilnadene voks mellom hutu- og tutsifolkesetnaden. Desse inkluderte uburetwa, eit system med tvangsarbeid som hutuane måtte utføra for å få tilgang til landområde som var blitt beslaglagt frå dei, og ubuhake, der hutuar hadde høve til å nytta kveg som tilhøyrte tutsiar i byte mot økonomiske og personlege tenester.

Kolonitida

    For meir om dette emnet, sjå Tysk Aystafrika og Ruanda-Urundi.

Under Berlin-konferansen i 1884 blei området tildelt Tyskland som ein del av Tysk Austafrika saman med Burundi og Tanzania, noko som markerte byrjinga på kolonitida. Den første europearen som vitja Rwanda var austerrikske Oskar Baumann tidleg i 1890-åra. Den tyske oppdagaren Gustav Adolf von Götzen var den første europearen som i betydeleg grad utforska landet, då han i 1894 reiste frå Tanganyika til Kivusjøen i vest, og møtte kongen på vegen. Den tyske kolonimakta styrte Rwanda indirekte gjennom det eksisterande monarkiet, og den sosiale strukturen i landet blei ikkje nemneverdig endra. Tyskarane fremja idéen om at tutsiane var den overlegne rasen i landet, noko som bidrog til auka skilje mellom hutuane og tutsiane.

Belgiske styrkar tok kontroll over Rwanda og Burundi i 1916, under den fyrste verdskrigen, og starta ein periode med meir direkte kolonistyre. Belgia styrte både Rwanda og Burundi som eit mandatområde under Folkeforbundet kalla Ruanda-Urundi. Belgiarane forenkla og sentraliserte òg maktstrukturen, og introduserte store prosjekt innan utdanning, helse, offentleg arbeid og landbruk, mellom dei nye avlingar og forbetra landbruksmetodar for å freista å redusera førekomsten av svolt. Belgiarane heldt fram med å favorisera tutsiane framfor hutuane, slik tyskarane hadde gjort. I 1935 innførte Belgia identifikasjonskort som viste etnisk tilhøyre. Tidlegare hadde det vore mogleg for spesielt velståande hutuar å bli «æres-tutsiar», men desse identifikasjonskorta hindra dette.

Rwanda 
Juvénal Habyarimana tok makta i Rwanda i eit militærkupp i 1973, og var presidenten i landet frå 1973 til 1994.

Belgia heldt fram å administrera Ruanda-Urundi som eit tilsynsområde under SN etter andre verdskrigen, med planar om at landet etterkvart skulle bli sjølvstendig. Spenningar mellom tutsiane og hutuane i 1950-åra førte til den såkala huturevolusjonen i 1959, der fleire av hutuane i landet drap tutsiar og øydela heimane deira. Meir enn 100 000 menneske blei nøydde til å søkja tilflukt i nabolanda. I 1961 heldt Belgia, som hadde starta å støtta hutuane i staden for tutsiane, ei folkerøysting der landet stemte for å avskaffa monarkiet. Rwanda blei skilt frå Burundi og blei sjølvstendig frå Belgia den 1. juli 1962. Datoen blir i dag markert som sjølvstendedagen til Rwanda, ein nasjonal heilagdag.

Sjølvstende

Grégoire Kayibanda blei innsett som den fyrste presidenten i Rwanda etter valet den 26. oktober 1962, og landet blei styrt som ein hutu-dominert eittpartistat under Parti du Mouvement et dei l'émancipation hutu (Parmehutu), som hadde fått full kontroll over nasjonal politikk. I 1963 blei Rwanda invadert av ein tutsi-gerilja frå Burundi. Angrepet blei slått ned og nye, omfattande valdshandlingar mot tutsiane byrja, der over 10 000 tutsiar blei drepne mellom desember 1963 og januar 1964. Alle dei gjenverande tutsi-politikarane i landet blei avretta.

I juli 1973 tok forsvarsministeren Juvénal Habyarimana makta i eit militærkupp. All politisk verksemd i landet blei forboden, og diskriminering mot tutsiane heldt fram, sjølv om dei opplevde mindre vald enn tidlegare og landet naut større økonomisk velstand. I 1975 danna president Habyarimana partiet Mouvement révolutionnaire national pour le développement (MRND), med mål om å fremja fred, eining og nasjonal utvikling. Den nye regjeringa innførte ein ny grunnlov som gjorde landet til ein totalitær eittpartistat der alle innbyggjarar var nøydde til tilhøyra MRND. Grunnloven blei godkjend i ei folkerøysting i desember 1978. Det blei halde presidentval nokre veker seinare, og Habyarimana var som president for MRND den einaste kandidaten på stemmesetelen. Han blei gjenvald i 1983 og igjen i 1988, kvar gong som einaste kandidat.

Borgarkrig og folkemord

Rwanda 
Hovudskallar utstilt ved minnesenteret for folkemordet i Rwanda i Nyamata.
Foto: Fanny Schertzer

I oktober 1990 invaderte opprørsgruppa Rwandas patriotiske front (RPF) det nordlege Rwanda frå basen sin i Uganda. RPF bestod av nesten 500 000 tutsi-flyktningar. Angrepet innleidde borgarkrigen i Rwanda. Den rwandiske hæren, med støtte frå troppar frå Frankrike, fekk overtaket og RPF var stort sett overvunne i slutten av oktober. Nokre månader seinare, under leiing av Paul Kagame, innleidde RPF ein geriljakrig som heldt fram fram til midten av 1992. Ingen av partane fekk overtaket i krigen, men massedemonstrasjonar tvinga president Juvénal Habyarimana til å starta fredsforhandlingar med RPF. Partane blei einige om ein våpenkvileavtale i Arusha i Tanzania i 1992.

Den 6. april 1994 blei eit fly med presidentane Juvénal Habyarimana frå Rwanda og Cyprien Ntaryamira frå Burundi, skote ned då det var i ferd med å landa i Kigali. Begge presidentane døydde.

Dette utløyste folkemordet i Rwanda, som byrja få timar etter. Dei neste hundre dagane blei opp mot ein million tutsiar drepne og mishandla i eit koordinert folkemord på ordre frå den mellombelse regjeringa. Mange twa-folk blei òg drepne, sjølv om dei ikkje var part i konflikten. Ein fredsbevarande styrke frå SN som var i landet for å støtta ein fredsavtale mellom den tidlegare regjeringa og tutsi-opprørsgruppa Front Patriotique Rwandais (RPF). Ingen utanfrå greip inn for å stoppa massakrane før RPF tok kontroll over Kigali i juli 1994. Den militære leiaren deira, Paul Kagame, blei seinare vise-president og etterkvart president i Rwanda.

Kagame sine tutsi-leidde RPF-troppar gjenopptok raskt borgarkrigen etter at folkemordet starta, og tok gradvis kontroll over Rwanda. Innan juli 1994 hadde dei kontroll over heile landet. Opprørarane overvann hutu-regimet og avslutta folkemordet. Av frykt for represaliar etter RPF si overtaking flykta omtrent to millionar hutuar til nabolanda Burundi, Tanzania, Uganda og Zaire, noko som resulterte i ei større flyktningkrise i regionen.

Det internasjonale tribunalet for Rwanda (ICTR) blei oppretta av Tryggingsrådet i SN i 1995 for å dømma dei ansvarlege for folkemordet, og det tradisjonelle rwandiske rettssystemet gacaca blei gjeninnført i 2001.

Nyare historie

I 1996 invaderte militære styrkar frå Rwanda nabolandet Zaïre (dagens DR Kongo) for å slå ned på fleire opprørargrupper av hutuar som hadde flykta dit etter folkemordet og som brukte landet som ein base for å gjennomføra angrep i Rwanda. Saman med Uganda allierte Rwanda seg med Laurent-Désiré Kabila, ein opprørsleiar frå det austlege Zaïre som var motstandar av den mangeårige diktatoren i landet, Mobutu Sese Seko. Rwanda deltok aktivt i opprøret, som blei kjent som den fyrste krigen i Kongo. Seko fall i mai 1997 og Kabila blei innsett som leiar same året. I 1998 bad Kabila rwandiske og ugandiske styrkar om å forlata landet, men verken Rwanda eller Uganda gjekk med på dette, noko som resulterte i den andre krigen i Kongo. Etter mange forsøk på ei løysing av konflikten blei det i 2002 inngått ei fredsavtale som innebar tilbaketrekking av rwandiske troppar frå Kongo mot at ekstremistiske hutu-militsar blei avvæpna.

I 2000 blei Paul Kagame innsett som den nye presidenten i landet, og i 2003 vann han det første presidentvalet sidan 1994. Same året blei det vedteke ein ny grunnlov Rwanda etter ei folkerøysting. Kagame blei gjenvald igjen i 2010 og 2017. I løpet av 2000-talet har det blitt gjennomført fleire tiltak for å modernisera økonomien i landet, og landet har opplevd større økonomisk vekst og utvikling. Landet sin HDI (indeks for menneskeleg utvikling) har hatt kraftig vekst, og delen fattige i landet blei redusert frå 57 % i 2006 til 45 % i 2011. Den forventa levealderen har òg auka, frå 46,6 år i 2000 til 59,7 år i 2015.

Folkesetnad

Rwanda 
Folkesetnadspyramide for Rwanda, 2016.
Foto: Central Intelligence Agency: The World Factbook

I 2019 anslo National Institute of Statistics of Rwanda (NISR) folketalet i landet til 12 374 397. Ved folketeljinga i 2012 hadde landet 10 515 973 innbyggjarar.

Rwanda har ein ung folkesetnad; ved folketeljinga i 2012 var 43,3 % av folkesetnaden under 15 år og 53,4 % mellom 16 og 64. I 2020 var den årlege fødselsraten estimert til 27,9 fødslar per 1 000 innbyggjar og dødsraten til 6,1 døde per 1 000 innbyggjar. Den forventa levealderen er 65,1 år (67,1 år for kvinner og 63,2 år for menn), noko som er den 37. lågaste blant 224 av landet i verda og territorium.

Rwanda er eit av dei tettast folkesette landa i Afrika, med 470 innbyggjarar per kvadratkilometer (estimert 2019). Historikarar som Gérard Prunier trur at årsaka til den høge folketettleiken delvis kan tilskrivast folkemordet i 1994. Det meste av folkesetnaden i landet bur i landlege strøk, og landsbyar og bustadhus er jamt fordelt over heile landet. Det einaste tynt folkesette området i landet er savanneområdet i den tidlegare provinsen Umutara og Akagera nasjonalpark i aust.

Den største byen er hovudstaden Kigali sentralt i landet, med over éin million innbyggjarar. Den raske folkeveksten i byen har lagt press på infrastrukturen. I 2012 var grensebyen Gisenyi i nordvest den nest største byen, med 126 000 innbyggjarar. Andre større byar er Ruhengeri, Butare og Muhanga, som alle har under 100 000 innbyggjarar.

Delen folk som budde i tettbygde strøk steg frå 6 % i 1990 til 16,6 % i 2006, og var anslege til å vera 17,4 % i 2020.

Folkegrupper

Rwanda 
Rwandiske born i ein landsby ved Volcanoes nasjonalpark.
Foto: Sarel Kromer

Folkesetnaden er i hovudsak samansett av dei tre etniske gruppene hutu, tutsi og twa. Den største gruppa er hutuane, som i 1994 utgjorde omtrent 85 % av folkesetnaden. Tutsiane utgjorde omtrent 14 % og twaane omtrent 1 %.

Twa er eit pygméfolk som stammar frå dei tidlegaste busetjarane i landet. Korleis ein skil hutuar og tutsiar frå kvarandre er meir omstridd.

Det finst to teoriar om opphavet til hutuane og tutsiane. Den eine er at dei stammar frå to ulike folkeslag, medan den andre er at dei opphavleg var eitt folkeslag, som sidan er blitt delt på ein kunstig måte gjennom ei inndeling i to kastar. Nyare genetiske undersøkingar har vist at tutsiar har eit større genetisk innslag frå nilosahariske folk (14,9 %) enn hutuar (4,3 %).

Historisk sett har det vore sosiale skilnader mellom hutuane og tutsiane. Før hutuopprøret i 1959 var tutsiane den dominerande overklassa med politisk kontroll, sjølv om dei var i mindretal (rundt 24 % av folkesetnaden). Hutuane var jordbrukarar, medan twafolk var jegerar og samlarar busette i skogområde. Under hutuopprøret som byrja i 1959 blei 336 000 tutsiar tvinga ut av landet, noko som gjorde dei til ein endå mindre minoritet. Den noverande regjeringa råder mot å skilja mellom hutu, tutsi og twa, og har fjerna slik etnisk klassifisering frå identifikasjonskort. Folketeljinga i 2002 var den første sidan 1933 som ikkje delte den rwandiske folkesetnaden i dei tre gruppene.

Det bur eit lite tal europearar, asiatar og afrikanarar frå nabolanda i Rwanda. Ved ei folketeljing i 1996 blei det òg rapportert andre minoritetar: banyenkombo (rundt 57 000 personar), bagogwe (500–1500 personar) og banyambo (rundt 400 personar).

I 2008 budde det omtrent 54 200 flyktningar og asylsøkarar i Rwanda, inkludert 51 300 frå Den demokratiske republikken Kongo og meir enn 2 900 frå Burundi.

Språk

Nesten heile folkesetnaden i Rwanda snakkar njaruanda (kinyarwanda). Språket er eit bantuspråk i nigerkongo-familien, og er nært i slekt med rundi, som blir tala i nabolandet Burundi. Njaruanda har offisiell status saman med engelsk, fransk og swahili, som ikkje er førstespråk for meir enn 1 % kvar av folkesetnaden. Innbyggjarar på Nkomboøya i Kivusjøen vest i landet snakkar mashi, eit språk som er nært i slekt med njaruanda.

Under kolonitiden var dei største europeiske språka tysk og fransk. Sistnemnde blei introdusert av Belgia i 1916, og blei verande eit offisielt og mykje utbreitt språk etter at Rwanda blei uavhengig i 1962. Både fransk og engelsk har historisk sett blitt brukt av svært få, men engelsk blei vanlegare då engelsktalande rwandiske flyktningar flytta attende til landet i 1990-åra. På grunn av det anstrengde tilhøvet mellom styresmaktene i Rwanda og Frankrike blei det i 2008 bestemt at engelsk skulle erstatta fransk som undervisingsspråk i vidaregåande skule og høgare utdanning, med verknad frå 2010. I desember 2014 blei dei nye franc-setlene gjevne ut på engelsk og njaruanda, og fransk blei fjerna.

Swahili blir òg nytta ein del som andrespråk, særleg blant returnerte flyktningar frå Uganda, Kenya, Tanzania og Kongo, og dei som bur i landsbyane langs grensa til sistnemnde. I februar 2017 blei det vedteke å gjera swahili til eit offisielt språk. Språket blir brukt i nabolanda Uganda og Tanzania, og fleire rwandere flykta til desse landa under folkemordet i 1994, og heldt fram å bruka språket etter at dei flytta attende igjen. Dessutan blei Rwanda medlem i det austafrikanske fellesskapet i 2007, der medlemmane er forplikta til å ha swahili som eit offisielt språk.

Religion

Rwanda 
Ei katolsk kyrkje i Rwamagana. Katolsk kristendom er den største religionen i landet.
Foto: SteveRwanda aka Amakuru

Den største religionen i Rwanda er kristendom. Ved folketeljinga i 2012 var 43,7 % av folkesetnaden katolikkar, 37,7 % var protestantar, 11,8 % var sjuandedagsadventistar, 2 % var muslimar (primært sunnimuslimar), 0,7 % var Jehovas vitne og 2,5 % var ikkje religiøse.

Ein del tutsiar reknar seg for å vera jødar som er etterkommarar av migranter frå Kongedømet Kusj (dagens Etiopia). Det finst òg små samfunn av hinduar og buddhistar, som for det meste er forretningsfolk frå Kina og India, universitetstilsette og studentar.

Sjølv om berre 0,1 % av folkesetnaden praktiserer tradisjonelle religionar, har slike religionar ein innverknad på lokale trusførestillinger. Mange ser på den kristne Gud og den tradisjonelle rwandiske guden Imana som den same.

Kristne misjonærar kom til landet i dei tyske og belgiske koloniperiodane. Då katolske misjonærar kom til Rwanda på slutten av 1880-åra, bidrog dei til teorien om hutuane og raseopphavet til tutsiane, og at tutsiane var den overlegne rasen. Kyrkja skal ha spelt ei viktig rolle i å skapa rasemessige konfliktar mellom hutuane og tutsiane, delvis fordi hutuane, som utgjorde fleirtalet av folkesetnaden, var meir villige til å konvertera. Islam blei introdusert av arabiske elfenbein- og slavehandlarar frå slutten av 1700-talet, men religionen blei ikkje særleg utbreidd i folkesetnaden. Dette kjem hovudsakleg av at arabarane var meir opptekne av handel enn av misjon, og at kristendomen hadde vunne fotfeste mot slutten av 1800-talet og blei favorisert av den tyske koloniadministrasjonen. Mange rwandarar konverterte til islam etter folkemordet i 1994, blant anna på grunn av rolla til katolske og protestantiske leiarar i folkemordet.

Grunnlova i Rwanda garanterer religionsfridom, og styresmaktene i landet respekterer stort sett denne retten i praksis.

Politikk og administrasjon

Rwanda 
Paul Kagame har vore president i Rwanda sidan 2000.

Rwanda er ein republikk med presidenten som statsoverhovud. Presidenten blir vald kvart sjuande år, og utnemner statsministeren og alle regjeringsmedlemmane. Presidenten er òg leiaren for dei væpna styrkane i landet. Den sitjande presidenten er Paul Kagame, som blei innsett etter at forgjengaren Pasteur Bizimungu trekte seg i 2000. Kagame vann presidentvala i 2003 og 2010. Artikkel 101 i grunnloven hadde tidlegare avgrensa presidentar til to valperiodar, men dette blei endra i ei folkerøysting frå 2015, som blei utført etter ein underskriftskampanje underskriven av 3,8 millionar rwandarar. Gjennom denne endringa i grunnlova kunne Kagame halda fram som president til 2034. Kagame blei vald for ein tredje periode i 2017 med 98,79 % av stemmane.

Grunnloven i Rwanda blei vedteken etter ei nasjonal folkerøysting i 2003. Under grunnloven har Rwanda eit flerpartisystem med ei regjering og politikk basert på demokrati og val. Grunnlova set likevel betingelser for korleis politiske parti kan operera. Artikkel 54 seier at «det er forbode for politiske organisasjonar å basera seg på rase, etnisk gruppe, stamma, klan, region, kjønn, religion eller andre faktorar som kan føra til diskriminering.» Regjeringa har òg vedteke lovar som kriminaliserer idelogi basert på folkemord, som kan inkludera truslar, ærekrenkjande talar, fornekting av folkemord og hån mot offer. Til trass for at landet har ein demokratisk grunnlov, har president Kagame fått kritikk for ein autoritær leiarskap. Det politiske landskapet i landet har vore dominert av Kagame sitt parti Rwandan Patriotic Front (RPF) sidan 1994. Partiet har hatt jamn oppslutning ved val, opposisjonspolitikarar har blitt truga, arrestert og tvinga i eksil og media i landet driv regelmessig sjølvsensur.

Parlamentet i Rwanda består av to kammer. Overhuset er Senatet (Umutwe wa Sena), som har 26 medlemmar som blir valde for åtte år. Tolv av dei blir valde av lokale styresmakter, åtte blir utnemnde av presidenten, fire blir utnemnde av politiske organisasjonar og to frå høgare læraranstaltar. Minst 30 % av medlemmane skal vera kvinner. Underhuset er Huset til representantane (Umutwe w'Abadepite), som har 80 medlemmar valde for femårsperiodar. 24 av plassane er reserverte for kvinner, som blir valde av lokale styresmakter, tre er fo unge og uføre, som blir valde av organisasjonar, og dei attverande 53 plassane blir valde i direkte val. Etter valet i 2013 var det 51 kvinnelege medlemmar, opp frå 45 i 2008. Frå 2019 var Rwanda eitt av berre tre land med kvinneleg fleirtal i det nasjonale parlamentet.

Administrativ inndeling

Rwanda 
Kart over provinsane i Rwanda
Kartskisse av: CIA World Factbook

Rwanda er delt inn i provinsar (intara), distrikt (uturere), byar, kommunar, sektorar (imirenge), «celler» (utugari) og landsbyar (imidugudu). Dei større administrative einingane og grensene deiar er oppretta av parlamentet. Dei fem provinsane fungerer som eit mellomledd mellom den nasjonale regjeringa og dei konstituerande distrikta deira for å sikra at nasjonal politikk blir gjennomført på distriktsnivå. Kvar provins er leia av ein guvernør som er utnemnd av presidenten og godkjend av senatet. Distrikta er ansvarlege for å koordinera levering av offentleg tenesteyting og økonomisk utvikling. Dei er delt inn i sektorar, som er ansvarlege for levering av offentlege tenester som pålagde av distrikta. Distrikt og sektorar har direkte valde råd, og er leia av ein komité vald av rådet. Cellene og landsbyane er dei minste politiske einingane, og fungerer som eit samband mellom folket og sektorane. Alle vaksne innbyggjarar er medlemmar av det lokale cellerådet, som det blir vald ein komité frå.

Dei noverande provinsgrensene blei utforma i 2006 med mål om å desentralisera makta og fjerne assosiasjonar til det gamle systemet og folkemordet. Den førre strukturen med tolv provinsar knytte til dei største byane blei erstatta av fem provinsar hovudsakleg basert på geografi. Dei fem provinsane er Nordprovinsen, Sørprovinsen, Vestprovinsen, Austprovinsen og Kigali (hovudstaden).

Forsvars- og utanrikspolitikk

Rwanda er medlem av Dei sameinte nasjonane (SN), Den afrikanske unionen, Det austafrikanske fellesskapet (EAC), Samveldet av nasjonar og Organisation internationale de la francophonie (OIF). Under Juvénal Habyarimana hadde landet sterk tilknyting til Frankrike, i tillegg til Belgia, den tidlegare kolonimakta. Under RPF har landet derimot skapt tettare band til nabolanda i Det austafrikanske fellesskapet og med den engelsktalende verda. Diplomatiske samband med Frankrike blei brotne i 2006 etter at ein fransk dommar tiltalte ni rwandere i samband med drapet på Juvénal Habyarimana og Cyprien Ntaryamira i 1994, og blei oppretta igjen i 2009. Tilhøvet til Den demokratiske republikken Kongo var anspent etter Rwanda is deltaking i den første og den andre krigen i Kongo. Den kongolesiske hæren hevda at Rwanda angreip troppane deira, medan Rwanda skulda den kongolesiske regjeringa for ikkje å slå ned på hutuopprørarar i Nord- og Sud-Kivu-provinsane aust i Kongo. Tilhøva blei forverra då kongolesiske styresmakter skulda Rwanda for å støtta opprørargruppa M23 under konflikten i Aust-Kongo i 2012. I 2015 var freden mellom landa retta opp igjen og tilhøvet var blitt forbetra. Rwanda sitt tilhøve til Uganda var òg anspent gjennom store delar av 2000-åra etter eit samanstøyt mellom dei to landa i 1999, då dei støtta motstridande opprørsgrupper under den andre krigen i Kongo, men blei betydeleg forbetra på byrjinga av 2010-åra. I 2019 blei tilhøvet mellom dei to landa forverra igjen, og Rwanda stengte grensene til Uganda.

Rwanda 
Soldatar frå RDF saman med amerikanske soldatar.
Foto: Staff Sgt. Kathrine McDowell

Det rwandiske er den nasjonale hæren i landet. Han består hovudsakleg av soldatar frå den tidlegare Rwandan Patriotic Army (RPA), og inkluderer Hæren (Rwanda Land Force), Luftforsvaret (Rwanda Air Force) og spesialeiningar. Etter den vellukka erobringa av landet i 1994 etter folkemordet i Rwanda, bestemte Rwandas patriotiske front (RPF) seg for å dela seg i ein politisk divisjon (som heldt på RPF-namnet) og RDF, ein militær divisjon som skulle tena som den offisielle hæren for den rwandiske staten. I 2019 hadde forsvaret i Rwanda ein styrke på 33 000 aktivt personell, i tillegg til 2000 paramilitære styrkar.

Forsvarsutgiftene representerer enno ein viktig del av nasjonalbudsjettet, hovudsakleg på grunn av tryggleiksproblem langs grensene mot Kongo, Burundi og Uganda. I 2017 brukte Rwanda 1 % av bruttonasjonalproduktet på forsvaret. I 2010 gav SN ut ein rapport som skulda den rwandiske hæren for å begå omfattande menneskerettsbrot og lovbrot mot menneskja i Den demokratiske republikken Kongo under den fyrste og andre krigen i Kongo, men desse anklagane blei nekta for av den rwandiske regjeringa.

Rettsvesen

Rwandas rettssystem er i stor grad basert på tyske og belgiske sivilrettssystemet og sedvanerett. I følgje grunnlova har Rwanda eit uavhengig rettsvesen, sjølv om presidenten og senatet er involvert i utnemninga av høgsterettsdommarar. Domstolane er delte i to grupper, ordinære og spesialiserte domstolar. Dei ordinære domstolane består av høgsterett, øvre rett (High Court) og regionale domstolar, medan dei spesialiserte domstolane er militære domstolar og eit system med handelsdomstolar oppretta i 2011 for å framskynde rettstvistar innan handel. Mellom 2004 og 2012 fanst eit system med gacaca-domstolar. Gacaca er tradisjonelle rwandiske domstolar som blei drivne av landsbyar og lokalsamfunn, og blei gjeninnført for å stilla folk som var mistenkte for folkemord for retten.

Økonomi

Rwanda 
Kaffibøner til tørk i Maraba. Kaffi er blant Rwandas viktigaste eksportvarer.
Foto: SteveRwanda aka Amakuru
Rwanda 
Arbeidarar på ein teplantasje.

Den rwandiske økonomien blei hardt ramma under folkemordet i 1994, då landet hadde store tap av liv, manglande vedlikehald av infrastruktur, plyndring og øydelegging av viktige avlinger. Dette gav eit stort fall i BNP og øydela høvet til å tiltrekkja seg private og eksterne investeringar. Økonomien i landet var i sterk vekst på 2000-talet, og i 2019 var BNP per innbyggjar (PPP) rekna til 2444 dollar, samanlikna med 416 dollar i 1994. Denne vedvarande økonomiske veksten har ført til redusert fattigdom i landet, og perioden med økonomiske vekst mellom 2006 og 2011 reduserte delen av folkesetnaden i landet som levde i fattigdom frå 57 % til 45 %. Infrastrukturen i landet har òg blitt forbetra, blant anna fordi kinesiske selskap har gjort investeringar.

Rwanda 
Hovudstaden Kigali er Rwandas økonomiske og finansielle sentrum.
Foto: Adrien K

Den rwandiske økonomien er dominert av jordbruk til innanlandsk bruk. Rundt 90 % av folkesetnaden er sysselsett i jordbruksindustrien, særleg innan sjølvbergingsjordbruk, og jordbruk utgjorde anslagsvis 32,5 % av bruttonasjonalproduktet i landet i 2014. Dei viktigaste landbruksprodukta som blir dyrka i landet er kokebananar, poteter, bønner, søtpoteter, maniok, kveite og mais. Kaffi og te er dei viktigaste eksportvarene. Matproduksjonen held ofte ikkje tritt med befolkningsveksten, og import av mat er difor naudsynt. Det blir drive oppdrett av husdyr som kyr, geiter, sauer, griser, kylling og kaninar. Fiske er relativt lite utbreidd, og føregår hovudsakleg i Kivusjøen vest i landet.

Industrisektoren er avgrensa og lite eksportorientert. Han stod for 14,8 % av BNP i 2014. Landet produserer sement, landbruksprodukt, drikkevarer, såpe, møblar, skor, plastvarer, tekstilar og sigarettar. Gruveindustrien i Rwanda er ein viktig bidragsytar til økonomien i landet, med utvinning av metall og mineral som som kassiteritt, wolframitt, gull og coltan. Coltan blir brukt til produksjon av elektroniske apparat og mobiltelefonar.

I 2017 var dei største eksportmarknadene Dei sameinte arabiske emirata, Kenya, Sveits, DR Kongo, USA og Singapore, medan landet importerte mest frå Kina, Uganda, India, Kenya, Tanzania og Dei sameinte arabiske emirata. Dei viktigaste importvarene er maskineri og utstyr, stål, petroleumsprodukt, matvarer, sement og byggemateriale.

Valutaen i landet er rwandisk franc. Etter at Rwanda blei medlem av Det austafrikanske fellesskapet i 2007 blei det lagt planar for ein felles valuta kalla austafrikansk shilling med ei planlagt innføring 2024, etter å ha blitt utsett i 2012 og 2015.

Servicesektoren i landet lei under resesjonen i slutten av 2000-åra då banklån og utanlandske bistandsprosjekt og investeringar blei reduserte. Sektoren kom seg igjen i 2010, då han bidrog med 43,6 % av BNP i landet. Servicesektoren omfattar finans, handel, hotell og restaurantar, transport, lagring, kommunikasjon, forsikring, eigedom, forretningstenester og offentleg administrasjon, inkludert utdanning og helse. Turisme er blant dei raskaste veksande næringane i landet, og er spesielt knytt til den mangfaldige naturen og dyrelivet i landet. Rwanda er saman med Uganda eit av berre to land i verda der menneske kan sjå gorillaer i trygge omgivnader, og fleire tusen turistar vitjar landa årleg for dette føremålet. 864 000 personar vitja landet i 2013, opp frå 504 000 i 2010.

Rwanda 
Ei vasspumpe i eit landleg område i Rwanda.
Foto: Jon Gos

Den rwandiske regjeringa prioriterte vassforsyninga i landet på 2000-talet ved å auka delen av nasjonalbudsjettet til dette føremålet betydeleg. I 2014 hadde 84,8 % av folkesetnaden i landet tilgang til trygt drikkevatn. Tilgangen til sanitæranlegg er òg forbetra, og i 2014 anslo UNDP at 83,4 % av folkesetnaden hadde tilgag til forbetra sanitæranlegg.

Rwanda 
Kigali internasjonale lufthamn i Kigali.
Foto: SteveRwanda aka Amakuru

Kraftforsyninga i Rwanda var fram til tidleg på 2000-talet basert på vasskraft, der kraftverk knytte til innsjøane Burera og Ruhondo stod for 90 % av elektrisitetsproduksjonen i landet. Ein kombinasjon av mindre nedbør og menneskeleg aktivitet, mellom dei drenering av Rugezi-våtmarkene til dyrking og beiting, førte til at vasstanden i dei to innsjøane fall frå 1990 og utover. I 2004 var nivåa redusert med 50 %, noko som førte til nedgang i kraftproduksjonen. Regjeringa rehabiliterte Rugezi-våtmarkene, som forsyner Burera og Ruhondo med vatn, og investerte i ei ordning for å utvinna metangass frå Kivusjøen, som i sin første fase var forventa å auka kraftproduksjonen i landet med 40 %. Per 2014 hadde 19,8 % av folkesetnaden tilgang til elektrisitet.

Transport i Rwanda er basert på vegnettet. Til saman har landet 12 000 km med veg, 1000 km av han asfaltert. Det finst asfalterte vegar mellom Kigali og dei fleste andre større byar og tettstader i landet. Rwanda har òg vegsamband med nabolanda. Den viktigaste forma for kollektivtransport er minibussar, som står for meir enn halvparten av all passasjerkapasitet.

Kigali internasjonale lufthamn i Kigali har flygingar til fleire internasjonale reisemål. Dei travlaste rutene går til Jomo Kenyatta internasjonale lufthamn i Kenya og Entebbe i Uganda. Det er éi innanriksrute i landet, mellom Kigali og Kamembe lufthamn nær byen Cyangugu i vest. I 2017 starta bygginga av Bugesera internasjonale lufthamn sør for Kigali. Det nasjonale flyselskapet er RwandAir, og landet er også tent av sju utanlandske flyselskap.

Det finst ingen jernbaner i Rwanda, men det er planlagt fleire jernbanelinjer, mellom dei ei linje til nabolandet Tanzania.

Samfunn

Kalender og heilagdagar

I løpet av året er det 15 offentlege fridagar i Rwanda. Den siste laurdagen i kvar månad er umuganda, der det over heile landet blir utført obligatorisk samfunnsarbeid frå kl. 08.00 til kl. 11.00 . Deltaking i umuganda er lovpålagt, og unnlating frå å delta kan resultera i bot. Sjølvstendedagen til Rwanda er den 1. juli, og blir feira til minne om sjølvstendet i landet frå Belgia den 1. juli 1962. I tillegg blir frigjeringsdagen feira den 4. juli, som markerer at Rwandas patriotiske front (RPF) overvann Habyarimana-regimet og dermed avslutta folkemordet i 1994. Minnedagen for folkemordet i 1994 blir markert den 7. april, og den påfølgjande veka er ei offisiell sorgveke.

Av religiøse høgtidsdagar er opptakinga av Jomfru Maria til himmelen (15. august), første og andre juledag (25. og 26. desember), dei bevegelege kristne høgtidene langfredag og påskedag og dei muslimske høytidene id al-fitr og id al-adha offentlege fridagar. I tillegg er nyttårsdag (1. januar) og dagen etter (2. januar) og Den internasjonale kampdagen til arbeidarane (1. mai) fridagar.

Utdanning

Rwanda 
St Vincent dei Paul-skulen i Muhihi.

Alle elevar i Rwanda har plikt til å fullføra seksårig grunnskule og treårig lågare vidaregåande skule. Skulen er gratis, men foreldre er forventa å bidra med kostnadene til utdanninga til borna ved å blant anna kjøpa skuleutstyr, støtte lærarutvikling og gje eit bidrag til bygging av skular. Rwanda er blant landa i Afrika sør for Sahara med høgast del elevar i grunnskulen, med 96,9 % i 2015. Likevel er det berre 60,4 % av dei som fullfører grunnskulen.

I 2018 var det 40 institusjonar for høgare utdanning i Rwanda, 12 av dei offentlege og 32 private. Det første universitetet i Rwanda, Université nationale du Rwanda, blei opna av styresmaktene i 1963, med 49 studentar. I 2013 blei det offentlege Universitetet i Rwanda (University of Rwanda, UR) oppretta ved ei samanslåing av fleire utdanningsinstitusjonar i landet.

I 2018 var lesekunna blant folkesetnaden i Rwanda over 15 år 73 %.

Massemedium

Dei største radio- og TV-stasjonane er statlege, og fleirtalet av avisene i landet er eigde av regjeringa. Til saman var det 34 radiostasjonar, 14 TV-stasjonar og 46 avisar i 2019. Dei fleste rwandarar har tilgang til radio. Den største radiostasjonen er den statlege Radio Rwanda. Tilgang på fjernsyn er avgrensa, og dei fleste heimar i landet har ikkje eige fjernsynsapparat. Digital-TV blei tilgjengeleg i 2014, og eit år seinare var det sju operative nasjonale stasjonar.

Den største og eldste avisa i landet er engelskspråklege The New Times, som blei skipa i 1995. Det finst òg andre engelskspråklege aviser, mellom dei Rwanda Eye, Business Daily, News of Rwanda og The Rwandan; dei to sistnemnde blir òg gjevne ut på njaruanda.

Pressen i Rwanda er strengt avgrensa. På World Press Freedom Index, ei årleg rangering av land etter pressefridom gjort av Reportere uten grenser, er Rwanda rekna som nummer 155 blant 180 land. Aviser i landet driv rutinemessig sjølvsensur på grunn av frykt for trakassering, truslar og nedleggingar.

Helse og levekår

Rwanda 
Butaro sjukehus i Burera i Nordprovinsen.
Foto: François Terrier

Rwanda skårar dårleg på dei fleste levekårsundersøkingar, og blei rangert som nummer 157 av 189 på lista over land etter HDI i 2019. Delen personar som lever i ekstrem fattigdom (under 1,90 dollar om dagen) var 55,5 % i 2011.

Helsemessige tilhøve i Rwanda har historisk sett vore dårlege, både før og like etter folkemordet i 1994. I 1998 døydde meir enn eitt av fem barn før dei fylte fem, ofte av malaria. På byrjinga av 2000-talet har Rwanda derimot fått betringar på ei rekkje viktige helseindikatorar. Mellom 2005 og 2013 auka den forventa levealderen frå 55,2 til 64,0 år, døydelegheiten for barn under 5 år fall frå 106,4 til 52,0 per 1000 fødslar, og førekomsten av tuberkulose har falle frå 101 til 69 per 100 000 menneske. Utbreiinga av HIV/AIDS, med ein anslegen førekomst på 3,1 % i 2016, er framleis relativt høg. Førekomsten av hiv har hovudsakleg halde seg stabil, med ein nedgang sidan slutten av 1990-år. Malaria og tuberkulose er framleis alvorlege helseproblem i Rwanda, men begge sjukdomane har hatt ein nedgang i førekomst på starten av 2000-talet.

Helsesystemet i landet er rekna for å vera blant dei med høgast kvalitet i Afrika. Helseforsikring blei obligatorisk for alle innbyggjarar i 2008, og i 2010 var over 90 % av folkesetnaden dekt. President Kagame gjorde helsevesenet til ei av prioriteringene for utviklingsprogrammet «Visjon 2020» (Vision 2020), og auka utgiftene til helsehjelp til 6,5 % av bruttonasjonalproduktet i landet i 2013, samanlikna med 1,9 % i 1996. Rwandiske styresmakter har arbeidd for å styrkja rolla til lokalsamfunna i styring og medfinansiering av helsetenester gjennom eit system med helseforsikringsordninger kjend som mutuelles de santé eller berre mutuelles. Helsevesenet i landet driv 499 helsesenter, 476 helsestasjonar som hovudsakleg er involvert i polikliniske program som immunisering og familieplanleggingstenester, og dessutan 36 distriktssjukehus.

Likestilling

Rwanda er eit av dei meste likestilte landa i Afrika, og i 2020 blei landet plassert på 9. plass på Global Gender Gap Report, ein årleg rapport om likestilling i over 150 land. Parlamentet har den høgaste prosentdelen kvinner i noko parlament i verda, med 63,8 % (2015), og Rwanda er eitt av berre tre land med eit kvinneleg fleirtal i det nasjonale parlamentet, saman med Bolivia og Cuba.

Kultur

Musikk og dans

Rwanda 
Tradisjonelle intore-dansarar. Dans er ein sentral del av den rwandiske kulturen.
Foto: Fanny Schertzer

Musikk og dans er sentrale delar av den rwandiske kulturen, og inngår i lokale seremoniar, festivalar, sosiale høve og i historieforteljing. Dei mest kjende tradisjonelle dansane, intore og amaraba, består av tre komponentar: balletten (umushagiriro), som blir utført av kvinner; «heltedansen» (intore), som blir utført av menn; og tromminga, òg tradisjonelt utført av menn, på trommer kjende som ingoma. Den meste kjende dansegruppa er Urukerereza (National Ballet of Rwanda), som blei skopa av president Habyarimana i 1974, og som opptrer både nasjonalt og internasjonalt.

Musikk har tradisjonelt sett blitt overført munnleg, med musikkstilar som varierer mellom ulike folkegrupper i landet. Til dømes har hutuane humoristiske songtekstar om jakt og innhøsting, tutsiane har songar som er sentrerte rundt mot, krig og erobring, i tillegg til kveg, og twaane har songar om sin bakgrunn som jegerar. Trommer er det viktigaste instrumentet innan rwandisk musikk, og dei kongelege trommeslagarane hadde høg status hjå kongen (mwami) i kongeriket Rwanda. Trommeslagarar spelar saman i grupper av varierande storleik, vanlegvis mellom sju og ni personar. Landet har ein veksande populærmusikkindustri, som er påverka av regional musikk frå områda rundt dei store sjøane i Afrika og av kongolesisk og amerikansk musikk. Den mest populære musikksjangeren er hiphop, med ei blanding av dancehall, rap, ragga, R&B og dansepop.

Kunst

Rwanda 
Ei rwandisk voven korg (agaseke).
Foto: Fanny Schertzer

Tradisjonell kunst blir laga over heile landet, og brukskunst som vovne korger (agaseke) og bollar er spesielt utbreidd. Landet er kjent for imigongo, ei unik form for biletkunst der ein bruker kumøkk. Ho blir hovudsakleg laga søraust i Rwanda, og har ei historie som blir ført tilbake til då regionen var ein del av det uavhengige Gisaka-riket. Kumøkka blir blanda med jord i ulike fargar, gjerne raudt, blått, kvitt og svart, lagt i treformer og forma i spiralar og ulike geometriske mønster. Andre vanlege handverksprodukt inkluderer keramikk og treskjering.

Tradisjonelle bustadsstilar nyttar hovudsakleg lokalt tilgjengelege materiale. Sirkulære eller rektangulære hus bygd i gjørme med stråtak (kjend som nyakatsi) er dei vanlegaste. Rwandiske styresmakter har sett i gang eit program for å erstatta desse med meir moderne materiale som bølgjeblikk.

Film og litteratur

Rwanda har ikkje ei lang historie med skriven litteratur, men rwanderne har ein sterk munnleg tradisjon som blant anna omfattar poesi og folkehistorier. Mange moralske verdiar og historiske detaljar er blitt ført frå generasjon til generasjon på denne måten. Den best kjende rwandiske forfattaren var Alexis Kagame (1912–1981), som forska på og samla mykje av den munnlege historia i landet i bokform og skreiv eigen poesi.

Folkemordet i 1994 resulterte i framvoksteren av litteratur med vitneberetninger, essay og fiksjon frå ein ny generasjon forfattarar. Det er produsert ei rekkje filmar om folkemordet i Rwanda, mellom dei Golden Globe-nominerte Hotel Rwanda, 100 Days, Shake Hands with the Devil, Sometimes in April og Shooting Dogs; dei fire sisteblei filma i Rwanda og hadde overlevande frå folkemordet i rollebesetninga.

Mat og drikke

Rwandisk mat byggjer på lokale basismatvarer frå det tradisjonelle sjølvbergingsjordbruket. Historisk har det variert blant dei ulike folkegruppene i landet. Basismat inkluderer bananar, kokebananer (kjende som ibitoke), belgfrukter, søtpoteter, bønner og maniok. Mange rwandarar et kjøt berre nokre få gonger i månaden. Tilapia er populært blant dei som bur i nærleiken av innsjøar og har tilgang til fisk. Potet, som ein reknar med blei introdusert til Rwanda av tyske og belgiske kolonistar, er svært populært. Ugali, lokalt kjend som ubugari eller umutsima, består av maniok- eller maismjøl kokt med vatn til det får ein grautaktig konsistens, og er ein vanleg rett som blir eten i store delar av Aust-Afrika. Isombe er laga av mosa maniokblad og servert med tørka fisk. Ein typisk lunsj i Rwanda er vanlegvis ein buffet kjent som melange og sett saman av rettar nemnd over, og av og til kjøt. Grillspyd er den meste populære maten når ein et ute om kvelden, og er vanlegvis laga av geitekjøt, men nokre gonger òg av storfekjøt, svinekjøt eller fisk.

Mjølk, særleg i ei gjæra form kalla ikivuguto, er ein vanleg drikk i heile landet. Andre drikkevarer inkluderer eit tradisjonelt øl kalla urwagwa, som er laga av durra eller bananar, og som blir drukke under tradisjonelle ritual og seremoniar.

Idrett

Rwanda 
Den rwandiske syklisten Adrien Niyonshuti deltek på rundbanesykling under Sommar-OL 2012.
Foto: Tim Regan

Tradisjonelt sett har idrett i Rwanda vore ei form for feiring i form av konkurransar mellom personar under høgtider eller som ein måte å heidra vitjande høgtståande personar på. Vener og familie, særleg unge menn, viste ferdigheter og styrke ved slike hendingar, og idrettar som bryting, høgdehopp og bogeskyting har tradisjonelt vore utbreidd. Dei mest populære idrettane i Rwanda i moderne tid er fotball, volleyball, basketball og friidrett. Cricket har vakse i popularitet, på grunn av tilbakevendte flyktningar frå Kenya, som hadde lært å spela det der. Sykling, som tradisjonelt sett først og fremst har fungert som ein transportmåte i Rwanda, har òg vakse i popularitet som idrett.

Rwanda har konkurrert i dei olympiske leikane sidan 1984, og i dei paralympiske leikane sidan 2004. Landet har òg delteke i Samveldeleikane sidan det blei medlem av Samveldet av nasjonar i 2009. Basketballandslaget har vakse og blitt meir framtredande sidan midten av 2000-åra, og herrelaget kvalifiserte seg til finalane i den afrikanske basketballmeisterskapen fire gonger på rad frå 2007. Det rwandiske fotballandslaget har dukka opp i Afrikamesterskapet i fotball éin gong, i 2004, men klarte ikkje å gå vidare frå gruppespelet. Laget har ikkje klart å kvalifisera seg til konkurransen sidan, og har aldri kvalifisert seg til VM. Den øvste fotballdivisjonen i landet er Rwanda Premier League. Rwandiske klubbar deltek i Kagame Interclub Cup, ein fotballkonkurranse for sentral- og austafrikanske lag, som sidan 2002 er blitt sponsa av president Kagame.

Kjelder

Litteratur

Tags:

Rwanda GeografiRwanda Klima og miljøRwanda HistorieRwanda FolkesetnadRwanda Politikk og administrasjonRwanda ØkonomiRwanda SamfunnRwanda KulturRwanda KjelderRwanda LitteraturRwanda

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AnusSteinJordbruksrevolusjonenEpisenterLygraEukalyptusslektaAluminiumKolanøttJordskorpeplateFotWikipediaKvartalDen franske revolusjonenArgentinaBulgariaKristendommenPoLinn UllmannDen store depresjonenMarco PoloZaniar MatapourKaspihavetInkarikets fallGeir KarlstadHVACArne GarborgEØSAndreas ScheiUSAReligionskrigMonogamiAutoritetsdataVoss herad29. juniDet kyrilliske alfabetetLotta i BråkmakergataSkjorAkslaKnekkebrødSenjamålHelena BrodtkorbTadsjikistanSamiske språkByen PellaKvam heradTsarHareOrNamnedagSkjold-klasseHøgtalarVassreservoarMerima Maja BrkicGauderNynorskTelemark fylkeSør-AfrikaDet norske alfabetetStorbritanniaEirik RaudeSkotsk musikkAtommodellSkuleSigma2024Apollo 11SvovelkisKateríniProvinsen UtrechtHardingdialektKommunar i NoregMusculus latissimus dorsiJamstellingsvedtaket🡆 More