Colorado-elva (engelsk: Colorado River, spansk: Río Colorado) er ei 2 334 kilometer lang elv som renn frå delstaten Colorado, langs vestsida av Rocky Mountains, gjennom delstaten Utah og deretter Grand Canyon i delstaten Arizona.
Vidare dannar elva grense mellom Arizona og delstatane Nevada og California, før nedste del av elveløpet renn gjennom Mexico, der ho er grenseelv mellom delstatane Baja California og Sonora, og munnar ut i Californiabukta. Colorado-elva drenerer eit nedbørsfelt på om lag 629 100 km².
Colorado-elva | |||
elv | |||
Land | USA, Mexico | ||
---|---|---|---|
Colorado-elva 40°28′20″N 105°49′34″W / 40.4722°N 105.8261°W | |||
Kart over Colorado-elva og nedbørsfeltet hennar | |||
Wiki Commons: Colorado River | |||
Colorado-elva er demd opp fleire stader, nytta til vasskraft. Vassføringa er, mellom anna den grunn, låg når ho når havet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Colorado-elva, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.