Christine Hope (fødd 4.
mars">4. mars 1971) er ein norsk komikar og skodespelar.
Christine Hope | |||
Fødd | 4. mars 1971 (53 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Verka som | skodespelar, komikar | ||
Ektefelle | Eduardo Andersen | ||
Prisar | Komiprisen 2007 |
Hope er fødd i Bergen, men oppvaksen på Stord. Ho fekk sitt gjennombrot i 2003 i samband med humorserien Frittgående Hopa på TV 2. Serien gjekk fleire gonger i reprise, blant anna på TV 2 Zebra. Ho har sidan medverka i revyforestillingane som «I gode og galne dagar» (saman med Dag Schreiner) (2011), «Hope/Breivik tur retur» (saman med Ina Breivik) (2009), og «Herborg og Hope» (saman med Herborg Kråkevik) (2006). Ho har òg gjort nokre soloshow.
Hope har òg spelt i komediar, som blant anna Den stundesløse på Den Nationale Scene, i TV-seriar som Verdens beste SFO på NRK Super (2010-2011) og dramaserien Schmokk (NRK) (2011). I 2014, 2015, 2017, 2019 og 2021 var ho programleiar i Symesterskapet på NRK. Ho hadde stemma til Elfie i den animerte TV-serien Vennebyen (2009) og til nyhende-opplesaren i animasjonsfilmen Månelyst i Flåklypa (2018)
Hope vart kåra til «Årets kvinnelege scenekomikar» under Komiprisen 2017 for oppsetjinga «Hope, skulder, kne og tå».
Hope gifta seg i 2003 med musikaren Eduardo Andersen (betre kjent under namnet Doddo).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Christine Hope, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.