Britpop

Britpop er ein undersjanger av poprock og alternativ rock som oppstod i Storbritannia i 1990-åra.

Han skildrar den musikalske og kulturelle rørsla i midten av 1990-åra som la vekt på «det britiske» i musikken og haldningane, og skapte ein lys, fengande pop som var ein reaksjon til den USA-dominerte grunge-musikken og den britiske shoegazing-musikken. Dei mest suksessrike banda innafor sjangeren er Oasis, Blur, Suede og Pulp. Desse gruppene vart kjend som «dei fire store». Sjølv om britpop vart rekna som eit marknadsføringsreiskap, og meir ei kulturell rørsle enn ein musikkstil eller sjanger, er det musikalske former og påverknader som britpop-banda hadde til felles. Dette var til dømes element frå britisk popmusikk frå 1960-åra, glamrock og punkrock i 1970-åra, og indiepop i 1980-åra, som gjekk att i musikken, haldningane og kleda. Mange av dei var særleg inspirerte av The Smiths der songaren Morrissey ofte hadde eit nostalgisk syn på Storbritannia. Britpop var eit mediadrive fokus på band som dukka frå det sjølvstendige musikkmiljøet tidleg i 1990-åra - og var assosiert med Cool Britannia som kalla fram minner om Swinging Sixties og den britiske gitarpopen frå 1960-talet.

Då amerikanske grunge-band invaderte Storbritannia, stilte nye britiske grupper, som Blur og Suede seg opp som motståande musikalske krefter, og refererte til britisk gitarmusikk frå tidlegare tider og skreiv om typiske britiske tema og saker. Desse banda fekk etter kort tid med seg Oasis, Pulp, The Verve, Supergrass, Cast, Placebo, Space, Sleeper og Elastica.

Britpopband førte britisk alternativ rock ut til dei store massane og danna ryggraden i ei større britisk kulturrørsle kalla Cool Britannia. Det oppstod ein konkurranse mellom Blur og Oasis om å kome høgast på salslistene, kalla «The Battle of Britpop», som gjorde at britpopen fekk mykje mediaomtale i britisk presse i 1995. Innan 1997 hadde interessa byrja å minke, og mange av artistane sleit eller vart oppløyst. Populariteten til popgrupper som Spice Girls var medverkande til at det var dalande interesse for britpopen.

Band assosiert med britpop

  • Ash
  • Black Grape
  • The Bluetones
  • Blur
  • The Boo Radleys
  • Cast
  • The Divine Comedy
  • Dodgy
  • Echobelly
  • Elastica
  • Gene
  • Heavy Stereo
  • Marion
  • Me Me Me
  • Menswear
  • My Life Story
  • Northern Uproar
  • Oasis
  • Ocean Colour Scene
  • Powder
  • Pulp
  • Salad
  • Shed Seven
  • Sleeper
  • Strangelove
  • Suede
  • Supergrass
  • These Animal Men
  • Thurman
  • Whiteout

Kjelder

Tags:

Alternativ rockBlurGlamrockGrungePoprockPunkrockThe Smiths

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Den etiopiske kalenderenPandaZinédine ZidaneUtviklinga av traktorenHumleGro DahleOffentleg eigedomDet indiske kastesystemetUN-nummerNordsamiskProfessor emeritusGeometriJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughMikroByar i Hellas27-årsklubbenAlbaniaListe over primtalCascadaRoald AmundsenH.C. AndersenCarl XVI Gustaf av SverigeMogopHaakon Magnus av NoregItaliaProsaCysteHarald EiaOperativsystemLagerthaJournalistikkIndiaMólos-Ájos KonstandínosOrHaitiVår StaudeKreklingVengWiki CommonsGeijerFylkesveg 515Astrid LindgrenNitrogenBosnia-HercegovinaPlaneten MarsAnne HoltPeter GabrielReinSosialliberalismeSkhimatáriSlumdog MillionaireBroccoliniKasakhstanIrakISODístomo-Arákhova-AndíkyraTsjasiv JarNordfjordeidPláka DílesiHenrik IbsenTalordNordmennBørselvStavenesEngelskStorbritanniaEpiPenLotta i BråkmakergataLinn UllmannTidKopparVictoria av SverigeRundeMultiplikasjonAristotelesVM i fotball 2006Sandve🡆 More