Borgarleg

Ordet borgarleg har på norsk to heilt ulike tydingar, som i opphavsspråket fransk er klart skilde med to ulike ord.

Den eine tydinga er samfunnsmedlem, på fransk citoyen/citoyenne. Me kjenner igjen uttrykket i det å vera borgar i ein by eller å vera statsborgar i eit land.

Ordet borgarleg i tydinga for (alle) statsborgarar eller samfunnsmedlemer blir blant anna bruka i uttrykka «å gifta seg borgarleg» eller tidlegare «Borgarleg konfirmasjon», då i motsetning til kyrkjeleg, som i prinsippet berre er for medlemene av Den norske kyrkja.

Den andre tydinga er knytt til ei viss politisk orientering, på fransk bourgeois (bursjo'a)/bourgeoise. På norsk er borgarleg som politisk omgrep blitt nær på synonymt med ikkje-sosialistisk. I den første tida etter andre verdskrigen vart omgrepet borgarleg brukt om partia Høgre, Kristeleg Folkeparti, Bondepartiet/Senterpartiet og Venstre, etter 1972 òg Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet. Fram til stortingsvalet 1985 samarbeidde desse partia ofte med kvarandre både i koalisjonsregjeringar og på felleslister ved stortingsval. Sidan 1980-talet har omgrepet borgarleg i politikken blitt mindre klart definert. I 1985 gjekk Venstre til val på eit samarbeid med venstresida, og i 2005 gjorde Senterpartiet det same, medan dei tre sentrumspartia i 1997 gjekk til val på eit samarbeid med kvarandre utan å ville ha med seg verken Høgre eller Arbeidarpartiet. Det er dessutan mykje diskutert om Framstegspartiet kan reknast som eit borgarleg parti, sjølv om ingen tvilar på at det er ikkje-sosialistisk. Alt dette har ført til at omgrepet borgarleg er meir uklart og vert mindre brukt i politisk språkbruk i våre dagar.

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jaroslav SakalaHasardWattensSjøkrepsKrøllalfaMaud av NoregRaimbaut d'OrangeStorfuglNykøbing MorsNihilismeMorfemClaudio MonteverdiEikefjordJacob Tullin ThamsFolkestyreJomfru MariaO helga nattMidsommarSnikkarNSDAPEmma WatsonVrangianáKallifóniUTCOksygenStortinget T-banestasjonLoddePer PaustReutersKommunePeter Wessel TordenskjoldRådyrSalt157Nautisk milSylvi ListhaugEmma EllingsenC++Norsk folkedansSpeidarrørslaTelemark fylkeLewis CapaldiSiderForbrenningMoldedialektStomiHaaretzFeilslutningMusikkgruppa GåteSvanesjøenMånenSymbol i hinduismenMahatma GandhiEl NiñoSamleieVM i friidrett 1983IslandSamvirkelagBokfinkDas KapitalImperialismeIndonesiaVipeIltalehtiMayo ClinicIdrettshallSola kommuneSki-VM 2019Oslo kommuneStorbritanniaMicrosoft WindowsStatsreligionDogs av Pink Floyd🡆 More