Bengt er eit mannsnamn av svensk opphav, danna som ei form av Benedikt som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'.
Bengt har namnedag i Noreg og Sverige den 21. mars.
Bengt er kjend i svenske tekstar frå 1300-talet, då med skrivemåten Benkt. Andre namn med lik tyding og opphav er til dømes Ben, Bent og Bendik, medan Beate, Benedikte og Bente er nærskylde kvinnenamn.
Namnet var brukt sjeldan i Noreg først på 1900-talet, men bruken tok seg litt opp på 1920- og 1930-talet. I 1950- og 1960-åra voks bruken mykje, til ein topp på over 0,25 % rundt 1970. Deretter gjekk bruken bratt ned. I 2009 var det rundt 2 304 norske menn som heitte Bendik.
I Danmark heitte 1,0 % av menn, eller 27 415, Bent i 2008.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bengt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.