Bendik er eit mannsnamn, ei hovudsakleg norsk form av Benedikt som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'.
Bendik har namnedag den 21. mars. Namnet finst òg med skrivemåtane Bendic, Bendick, Bendiks og Bendix, dei sistnemnde òg i Danmark.
Andre namn med lik tyding og opphav er til dømes Bengt, Bent og Ben, medan Beate, Benedikte og Bente er nærskylde kvinnenamn.
Namnet Bendik er nesten berre brukt i Noreg, der det er kjend frå 1300-talet. Det blir mellom anna brukt i den mellomalderske riddarvisa «Bendik og Årolilja».
I nyare tid har namnet vore nokså lite brukt fram til 1980-talet, då bruken voks kraftig. Namnet nådde toppen av populariteten mot slutten av 1990-talet, før populæriteten gjekk raskt ned igjen.
I 2009 var det rundt 1 830 norske menn som heitte Bendik.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bendik, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.