Elsa Katrine Solberg Hattestad (fødd 18.
april">18. april 1966 i Lørenskog) er ein norsk tidlegare friiidrettsutøvar kjend som Trine Hattestad. Ho vann to VM-gull i spydkast og vart olympiameister i 2000. Ho var medlem av klubben Ski IL fram til 1985, frå 1986 medlem av Minerva. Ho spela handball på 2. nivå for Oppegård IL. Ho bur i Oppegård i Akershus.
Trine Hattestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. april 1966 (58 år) Lørenskog |
Idrett | friidrett, handball |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984 |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Bislett-medaljen, Fearnleys olympiske ærespris, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Sportsjournalistenes statuett, Pillarguriprisen |
15 år gammal tok Hattestad sølv i spydkast i noregsmeisterskapen, bak den dåverande noregseinaren Hilde Bratvold. Same resultat vart det året etter, men i 1983 var rollene bytt om. Trine Solberg vann då sitt første av tretten norske meisterskap med eit kast på 61,18 m. Under dei olympiske sommarleikane i 1984 kom ho på ein fin 5. plass. Dei påfylgjande sesongane kom og gjekk utan særleg framgang. Ho framstod som ein hellar tevlingssvak utøvar, presterte ikkje toppresultat i store og tette tevlingar.
I august 1989 testa ho positivt på ei A-prøve i ein dopingstest. Etter ei negativ B-prøve vart prøva avvist i januar 1990.
Den store framgangen kom i 1991-sesongen, då Trine Hattestad for aller fyrste gong slengde spydet forbi 70-metersbandet. Men i dei store meisterskapa lykkast ho ikkje, korkje i 1991 eller 1992. Fyrst ved verdsmeisterskapen i 1993 vart det fullklaff. Ho kasta då 69,18 m og vann gullet. Året etter vart ho europameister. Ho forsvarte VM-tittelen ved meisterskapen i Athen 1997. I hennar siste sesong, 2000, var ho klar favoritt ved dei olympiske leikane i Sydney. Ho opna i finalen med eit kjempekast på 68,78 m. Ingen andre kastarar klarte å overgå denne prestasjonen. Fem døgn etter ho hadde sikra seg OL-gullet, deltok ho i si siste tevling. I Grand-Prix-finalen i Doha vart Hattestad nummer to i spydtevlinga med eit kast på 65,86 m. Hattestad vann medaljar ved alle store internasjonale meisterskap, unnateike eitt, i perioden 1993-2000.
I etterkant av sommar-OL i 2000 vart Trine Hattestad tildelt både Fearnleys olympiske ærespris og Aftenpostens Gullmedalje.
Hennar beste kast i noko noregsmeisterskap kom i 1991. Ho kasta då 71,44 m og vann med over 20 meters margin.
28. juni 2000 sette Hattestad ny verdsrekord i Bergen med eit kast på 69,48 m.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Trine Hattestad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.