Basismat, basismatvare eller basiskost er ein mattype som blir eten til vanleg og i så store mengder at han utgjer ein viktig del av eit standard kosthald for ei viss gruppe menneske.
Basismaten tilfører ein stor del av energien og som regel også store delar av næringsstoffa folk treng. Vanlege basismatvarer i verda er kornslaga ris, kveite, mais, hirse, durra, rotfrukter som potet, maniok, jams og taro, og dyreprodukt som egg, mjølkeprodukt, fisk og kjøt. Belgfrukter som linser, bønner og erter er også viktige basismatvarer fleire stader i verda.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Basismatvare, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.