Balestrand Kommune: Tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke i Noreg

61°14′N 6°26′E / 61.233°N 6.433°E / 61.233; 6.433


Balestrand kommune
kommune
Balestrand Kommune: Kommunesoge, Balestrand prestegjeld og sokn, Kjelder
Balestrand Kommune: Kommunesoge, Balestrand prestegjeld og sokn, Kjelder
Kommunevåpen
Land Balestrand Kommune: Kommunesoge, Balestrand prestegjeld og sokn, Kjelder Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Balestrand
Areal 430 km²
 - land 412 km²
 - vatn 18 km²
Målform nynorsk
Ordførar Harald N. Offerdal (Ap)
Kommunenr. 1418

Balestrand kommune
61°10′39″N 6°24′14″E / 61.1775°N 6.403889°E / 61.1775; 6.403889
Balestrand Kommune: Kommunesoge, Balestrand prestegjeld og sokn, Kjelder
Wiki Commons: Balestrand (former municipality)
Nettstad: www.balestrand.kommune.no

Balestrand er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke, nord for den midtre delen av Sognefjorden. Kommunen grensa i nord til Førde, i aust til Sogndal og Leikanger, i sør til Vik (sør for Sognefjorden), og i vest til Høyanger og Gaular. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Leikanger og Sogndal til nye Sogndal kommune.

Balestrand er òg eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti.

Kommunesoge

Balestrand kommune vart oppretta i 1850 ved at området vart skild ut frå Leikanger kommune. Ved opprettinga budde det 2122 personar i Balestrand kommune. I 1964 var det større endringar i utstrekkinga til Balestrand og dei omliggjande kommunane. Vangsnes sokn, med 189 innbyggjarar, på sørsida av Sognefjorden vart overført frå Balestrand til Vik kommune. Området Hella til Eitorn, med 31 innbyggjarar, på austsida av Fjærlandsfjorden vart overført frå Balestrand til Leikanger kommune. Kvamsøy sokn, med 363 innbyggjarar, vart overført frå Vik kommune til Balestrand. I 2000 vart Fjærland sokn overført frå Balestrand til Sogndal kommune.

Balestrand prestegjeld og sokn

Balestrand Kommune: Kommunesoge, Balestrand prestegjeld og sokn, Kjelder 
Kvamsøy kyrkje frå slutten av 1200-talet

Balestrand prestegjeld vart oppretta samstundes med Balestrand kommune og fekk same utstrekkinga. Frå opprettinga og fram til og med 1963 hadde prestegjeldet sokna Tjugum, Vangsnes og Fjærland (fram til 1861 kalla Mundal sokn). Frå og med 1964 høyrde Vagnsnes til Vik prestegjeld medan Kvamsøy sokn høyrde til Balestrand. Fjærland sokn vart i 2000 overført til Sogndal prestegjeld og dei to gjenverande sokna i prestegjeldet vart slege saman til eitt Balestrand sokn. Frå 2000 har det vore tre kyrkjer i soknet, Kvamsøy kyrkje, Sæle kyrkje og Tjugum kyrkje. Fjærland kyrkje høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1850 til og med 1999, og Vangsnes kyrkje høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1850 til og med 1963. Frå 2004 vart prestetenesta i Balestrand leia av prosten i Ytre Sogn prosti og Balestrand prestegjeld er nedlagt. Då Ytre Sogn prosti vart lagt ned i 2013 vart Balestrand ført over til Sogn prosti.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Balestrand Kommune KommunesogeBalestrand Kommune Balestrand prestegjeld og soknBalestrand Kommune KjelderBalestrand Kommune BakgrunnsstoffBalestrand Kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KaspihavetCarl XVI Gustaf av SverigeLandskap i SverigeTeokratiThorbjørn BerntsenFinikeTrajansøylaManchesterDåhjortDet kyrilliske alfabetetRiftArabiskAnna MunchEKamelfamilienRaudstrupeKristian IV av Danmark-NoregBjørnChristine B. MeyerMobilapplikasjonUSAFolkesuverenitetsprinsippetØrjeDet hebraiske alfabetetRichard TandyDet norske alfabetetDanmarkFiskeslaget aspHebraiskZevsGiljotinKilowattBjarte TjøstheimSesame StreetGolfDet hev ei rosa sprungeMikroklin19Académie JulianWayback Machine84EpitelPannemerke i hinduismenKatten med støvlaneDet britiske imperietÅtselDen kinesiske kalenderenAngolaReligion i EnglandKarbonOstFDidrik Solli-TangenTjeldVår Frelsers gravlund1948LøveBergenEddiksyreBlackjackHamburg-Amerikalinja1921PortugalVologda oblastOrRusslandSnipefamilienSekulærT. RexKrøllparentesKarensdagCatherine av CambridgeAdamsepleUnixJosef StalinJordbruksrevolusjonen🡆 More