Førde Kommune: Tidlegare kommune i Sogn og Fjordane

Førde er ein tidlegare norsk kommune i Sunnfjord i tidlegare Sogn og Fjordane fylke på Vestlandet.

    Denne artikkelen handlar om kommunen Førde i Sogn og Fjordane. For tettstaden Førde i Hordaland, sjå Førde i Sveio.

Namnet Førde kjem av "firði", som tyder "inst i fjord". Førde kommune strekkjer seg frå inst i Førdefjorden til Jostedalsbreen. Han grensar til Jølster ved Moskog, til SogndalJostefonn, til Gaular ved Rørvikfloten i Haukedalen og ved Langeland, til Askvoll vest for Heilevang og til Naustdal frå stranda aust for Naustdal sentrum og i øvre Angedalen. Førde var den største kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal frå 2007, då han vart større enn Flora kommune. 1. januar 2020 vart Førde ein del av den nye Sunnfjord kommune.

Førde kommune
kommune
Førde Kommune: Samfunn, Næringsliv, Historie
Førde Kommune: Samfunn, Næringsliv, Historie
Kommunevåpen
Land Førde Kommune: Samfunn, Næringsliv, Historie Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Førde
Areal 586 km²
 - land 555 km²
 - vatn 31 km²
Målform nynorsk
Ordførar Olve Grotle (H)
Kommunenr. 1432

Førde
61°26′35″N 5°54′13″E / 61.443055555556°N 5.9036111111111°E / 61.443055555556; 5.9036111111111
Førde Kommune: Samfunn, Næringsliv, Historie
Wiki Commons: Førde (former municipality)
Nettstad: www.forde.kommune.no

Tettstaden Førde har hatt ein kraftig vekst dei seinare åra, og utvikla seg til å bli eit senter både i kommunen og i fylket. Førde er i dag ein moderne bygdeby med handel, service, helsevesen, kommunikasjon, utdanning og kultur.

Flyplassen Førde lufthamn, Bringeland ligg i nabokommunen Gaular.

Samfunn

Grender/tettstader

Næringsliv

Førde er fylkessenter for utdanning, kultur og samferdsel, men byen er kanskje best kjend for å vere eit handelssentrum i Sogn og Fjordane. Byen har 4 store kjøpesenter, best kjend er kanskje Handelshuset med sine 60 butikkar. Elles har det vorte offentleg kjent at ingen annan norsk kommune har like mange frisørsalongar pr. innbyggjar som Førde. Dei seinaste åra har fleire store landsdekkande kjeder etablert seg i kommunen, der i mellom Biltema, Coop Extra og Hennes & Mauritz.

Historie

Frå det kommunale sjølvstyret vart innført i Noreg i 1837, gjennom formannskapslovene, og fram til 1896 omfatta Førde kommune kyrkjesokna Førde, Holsen og Naustdal. I 1896 vart Naustdal skilt ut som eigen kommune. I 1965 vart kommunegrensene regulerte, og grendene frå Furevik i aust til Heilevang i vest på sørsida av fjorden frå Naustdal innlemma i Førde. Solheimsdalen og Fauske kom også med.

Prokuratoren Andreas Gunnerus Lind var den fyrste ordføraren i Førde, og sat frå 1838 til 1840. Kring 1870 vart det skipa Bondevenforeining, og dette vart det fyrste «politiske partiet» i både kommunen og fylket. Bondevenforeininga var avleidd av «jaabækianarane» på riksplan.

Staten utpeikte Førde som vekstsenter i 1965, og kommunen fekk med det hjelp til etablering og utvikling av industri og kulturtilbod. I 1997 fekk byen bystatus.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Førde kommune frå 1920:

1.12.1920 1.12.1930 3.12.1946 1.1.1951 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010
2623a 2764a 3082a 3080a 3399a 4728 7427 8744 10 647 12 035
    a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Naustdal kommune fram til 1964, då det vart overført til Førde kommune. Dette området hadde då 265 innbyggjarar, og utgjorde den delen av Naustdal kommune som låg sør for Førdefjorden.

Kultur

Kommunevåpen

Førde sitt kommunevåpen er teikna av Inge Rotevatn. Motivet er tre frå ardskjer/plogjarn på raud botn. Desse skal symbolisere landbruk (primærnæringa), vekst (vekstsenter) og utvikling (region og fylkessenter).

Verd å sjå

Kjende førdianarar

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Førde Kommune SamfunnFørde Kommune NæringslivFørde Kommune HistorieFørde Kommune KulturFørde Kommune Kjende førdianararFørde Kommune KjelderFørde Kommune BakgrunnsstoffFørde KommuneAskvoll kommuneFlora kommuneFørdeFørdefjordenGaular kommuneHaukedalenJostedalsbreenJostefonnJølster kommuneNaustdal kommuneSogn og Fjordane fylkeSogndal kommuneSunnfjordSunnfjord kommune

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

The DoorsISSNBlyantkvessarBergstaden RørosYacouba Isaac ZidaStavkyrkjeSverigePåskekrimLinda EideAnders Hovden2024MaginotlinaHaitiPredatorJack SonniBenito MussoliniGiant's CausewayHanamiIngrid Syrstad EngenSiamMaria MenaLohengrin sjokoladeAdolf HitlerMaud av NoregKaptein SabeltannOmanDoggerbankLa BambaRomteleskopet HubbleVassfjelletLandplantarSukkerKortromanHändels MessiasBillboardThe Hunchback of Notre DameTsjerkasy oblastCovid-19LondonWaylon JenningsDélta i ThessaloníkiDen industrielle revolusjonenFranskJulebukkDen apostoliske truvedkjenningaSamara oblastThe BeatlesCristiano RonaldoVietnamBarriemore BarlowLønnNynorskStoreggarasetOn the NightJonas Gahr StøreÉdessa i HellasTrude DrevlandOlav V av NoregFukuokaNasjonalplantarBeltegrader i judoDet norske alfabetetJohn KasichDavid CameronMørk materieHeartbreak HotelTysdagAlpaneMånenMark KnopflerDiskografien til QueenKielkanalenEurovision Song Contest 2012Peter Wessel TordenskjoldDown to the Waterline🡆 More