Asirfjella (arabisk عسير, ʿsyr) er eit fjellområde sørvest i Saudi-Arabia som går parallelt til Raudehavet.
Det består av områda i Asir innanfor Saudi-Arabia, men omfattar generelt òg område nær grensa til Jemen. Fjella dekkjer eit område på kring 100 000 km² og består av fjell, sletter og dalar i dei arabaiske høglanda.
Asirfjella | |||
fjellkjede | |||
I nærleiken av Jabal Sawda | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 21°36′N 39°48′E / 21.6°N 39.8°E | ||
Areal | 100 000 km² | ||
Asirfjella 18°16′00″N 42°25′00″E / 18.266666666667°N 42.416666666667°E | |||
| |||
Wiki Commons: Asir Mountains | |||
Fjella består hovudsakleg av sedimentære bergartar som kalkstein, sandstein og skifer frå jura, krit og paleogen over ein sokkel av prekambrisk granitt.
Regionen har den høgaste årsmiddelnedbøren i Saudi-Arabia[treng kjelde]. I snitt varierer nedbøren frå kring 600 mm til over 1000 mm i året i våte område. Dei austlege slettene og platåa får mykje mindre nedbør, frå 500 mm til mindre enn 100 mm i året.
Avlingar i regionen, som hovudsakleg vert dyrka i bratte, terrasserte fjellsider, og omfattar kveite, kaffi, bomull, indigo, ingefær, grønsaker og palmar. Regionen har òg kveg, sauer, geiter og kamelar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Asirfjella, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.