Hijazfjella eller Hejazfjella er ei fjellkjede i Hejaz-regionen vest i Saudi-Arabia.
Fjella går frå nord til sør langs austkysten av Raudehavet.
Hijazfjella | |||
Hejazfjella | |||
fjellkjede | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Provins | Hejaz | ||
Høgd | 2 100 moh. | ||
Koordinatar | 23°0′N 41°0′E / 23.000°N 41.000°E | ||
Hijazfjella 23°N 41°E / 23°N 41°E | |||
| |||
Wiki Commons: Hijaz Mountains | |||
Den vestlege kystskrenten langs Den arabiske halvøya består av to fjellkjeder, Hijazfjella i nord og Asirfjella lenger sør, med ei kløft mellom dei nær midten av kystlinja på halvøya. Frå ei høgd på 2100 moh heller fjellkjeda nedover mot kløfta til ei høgd på 600 meter over havet.
Fjella er bratte på vestsida mot Raudehavet, og dannar ei smal kystslette kalla Tihamah. Austsida er ikkje bratt og sjeldne regnfall skapar her oasar kring kjelder og brunnar i dei få wadiane som er der.
«Gullkrybba» (Mahd adh Dhahab) ligg i Hijazfjella i området mellom Mekka og Medina. Dette er den einaste kjende større gullkjelda i Arabia.
Hijazfjella vert rekna som kjelda til den eldgamle Pishonelva, som vart omtalt som ei av fire elvar tilknytt Edens hage. Dette er ein del av forskinga til Juris Zarins som plasserer Edens hage i nordenden av Persiabukta nær Kuwait.
Det inntørka elveløpet som no dannar wadien Wadi Al-Rummah og forlenginga Wadi Al-Batin vart identifisert av Farouk El-Baz i Boston University og kalla «Kuwaitelva». Dette går kring 1000 km nordaustover gjennom den saudiarabiske ørkenen og følgjer Wadi Al-Batin til Persiabukta. 'Pishon' eller 'Kuwaitelva,' og heile Hejaz-regionen, er estimert å ha tørka inn kring 2 500–3000 år sidan.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hijazfjella, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.