Andreas er eit mannsnamn avleidd av det greske ordet andrós som er genitivforma av anér, 'mann'.
Andre former av namnet er Anders, engelsk Andrew, fransk André, spansk Andres, samisk Ante og finsk Antti. Kvinnelege former er Andrine og Andrea, det sistnemnde er også mannsnamn på nokre språk.
Andreas har vore bruka som mannsnamn i Noreg frå 1100-talet. Etterkvart vart det mest brukt i forma Anders, men dei siste hundre åra har forma Andreas blitt vanlegare att.
Frå ca. 1980 og framover har det vore eitt av dei mest populære døypenamna, med ein foreløpig topp i 1994. Andreas har vore blant dei ti mest populære døypenamna i Noreg i alle år frå 1983 til 2006, og var det mest populære av alle i 1997.
Andreas er elles eit svært mykje bruka namn i Tyskland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Andreas, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.