Amy Lee Grant (fødd 25.
november">25. november 1960) er ein USA-amerikansk artist. Ho er best kjend for å ha produsert mykje kristen pop og gospelmusikk.
Amy Grant | |||
| |||
Fødd | 25. november 1960 (63 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Augusta i Georgia | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1976– | ||
Sjanger | kristen popmusikk, pop | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | Myrrh, A&M Records | ||
Verka som | songar, låtskrivar, stemmeskodespelar, songar-låtskrivar | ||
Far | Burton Paine Grant | ||
Gift med | Gary Chapman, Vince Gill | ||
Prisar | Gospel Music Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Covenant Awards, Kennedy Center Honors |
Amy Grant vart fødd i Augusta i delstaten Georgia, men flytte til Nashville i Tennessee i 1967. Ho gav ut debutalbumet i 1977 på Word Records; det fekk tittelen Amy Grant. Oppfylgjaralbumet My Father's Eyes kom allereie året etter. På sleppefesten til andrealbumet møtte ho musikaren Gary Chapman som ho innleidde eit musikalsk samarbeid med og seinare gifte seg med. Amy Grant heldt fram som ein produktiv artist også i løpet av 1980-åra. Ho fekk sin fyrste Grammy-pris i 1982.
Amy Grant har så langt gjeve ut 20 studioalbum, blant dei fleire joleplater. Fram til i dag har ho vunne 6 Grammy-prisar, fått talrike andre prisar og nominasjonar og selt over 30 millionar plater på verdsbasis. Amy Grant har tre born med Gary Chapman, men dei to er i dag skilde. Ho er no gift med musikaren Vince Gill. Grant og Gill har ei dotter saman, fødd i 2001.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Amy Grant, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.