Air Greenland

Air Greenland A/S er eit grønlandsk flyselskap.

Det er eigd av dei grønlandske sjølvstyresmaktene med ein eigardel på 75 % og den danske staten med ein eigardel på 25 %. Selskapet har hovudkontor i Nuuk. I 2009 var det 668 tilsette i heile konsernet.

Air Greenland
Air Greenland
Air Greenland
Org.formAktieselskab
CVR‑nummer35835296
Skipa1960
HovudkontorNuuk
LandGrønland, Danmark
Grunnleggjar(ar)SAS
Nettstadhttp://airgreenland.com
Air Greenland
DHC-6 Twin Otter blir brukt som charterfly og til å tena Summit forskingsstasjon.

Air Greenland har ein flåte på 37 fly, inkludert ein Airbus A330-200 som blir brukte til transatlantiske flygingar og charteroperasjonar, 10 fastvrnga fly som tener det grønlandske nettverket og sambandet til Island, og 26 helikopter som transporterer passasjerar mellom mindre folkesette stader og det nasjonale nettverket av flyplassar. Flyreiser til omliggande bygder opererer på kontraktar med dei grønlandske sjølvstyresmaktene. Nettverket av destinasjonar blir koordinert av departementet for bustadbygging, infrastruktur og transport.

Selskapet driv òg charterflygingar, taxiflygingar og spesialflygingar i samband med søk, redning og luftambulanseteneste. Det har òg charterturar til Thule Air Base under kontrakt med US Air Force og turar til gruvedriftsområde og stasjonar på den grønlandske innlandsis. I 2009 var lengda av det vanlege nettverket 14 235 km med ei gjennomsnittleg utleigegrad på 79,3 %.

Historie

1960-åra

Air Greenland 
Denne Sikorsky S-61N blei kjøpt i 1965 og er den eldste maskinen i flåten til selskapet.

Selskapet blei stifta 7. november 1960 som Grønlandsfly og grunnlagt av SAS Group (då kjent som Scandinavian Airlines System) og Kryolitselskabet Øresund, eit gruveselskap med verksemd i Ivittuut. I 1962 blei eigarstrukturen utvida til å omfatta delar eigd av Grønlands Landsråd og Kongelige Grønlandske Handel.

Dei fyrste turane til dei amerikanske basane på Grønland blei gjennomførte med lette DHC-3 Otter og S-55-helikopter, som ein chartra frå Canada. Frå 1962 og framover brukte Grønlandsfly Catalina-sjøfly og DHC-6 Twin Otter på innanlandsrutene. I 1965 kom ein Douglas DC-4 i bruk som det fyrste store flyet, følgd av Sikorsky S-61-helikopter. Desse helikoptera har vore i bruk sidan då; frå 2010 har ein nytta dei ved Kujalleq i Sør-Grønland året rundt og byar og busetjingar i Diskobukta om vinteren.

1970-åra

Air Greenland 
Bell 212 frå verksemda, som her startar frå Ukkusissat Heliport med destinasjon Uummannaq Heliport, tener òg den kommersielle gruvedrifta ved Maamorilik.

I løpet av 1970-åra investerte Grønlandsfly i ei utviding av helikopterflåten og auka talet på Sikorsky S-61 frå tre til åtte. Dette gjorde at flyselskapet kunne utvida nettverket sitt i 1972 til å inkludera lokalsamfunn i Aust-Grønland med helikopterbase i Tasiilaq, då kjent som Ammassalik. Seinare byrja flyselskapet òg å fly med Douglas DC-6, ei oppgradering av den eldre DC-4-modellen.

Kommersiell gruvedrift ved Maamorilik på fastlandet nord for bygda Ukkusissat i det indre av fjorden, fremma vidare investeringar i helikopterflåten med dei nye Bell 206. Gruva stengde i 1990, men opna igjen i 2010, ettersom ein venta å kunna vinna ut førekomstar av sink og jernmalm i 50 år. Forsyningsturar til gruva blei drivne av Air Greenland med dei nyare Bell 212-helikoptera frå Uummannaq Heliport.

Flyselskapet har freista å utvida destinasjonsnettverket fleire gongar. Bortsett frå ruta til København, blei den fyrste internasjonale ruta opna i 1979 mellom Nuuk og Iqaluit i Nunavut i Canada, men denne måtte innstillast i 1992. På slutten av 1970-åra auka passasjertalet frå selskapet per år til 60 000 eller meir enn den totale befolkninga på Grønland.

1980-åra

Air Greenland 
Air Greenland bruker 102- og 103-variantar av Dash-7; 103-modellen, som er utstyrt med ei lastedør framme, her på Kulusuk flyplass.

På byrjinga av 1980-talet bestemte det nyoppretta Grønlands heimestyre seg for å investera i det regionale nettverket av flyplassar med rullebaner for korte takeoff og landingar (STOL) i Nuuk, Ilulissat og Kulusuk. For å tena det utvida nettverket skaffa Grønlandsfly seg Dash-7, som var spesielt tilpassa dei vanskelege vêrforholda på Grønland. Det første Dash-7-flyet blei levert 29. september 1979, og fleire følgde det følgjande tiåret.

Fleire flyplassar blei bygde utan avisingsutstyr, noko som er problematisk på Grønland om vinteren, og som ifølgje selskapet har medført økonomiske tap. Dash-7-flya er framleis i aktiv teneste på Grønland og tener alle flyplassar bortsett frå Nerlerit Inaat lufthamn nær Ittoqqortoormiit, der tenestene blir utførte av Air Island under kontrakt med dei grønlandske sjølvstyresmaktene.

I 1981 opna Grønlandsfly sin første rute til Island, som forbind det viktigaste sentrumet til selskapet i Kangerlussuaq lufthamn med Reykjavík lufthamn via Kulusuk flyplass. Mot slutten av 1980-talet voks talet på tilsette til 400 og talet på passasjerar til over 100 000 årleg for fyrste gong.

1990-åra

Air Greenland 
Selskapet brukte ein Boeing 757-200 frå 1998 til 2010 på dei transatlantiske rutene Kangerlussuaq-København og København-Narsarsuaq.

I mai 1998 byrja Grønlandsfly flygingar med den fyrste jeten sin, ein Boeing 757-200. Selskapet fortsette tradisjonen sin med å gi flya sine kallenamn, og kalla det nye passasjerflyet «Kunuunnguaq» (vesle Knut) til ære for grønlandsutforskaren og -etnologen Knud Rasmussen. Ei byste av han prydar terminalen på Kangerlussuaq lufthamn, det viktigaste knutepunktet til flyselskapet.

Med dette kjøpet hadde Grønlandsfly planar om å bryta flyselskapet SAS sitt monopol på den lønsame ruta Kangerlussuaq-København, og starta verksemda umiddelbart etter kjøpet. Nettverket av regionale flyplassar blei utvida i løpet av dette tiåret med fleire nye flyplassar på kortbanenettet: Sisimiut flyplass, Maniitsoq flyplass og Aasiaat flyplass på vestkysten av Grønland, og Qaarsut flyplass og Upernavik flyplass i Nordvest-Grønland.

Med kjøpet av sitt femte Dash-7 blei Grønlandsfly i stand til å tena alle større byar på Grønland for fyrste gong, ettersom Uummannaq blir tent av Qaarsut lufthamn via heliporten ved Uummannaq. I 1999 hadde selskapet 282 000 passasjerar, nesten tre gongar så mange som på slutten av førre tiår.

2000-åra

Air Greenland 
Ny logo og dekor på motoren av Air Greenland sin Boeing 757-200 i Kangerlussuaq lufthamn.

På slutten av 1990-talet og tidleg på 2000-talet freista flyselskapet å fornya den aldrande flåten sin og tok ut fleire av helikoptera sine S-61 og 206 for å erstatta dei siste med Bell 212 og eit AS350 Eurocopter. 18. april 2002 skifta selskapet namn frå Grønlandsfly til Air Greenland og introduserte heilt raude fly og ein ny logo.

I 2003 gav SAS opp ruta mellom Grønland og København, og Air Greenland var då det einaste flyselskapet som tilbaud samband mellom Grønland og resten av Danmark. Selskapet var i stand til å fylla holet med den nyinnkjøpte Airbus A330-200 med kallenamnet «Norsaq», det andre store passasjerflyet i flåten til flyselskapet. SAS tok opp att ruter til Grønland i 2008, men gav opp igjen i januar 2009

I 2003 vann Air Greenland ein kontrakt med US Air Force om drifta av Thule Air Base (ein kontrakt tidlegare SAS tidlegare hadde hat), og flyrutene byrja i februar 2004. Kontrakten blei fornya for ein femårsperiode i 2008.

Air Greenland 
Ruta frå Kulusuk lufthamn til Island, der selskapet tidlegare nytta Dash-7, blei overlevert til Air Iceland, som har kontrakt med sjølvstyret.

28 juli 2006 kjøpte Air Greenland selskapet Air Alpha Greenland, eit dotterselskap av Air Alpha, som har base i Odense. Det oppkjøpte selskapet opererer helikopterflygingar i Diskobukta og Aust-Grønland. Sidan overtakinga har selskapet òg nytta Bell 222 til passasjeroverføringar mellom Nerlerit Inaat lufthamn og heliporten i Ittoqqortoormiit.

13. juni 2007 annonserte SAS Group ein intensjon om å selja aksjane sine i Air Greenland, eit trekk som seinare blei innlemma i Core SAS, omstillingsprogrammet i gruppa.

1 oktober 2007 innførte flyselskapet eit elektronisk bestillingssystem. Ei rute til Baltimore i Maryland i USA opna sommaren 2007, men på grunn av søkkande billettsal blei ho avslutta i mars 2008. Air Greenland tenkte å gjenopna sambandet til Iqaluit i slutten av 2009, men avgjerda blei utsett til tidlegast 2011. I 2009 frakta selskapet 399 000 passasjerar.

2010-åra

Air Greenland 
Kabintilsette i Greendland Air sin 757-200, som blei selt i april 2010.

1. januar 2010 suspenderte Air Greenland deltakinga si i Scandinavian Airlines sitt Eurobonus-program. I april selte det sin Boeing 757-200, «Kunuunnguaq», og deretter blei ruta Narsarsuaq-København operert med ein Boeing 757-200 leia frå Air Finland.

I 2010 blei denne tenesta etter turistsesongen (mai-september) erstatta av eit samband frå Narsarsuaq til København med transitt i Kangerlussuaq, der fyrste etappe blei tent av det nyinnkjøpte de Havilland Canada Dash-8 Q200.

For å konkurrera med Air Island som opererer på Nuuk, Narsarsuaq, Ilulissat og alle flyplassar på austkysten, har Air Greenland opna nye ruter til Island og floge frå Nuuk og Narsarsuaq til Keflavík lufthamn. I 2010 var ruta open frå mai til september med ei mogleg utviding til drift året rundt frå 2011.

I 2019 selde SAS eigardelen sin på 37,5 % til dei grønlandske sjølvstyresmaktene etter å ha vore inne på eigarsida i 50 år.

Air Greenland 
Bell 212 fraktar passasjerar mellom helikopterplassar og regionale flyplassar.

Dotterselskap

Departementet for bustadbygging, infrastruktur og transport fører tilsyn med utviklinga av transportsektoren på Grønland og påverkar avgjerdene tekne av heilt eller delvis offentlege selskap, inkludert lufthamnskattane til Mittarfeqarfiit, prispolitikken til Air Greenland, ferjetenester som supplerer nettverket av flyplassar og heliportar, og dessutan utviklingsstrategien for turismen på Grønland.

Arctic Umiaq Line

Med ein eigardel på 50 % er Air Greenland medeigar i Arctic Umiaq Line, ei passasjer- og godsferje som bind saman kystsamfunn frå Ilulissat i nord til Narsaq i sør.

Ferja gjekk inn i ein turbulent periode frå slutten av 2000-åra. Dei årlege bidraga frå sjølvstyret var 5 millionar kroner (DKK), men bruken av midla blei kritisert, og avgjerda om å selja eit av dei to skipa i flåten blei utfordra. Det bidrog til trusselen om konkurs innan utgangen av 2010. Royal Arctic Line annonserte seinare at tapsgarantiar var sikra gjennom 2016 etter årleg støtte frå det grønlandske heimestyret.

Air Greenland 
Air Greenland-hangarar på den tekniske basen til selskapet ved Nuuk lufthamn.

Reiselivsverksemder

Air Greenland er eineeigar av Hotel Arctic A/S, eit hotell og reisebyrå basert i Ilulissat, og World of Greenland, eit reiseselskap basert i Ilulissat. Flyselskapet eig òg Greenland Travel, eit pakkereisebyrå med base i København.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Air Greenland  Commons har multimedium som gjeld: Air Greenland

Tags:

Air Greenland HistorieAir Greenland DotterselskapAir Greenland KjelderAir Greenland BakgrunnsstoffAir GreenlandFlyselskapGrønlandskNuuk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Family GuyAl-BattaniLudwig van BeethovenTsjerkasy oblastAndre påskedagPåskeprosesjonNordahl Grieg videregående skoleWings at the Speed of SoundEuropaDen apostoliske truvedkjenningaIonaHal LindesBBC Scottish Symphony OrchestraKusymreTrinidad og TobagoGabrielLydopptakSvalbardtraktatenIstriaNordsjøenNoregIsraelFilippinaneLinn UllmannBokstaven betGraveugleAsbjørnsen og MoeTidssoneSang til BergenAdenbuktaMarokkoMarina KiehlStavkyrkjeHistoria AugustaPhil PalmerNorrøntKoronapandemienLeningrad oblastAlbert EinsteinWater of LovePåskeopprøret i 1916MediaWikiUkraina2024Mark KnopflerNazismeRichard Francis BurtonSovjetunionenJannitsáOrrfuglIndonesiaThe BugSafavidanePotenzaNapoléon BonaparteHalle BerryIALA maritime bøyesystemSpansk1965Professor emeritusÅborVladimir PutinKnut Marius DjupvikToscakakeJerusalemLive at the BBC av Dire StraitsHønsehaukA Short HikeTidslinje over norsk historieMaud av NoregKvinnheradsdialektFirkantfolketAlf CrannerSuezkanalenWikimediaYacouba Isaac Zida🡆 More