22. Juli-Kommisjonen

22.

juli-kommisjonen (òg kalla Gjørv-kommisjonen) var ein regjeringsnedsett uavhengig kommisjon som vart oppretta som følgje av terrorangrepa i Noreg 22. juli 2011. Avgjera om å oppretta utvalet vart teken av regjeringa i eit møte onsdag 27. juli, men ho vart òg teken i samråd med alle opposisjonspolitikarane på Stortinget. Målet til den uavhengige kommisjonen var å gje svar på kva som skjedde 22. juli 2011.

Kommisjonen skulle ikkje vera ein granskingskommisjon, men gje ei samla framstilling av kva som skjedde denne dagen i Regjeringskvartalet og på Utøya, og dessutan å gje tilrådingar ut frå det kommisjonen fann ut.

I statsråd fredag 12. august 2011 vart Alexandra Bech Gjørv oppnemnt som leiar for 22. juli-kommisjonen. Kommisjonen vurderte habiliteten til medlemmane og sjølvstende og fann at kommisjonen var habil. Professor i forvaltningsrett ved Universitetet i Oslo, Erik Boe, skreiv ein betenking og kom til same konklusjon.

22. juli-kommisjonen overleverte og offentleggjorde sin endelege rapport, NOU 2012: 14, «Rapport frå 22. juli-kommisjonen», måndag 13. august 2012.

Medlemmar

Kommisjonen hadde mellom anna representantar frå politi, rettsvitskap, forsking og medisin:

Sekretariat

  • Bjørn Otto Sverdrup (sekretariatleiar), statsvitar og tidlegare kommunikasjonsdirektør i Statoil
  • Olav Njølstad, historikar og professor ved Universitetet i Oslo og tidlegare forskingsdirektør ved Nobelinstituttet
  • Ida Skirstad Pollen, advokat hos Kommuneadvokaten i Oslo
  • Åsne Julsrud, tingrettsdommar ved Drammen tingrett
  • Tor Erik Heggøy, partnar i Tenden Advokatfirma
  • Kristin Randa, sosialantropolog og seniorrådgjevar i Etterretningstenesta
  • Walter Wangberg, tidlegare førstestatsadvokat i Hordaland og konstituert lagdommer i Gulating lagmannsrett
  • Geir Ivar Tungesvik, historikar og underdirektør i Riksarkivet
  • Unni Lundby Fossen, advokatsekretær i Advokatfirmaet Hjort
  • Marianne Aasland Gisholt, rettsfullmektig i Trygderetten

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

22. Juli-Kommisjonen Medlemmar22. Juli-Kommisjonen Sekretariat22. Juli-Kommisjonen Kjelder22. Juli-Kommisjonen Bakgrunnsstoff22. Juli-KommisjonenRegjeringa i NoregTerroråtaka 22. juli 2011

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Hammarby IF FFSluddKapitalismePláka DílesiRabalsmellenPeter Wessel TordenskjoldSovjetunionenOmanGnuNordsamiskGenèveNorske militære gradarLand i Eurovision Song ContestROBEKEininga barHovudsideInternasjonal telefonkodeKoboltFilmserien Harry PotterMike PinderKnapstadJa, vi elsker dette landetLungebetennelsePikoSkeiselandskampen Noreg–Sverige 1974Ada LovelaceMMTysklandUndergrunnsbanen i LondonSvartedauenIrakOksygenAkershus festningPlaneten MarsMoskvaBrusselFagorganisasjonKonflikten mellom Wergeland og WelhavenDet indiske kastesystemetGrønlandsleiretGro DahleIsraelSaltRådyrBoge i arkitekturenGrunnstoffliste etter atomnummerHaitiAntisemittismeArgentinaFlodsvinFin GnattMaud av NoregMuhammedTanjung MorawaNanoteknologiixjohÆrfuglGalileo GalileiSirkelJaktaWright-brørneQurayyat i OmanHans ØyChampions LeaguePlaneten JupiterRoald AmundsenMilanoTiulenijWiki CommonsBetaAsbjørnsen og MoeMultiplikasjonJenny KlingeDílesiDaddelKlima i Nord-AmerikaRørvik🡆 More