Ъ (liten bokstav ъ) er ein kyrillisk bokstav som opptrer i det bulgarske og det russiske alfabetet.
Det finst ingen tilsvarande bokstav i det latinske alfabetet. Han blir også kalla «hardt teikn» eller «stor jer».
Ъ | |||
| |||
Bruk | |||
---|---|---|---|
Fonetisk bruk | [ɤ̞], [ə], [ɐ], [ʔ], [∅] | ||
Historie | |||
Utvikling |
| ||
Anna | |||
Kyrilliske bokstavar А Б В Г Ґ Д Ђ Ѓ Е Ё Є Ж Ѕ З И І Ї Й Ј К Л Љ М Н Њ О П Р С Т Ћ Ќ У Ў Ф Х Ц Ч Џ Ш Щ Ъ Ы Ь Э Ю Я |
I det bulgarske alfabetet er Ъ den 27. bokstaven. Her er han kjend som ер голям (er goljám) ‘stor jer’. Han blir nytta til å uttrykka fonemet midtre bakre urunda vokal /ɤ̞/, som av og til også blir vist som ein schwa /ə/.
Ъ er den 28. bokstaven i det russiske alfabetet, og er kjend som твёрдый знак (tvjordyj znak) ‘hardt teikn’. Før revolusjonen i 1917 var han vanleg i russisk rettskriving, men i moderne russisk er han meir sjeldan. Han uttrykker ikkje ein lyd på russisk, men blir nytta ortografisk. Han har som funksjon å skilja prefiks som endar i konsonantar frå morfem som byrjar med ein vokal som har j-lyd framfor seg, og viser at j-lyden framleis skal uttalast. Ein finn han derfor berre framfor я, е, ё og ю (ja, je, jo og ju).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ъ, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.