Dei Apokryfe Skriftene

Apokryfe skrifter (frå gresk απόκρυφος, apokryfos, 'duld, kryptisk') er ei nemning for religiøse tekster, særleg innanfor jødisk og kristen tradisjon, som ikkje høyrer til gjeldande kanon i Bibelen.

Skriftene kunne vere utelatne fordi kyrkjeleiarane ville hindre at dei kristne skulle lese dei, eller fordi dei oppstod i gnostiske miljø som meinte skriftene openberra ein bodskap som var skjult for dei fleste, slik at skriftene ikkje var meinte for allmenn spreiing.

Apokryfane i bundi form vert gjerne nytta som namn på nett dei skriftene som vert prenta i ein eigen bolk i Bibelen etter Gamletestamentet og Nytestamentet.

Gammaltestamentlege apokryfe skrifter

Dei mest kjende gammaltestamentlege apokryfane er kjende som Dei deuterokanoniske skriftene. Desse vart skrivne etter at den hebraiske kanonen var fastlagd. I oldkyrkja vart dei etter kvart rekna med til den bibelske kanonen, men ved reformasjonen definerte Martin Luther dei som ikkje-inspirerte.

  • Tobit
  • Judit
  • Den greske Ester-boka
  • Visdommens bok
  • Sirak
  • Baruk
  • Jeremias brev
  • Første Makkabearbok
  • Andre Makkabearbok
  • Tredje Esra
  • Fjerde Esra
  • Manasses bønn
  • Salme 151
  • Tillegg til Daniels bok
  • Den greske Ester-boka (utvidingar)

I tillegg dei deuterokanoniske bøkene finst det nokre verk som har ein bibelsk stil og som skildrar hendingar knytte til bibelske personar. Desse vert gjerne kalla pseudepigrafiske bøker. Enoks bøker og Boka om Jubelåra høyrer til desse.

Nytestamentlege apokryfe skrifter

Dei nytestamentlege apokryfane er bøker som ikkje er kanoniserte verken av ortodokse, katolske eller protestantiske kristne. De omfattar evangelium og skrifter om Jesus og læresveinane hans. Fleire av dei vart skrivne av gnostikarar og av andre grupper som stod utanfor den etablerte kyrkja. Nokre av skriftene vart gjenfunne i dødehavsrullane. Av apokryfane vi kjenner delar av er

  • Q (av Quelle; mogleg kjelde for Markusevangeliet og Matteusevangeliet
  • Thomasevangeliet
  • Maria Magdalenas evangelium
  • Petersevangeliet
  • Det løynlege Markusevangeliet
  • Jakobs protevangelium
  • Thomas’ barndomsevangelium
  • Bartomoleusevangeliet
  • Nikodemusevangeliet
  • Judasevangeliet

Martin Luther brukte omgrepet om somme skrifter i Det nye testamentet, spesielt Jakobs brev, men òg Brevet til hebrearane, Judas' brev og Johannes’ openberring.

Kjelder

Tags:

BibelenGreskJødedomKristendomReligiøs kanon

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jacques BrelHøgaste fjella i ØrstaPersonEverjétoulasSogn og Fjordane fylkeJernDet russiske alfabetetTomatVaktlarApple Inc.AutoritetsdataSilje NordnesEdderkoppar i kulturenParameterSpaniaDet norske riksvåpenetMarit Bjørgen443PanserbataljonenWienerklassisismenOnaniSøndagBleikveronikaDoldenhornBuskerud fylkeHar SedomLeksandEM i friidrett 1969RaudstrupeGomsdalSvartehavetIdrottslaget HøddAdrenalinInternational Standard Book NumberSvenska flaggans dagRussiskGaukInternasjonal telefonkodeBrekkbønneHendingsrandRomaPetter StordalenFlaggdagarIkonoklastNasjonalsteinPuffa risDoha1039GuangdongBakrusIngefærLinn UllmannOslo kommuneKvitveisMjøsbruaIndiaNordlandsekspressenDronninga av SabaISO 8601SkjorZaniar MatapourFader vårSpaceXEliteserien i handball 1975/76–KvinnerJapanZevsEngelskSilvevRøyskattBergensbanenSanta Claus av Paul McCarthySantiago de CompostelaBrennverdi🡆 More