Engelen Rafael

Rafael er ein engel som er blitt rekna for ein helgen i den kristne kyrkja.

Den katolske kyrkja reknar han som ein erkeengel, sjølvom Bibelen berre nemner erkeengelen Mikael som erkeengel.

Rafael
Engelen Rafael
Heilage Rafael av Bartolomé Esteban Murillo
Helgendag29. september; 24. oktober (lokale kalendrar og for dei som bruker Calendarium Romanum Generale 1921-1969); 3. kouji nabot, 13. koiak (koptisk kristendom)

Namnet Rafael kjem frå hebraisk רפאל og tyder Gud har heila eller Gud lækjer. Ut frå tydinga av namnet er han identifisert som engelen som rørte vatnet i Betesdadammen [1]. Rafael er dessutan nemnd i Dei apokryfe skriftene i Tobits' bok 3,17 [2] og 5,4 [3]. Han er engelen som tok seg av Tobias på reisa hans, og er eit døme på verneengelen som fylgjer alle menneske gjennom livet.

Rafael vart æra alt i den eldste kyrkja, spesielt i aust.

Rafael er vernehelgen for reisande, pilegrimar, apotekarar, lækjarar, gruvearbeidarar, skipperar, taktekkarar, tyske utvandrarar, ektefolk og elskande.

Kjelder

Tags:

Den katolske kyrkjaEngelErkeengelen MikaelHelgenKristendommenKyrkja

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KjerringVoss heradGiroBobby BareLuftfartøySandy DennyTeikneserieOs kommune i HordalandRoger McGuinnFree Fallin'BrasilSymbolSkypeKjemiCanon EOS 250DPandaKinas kommunistpartiDet osmanske riketBjørnKoboltBærum SportsklubbAntarktisWayback MachineCamilla CollettSkjoldbruskkjertelenSvenske folkeeventyrPlaneten MarsNamnedagBrohlbachFlåklypa Grand PrixPiknikkorgHumleDomenetapRombeKinagrasBrennverdi11. februarTherese BjørneboeAstrid Lindgren330 skvadronKvadratkilometerDet indiske kastesystemetKvigeGammeStorbritanniaSamisk historieEkteskapSilje NordnesKurdararGonzález IslandGoogle ChromeHadjVåren av Aasmund Olavsson VinjeBook of KellsPeter F. WolfAnette HoffHerbert HooverNorske kommuneblomarDrinfossen1300-taletVolda kommuneRim157Mozilla FirefoxDet første krosstogetCotopaxiHarry PotterFranz LisztMoldedialektDeAnna PriceDemi LovatoSauEnglandLuciano PavarottiEli Rygg🡆 More