Gud Fader | Jesus | Den heilage ande |
Kristendommen |
Treeininga |
Skrifter |
Utøving |
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Retningar |
Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk | |
Livssyklus |
Dåp | konfirmasjon | ekteskap | død | gravferd |
Merkedagar |
Kyrkjeåret: Advent | jul | faste | påske | pinse | olsok | hausttakkefest | helgemesse |
Viktige personar |
Nye testamentet: |
Geistlege |
biskop | pave | prest |
Abrahamittiske rel. |
Jødedom kristendom |
islam bahá’í sikhisme |
Det gamle testamentet, ofte forkorta til GT, òg kalla Den hebraiske bibelen, er eit kanonisk (heilag) skrift for jødedommen og kristendommen. Skriftet er ein av to hovuddelar av Bibelen; Den andre hovuddelen er Det nye testamentet (ofte forkorta til NT).
Det gamle testamentet «er [eit] kristen[t] [omgrep] og har som føresetnad Det nye testamentet (den kristne dobbeltkanon)», skriv Store Norske Leksikon.
Den hebraiske Bibelen og Det gamle testamentet inneheld om lag dei same bøkene, men rekkefølgen er ulik. Innan dei katolske og ortodokse kyrkjene har testamentet 46 bøker, i protestantismen er sju av desse tekne ut som apokryfe og protestantiske biblar har dei 39 bøker som tilsvarer dei 24 som er godkjende som jødisk kanon.
Namnet til testamentet kjem frå latin Vetus Testamentum, ei omsetjing av det greske I Palea Diathiki som tyder 'den gamle pakta' eller 'testamentet'. Dette var for å visa at ein meinte den gamle pakta mellom Gud og jødane var blitt erstatta av ei ny då Messias (Jesus) kom til menneska.
Det vanlegaste jødiske namnet på dei same skriftene er Tanákh.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det gamle testamentet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.