Witten er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 100 000 innbyggjarar.
Witten/Herdecke Universitet, det første private universitetet i Tyskland, ligg i byen.
Witten | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis | Tyskland Nordrhein-Westfalen Arnsberg Ennepe-Ruhr-Kreis |
Først nemnd i | 1214 |
Geografi | |
Flatevidd - By | 72,40 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik | 101 165 1 397/km² |
Koordinatar | 51°26′0″N 07°20′0″E / 51.43333°N 7.33333°E |
Høgd over havet | 104 m |
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 58401 - 58456 |
Telefon-retningsnummer | 02302 |
Bilnummer | EN |
Heimeside: www.witten.de |
Witten ligg i Ruhrdalen sør i Ruhrområdet.
Witten vart først nemnd i 1214, men bydelen Herbede (som vart ein del av byen i 1975) går heilt tilbake til 851. Byen vart ein gruveby frå 1578. I 1975 vart Witten ein del av Ennepe-Ruhr-Kreis og er i dag den største byen her. 1975 var òg første året Witten fekk meir enn 100 000 innbyggjarar, grensa for ein storby (Großstadt) i Tyskland.
Seint på 1800-talet vart Witten kjend for Roburit-dynamitten. Denne dynamitten vart ein gong nytta i kolgruver over heile verda. I 1906 oppstod det derimot ein eksplosjon i fabrikken og 41 menneske omkom.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Witten, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.