Ruhr er ei elv i Ruhrområdet i Nordrhein-Westfalen, vest i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 217 km.
Det nærliggande industriområdet er kalla opp etter elva.
Ruhr | |||
elv | |||
Ruhr i Essen-Kettwig | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 485 km² | ||
Lengd | 217 km | ||
Middelvassføring | 79 m³/s | ||
Kjelde | Sauerland | ||
- høgd | 674 moh. | ||
Munning | Rhinen | ||
Ruhr 51°12′49″N 8°33′30″E / 51.213611111111°N 8.5583333333333°E | |||
Wiki Commons: Ruhr | |||
Ruhr har utspring i ei høgd på 674 meter over havet nær byen Winterberg i fjellområdet Sauerland, og munnar ut i Rhinen i ei høgd på berre 19 meter nær Duisburg. Ved Mülheim, nær munningen, har elva ei middelvassføring på 79 m³/s.
Elva vert nytta til drikkevatn og har god vasskvalitet, noko som er ironisk sidan ordet «ruhr» på tysk tyder dysenteri. Elvebreidda vert stort sett nytta til fritidsaktivitetar.
Ruhr renn først gjennom byane Meschede, Arnsberg, Wickede, Fröndenberg, Holzwickede, Iserlohn og Schwerte.
Så markerer elva den sørlege grensa til Ruhrområdet, og renn gjennom Hagen, Dortmund, Herdecke, Wetter, Witten, Bochum, Hattingen, Essen, Mülheim og Duisburg.
Det er fem reservoar på elva, som ofte vert nytta til fritidsaktivitetar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ruhr, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.