Wallace Spearmon (fødd 24.
desember">24. desember 1984) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Chicago. Han vann VM-gull i stafett i 2007 og tok medalje på 200 meter under VM 2005, VM 2007 og 2009.
Wallace Spearmon | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 24. desember 1984 (39 år) Chicago |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Panamerikanske leker 2015 |
Spearmon vart nordamerikansk studentmeister (NCAA) på 200 meter i 2004 og i 2005. Under verdsmeisterskapen 2005 sprang han inn til sølv på distansen, 0,16 sekund bak landsmannen Justin Gatlin. Spearmon sette personbeste på 200 m med 19,65 sekund i Daegu den 28. september 2006, berre to mann hadde sprunge fortare. I verdsmeisterskapen 2007 i Osaka tok han bronsemedaljen på spesialdistansen, eit løp landsmannen Tyson Gay vann føre Usain Bolt frå Jamaica. Dessutan vart han verdsmeister med di han sprang andreetappen for USA sitt vinnarlag i 4 x 100 m stafett. Også i Sommar-OL 2008 kom han i mål som tredjemann på 200 m, men vart diskvalifisert for å ha stega utom løpebana si. Ved verdsmeisterskapen 2009 fekk han bronsen på distansen, men kom heilt i skuggen av Usain Bolt som sette ein fabelaktig verdsrekord på 19,19 sekund. Spearmon tok seg til finalen på 200-meteren under Sommar-OL 2012 i London, med tida 19,90 enda han på fjerdeplass, slått av tre mann frå Jamaica.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wallace Spearmon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.