Victoria (òg kalla Port Victoria eller Mahé) er hovudstaden på Seychellane og ligg nordaust på øya Mahé.
Byen vart først oppretta som sete for det britiske kolonistyret. Folketalet er 24 970 (2002), om lag ein tredel av det totale folketalet på Seychellane. Flyplassen heiter Seychelles International Airport (fullført i 1971).
Victoria | |||
by | |||
Land | Seychellane | ||
---|---|---|---|
Areal | 20,1 km² | ||
Folketal | 24 701 (2014) | ||
Victoria på Seychellane 4°37′25″S 55°27′16″E / 4.6236111111111°S 55.454444444444°E | |||
Wiki Commons: Victoria (Seychelles) | |||
Dei fremste eksportvarene til Victoria er vanilje, kokosnøtter, kokosolje, skjelpaddeskjel, såpe og guano.
Turistattraksjonar i byen er mellom anna eit klokketårn bygd som etterlikning av det på Vauxhall Bridge i London, tinghuset, Victoria botaniske hage, Victoria nasjonale historiske museum, Victoria naturhistoriske museum og Sir Selwyn Selwyn-Clarke-marknaden. I byen ligg og nasjonalstadionet og eit polyteknisk institutt. Rett aust for byen ligg den indre hamna, der tunfisk-fiske og hermetisering er ein stor lokal industri. Ei av dei største bruene i Victoria vart øydelagd av jordskjelvet i Indiahavet 2004.
Stor-Victoria omfattar åtte av dei 25 distrikta på Seychellane:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Victoria på Seychellane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.