Venezialagunen (italiensk Laguna di Venezia) er ein lagune i Adriahavet der byen Venezia ligg.
Namnet på lagunen på venetiansk har gjeve opphav til det internasjonale namnet for ei lukka, grunn bukt eller vik med saltvatn.
Venezialagunen strekkjer seg frå Sile i nord til Brenta i sør og har eit areal på 550 km². Om lag 8 % av lagunen er landområde, inkludert sjølve Venezia og fleire mindre øyar. Om lag 11% er permanent vatn eller kanalar, medan rundt 80% er gjørmete strender, tidvassgrunner eller marskland.
Ho er forbunden til Adriahavet via tre inngangar: Lido, Malamocco og Chioggia. Sidan lagunen ligg inst i nesten lukka sjø får området store tidvassvariasjonar. Den mest ekstreme springfloa vert kalla acqua alta (italiensk for «høgt vatn»), som regelmessig gjev flaum i mykje av Venezia.
Venezialagunen er ein del av eit system som i romartida strekte seg frå Ravenna og nordover til Trieste. På 500-talet var lagunen ein tilfluktsstad for romanske folk som flykta frå inntrengande fiendar (hovudsakleg hunarar). Seinare vart lagunen kjernen i Republikken Venezia og det maritime riket deira. Lagunen er framleis viktig som hamn, for Arsenale di Venezia og fiske.
Lagunen vart danna seks til sju tusen år sidan då havet steig etter den siste istida og flauma inn over den adriatiske kystsletta. Elvesediment kompanserte for den søkkande kystsletta og sediment frå elva Po dreiv langs kysten og lukka viker og bukter. Venetianske prosjekt på 1300- og 1500-talet hindra lagunen i å utvikle seg til myrland. Pumping av vassførande sjikt sidan 1800-talet har gjort lagunen djupare. Opphavleg var mange av øyane myraktige, men drenering har gjort det mogeleg å bu her. Mange av dei mindre øyane er fullstendig kunstige, medan nokre av områda rundt hamnebyen Mestre er øyar som er forsvunne. Dei gjenverande øyane er hovudsakleg sanddyner, inkludert deived kyststripa (Lido, Pellestrina og Treporti).
Dei største øyane eller øygruppene i området:
Andre øyar:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Venezialagunen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.