Tutajev (russisk Тута́ев) er ein by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar.
Tutajev Тутаев | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Jaroslavl oblast | |
Grunnlagd | 1300-talet | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) | 41 427 | |
Koordinatar | 57°53′N 39°32′E / 57.883°N 39.533°E | |
Tidssone - Ved sommartid | MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 48533 | |
Nettstad: www.admtutaev.ru/ |
Før 1918 heitte byen Romanov-Borisoglebsk (russisk: Рома́нов-Борисогле́бск) og før 1822, då dei vart slått saman etter ordre frå tsaren, var det to separate byar: Romanov (på høgresida av Volga) og Borisoglebsk (på venstresida). Romanov har eksistert sidan 1300-talet og Borisoglebsk sidan 1400-talet. På 1400-talet vart Romanov styrt av khanar frå Den gylne horden.
Mesteparten av folkesetnaden bur på høgresida av elva (det tidlegare Romanov). Områda i byen som ligg nærast høgrebreidda til Volga har mange gamle trehus og historiske bygningar (inkludert den slåande Gjenoppstandelseskatedralen), men lengre unna elva er det bustadblokker frå sovjettida som dominerer. Det er ingen bru over Volga i Tutajev, så folk må bruke ferje eller reise nord til Rybinsk eller sør til Jaroslavl for å krysse elva.
Venstresida av elva har fleire kyrkjer: Krestovozdvizjenskij-katedralen frå 1658, Kazan-Preobrazjenskijkyrkja frå 1758, Frelser-erkeengelkyrkja bygd 1746-1751, Pokrovskajakyrkja frå 1674, Tikhonkyrkja frå 1911, Blagovestsjenskkyrkja frå 1660 og Leontevskaja-Voznesenskajakyrkja frå 1795.
I Tutajev ligg Tutajev Motorfabrikk, som er ein av dei største produsentane av dieselmotorar i Russland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tutajev, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.